Vodden (Bykle gnr 10/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vodden
Nesland 20.jpg
Vodden Nesland i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Vodden Nesland
Rydda: 1682
Utskilt: 1682
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 10
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Vodden er ein av Neslandgardane i Bykle kommune. Som me har fortalt i bolken om hovudbølet vart dette bruket, som er det vestlegaste av dei gamle gardsbruka på Nesland, utskilt som ein eigen verestad med ei landskyld på 6 kalveskinn alt i 1682, og den fyrste oppsitjaren her var Olav Knutsson.

  • Olav Knutsson Nesland, n 1645-1682, d fyre 1689
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • ? Bjørgulv, n 1664-66, d fyre 1670
  • Tarjei, f ca 1648, d 1720, sjå nedanfor
g 2. m Asgjerd, n 1666-70. Born, ialfall:
  • Knut, f ca 1659, n 1666, seinare lagnad ukj.

Når me trur at Asgjerd må ha vore andre kona av Olav Knutsson er det avdi Tarjei Olavsson ikkje kalla nokon av dei tre døtrene sine for Asgjerd, og då er det snautt om ho var mor hans.

Olav døydde ein gong på 1680-talet, få år etter at han hadde fått deilda ifrå Vodden som eige bruk, og sonen Tarjei vart neste oppsitjar.

  • Tarjei Olavsson Nesland, f ca 1648, d 1720
g m Gunhild Gunnarsdtr. Bjørnarå, f ca 1675, d 1764, sjå nedanfor, jfr. Bjørnarå Der heime. Born, iallfall:
  • Birgit, f ca 1709, g 1732 m Tarjei Hallvardsson Hoftuft, sjå nedanfor
  • Gunhild, f ca 1712, d 1717
  • Gyvi, f 1715, g 1743 m Dreng Olsson Besteland (Valle V, 213)
  • Torleiv, f 1718, g 1748 m Birgit Knutsdtr. Løyland, sjå Bjørnarå Der heime, bnr 2

Gunhild Gunnarsdotter var frå Bjørnarå Der heime, og odelsjente på det bruket. Foreldra hennes var Gunnar Olavsson Bjørnarå og kona, Birgit Arnesdotter.

Etter at Tarjei var død i 1720 vart Gunhild og borna hennes buande. I 1722 gifte ho seg oppatt med Auver Tarjeisson, ein son åt Tarjei Andresson i Holen Der uppe.

Gunhild og Auver budde på Vodden til dei fekk overtaka Bjørnarå Der heime av foreldra hennes i 1729. Det er fortalt noko meir om desse folka i bolken om Bjørnarå, og korleis Auver stuka etter at Gunhild var død i 1764, vert omtala i bolken om Holen.

Om dei tok inn nokon ny brukar på Vodden dei par åra frå Gunhild og Auver flutte åt Bjørnarå og til Birgit Tarjeisdotter gifte seg, er uvisst, men det er godt mogeleg at Birgit og syskena greidde gardsbruket sjølve, eventuelt med noko leigehjelp. Men frå 1732 vart det iallfall skipa ein ny oppsitjarfamilie.

  • Birgit Tarjeisdotter Nesland, f ca 1709, d 1781
g 1732 m Tarjei Hallvardsson Hoftuft, f ca 1691, d 1761. Born:
  • Gunhild, f 1733, g 1751 m Olav Olavsson Gjerden, sjå nedanfor
  • Gunnar, f 1735, d 1737
  • Store-Torbjørg, f 1737, g 1763 m Ånund Såvesson Vatnedalen, sjå Steinstøyl
  • Lisle-Torbjørg, f 1740, g 1764 m Bjørgulv Knutsson Nesland, sjå Nesland Der heime, bnr 2

Tarjei Hallvardsson kom frå Nordigard Hoftuft, bnr 2. Foreldra hans var Hallvard Gunnulvsson Hoftuft og kona, Torbjørg Gunnulvsdotter, fødd Homme (sjå Valle V, 184).

I 1748 gifte Torleiv, bror av Birgit seg. Han og familien hans vart buande her som sambrukarar med Birgit og Tarjei i 10 år, men i 1758 flutte dei til Bjørnarå Der heime, og overtok det bruket. Dei vert nærare omtala der.

Gunhild Tarjeisdotter gifte seg i 1751. Det fyrste året budde ho og mannen som busetar hjå foreldra hennes, men deretter flutte dei til Nordstog Gjerden, som mannen hennes åtte. På skiftet etter Tarjei i 1761 overtok dei bruket her. Men det gjekk endå eitt år eller to fyrr dei flutte hit, for hausten 1762 var det enka Birgit, dei to Torbjørg-ene og ein dreng, som heitte Ånund, som budde her. Sistnemnde var heilt sikkert Ånund Vatnedalen, som året etter vart gift med Store-Torbjørg. Men det var Olav Jåro som hadde fått odelsjenta:

  • Gunhild Tarjeisdotter Nesland, f 1733, d 1819
g 1751 m Olav Olavsson Gjerden, f 1733, d 1809. Born:
  • Ingebjørg, f 1752, d 1752
  • Knut, f 1754, d 1755
  • Knut, f 1756, g 1782 m Asgjerd Jonsdtr. Holen, sjå Sygard Nesland, bnr 3
  • Tarjei, f 1760, g 1785 m Birgit Olavsdotter Dysje, sjå Torsbu Byklum gnr 13, bnr 4, jfr Haugo under Holen.
  • Ingebjørg, f 1764, g 1799 m Kjetil Knutsson Gjerden, sjå Utistog Byklum, bnr 2
  • Targjerd, f 1768, g 1798 m Sigbjørn Åsmundsson Stavenes, sjå Systog Stavenes.
  • Birgit, f 1771, d 1774
  • Olav, f 1775, g 1815 m Ingebjørg Olavsdtr. Holen, sjå Systog Nesland, bnr 4

Som nemnt ovanfor var Olav Olavsson frå Nordstog Gjerden. Olav Knutsson Gjerden og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, var foreldra hans. Olav Knutsson att var bror åt Åvold Knutsson, som hadde overteke Der heime ca 1710.

Etter ei skatteliste frå våren 1788 åtte Olav Olavsson då framleis 6 kalveskinn i Nesland og 3 i Gjerden. Noko seinare same året ser me at Olav og Gunhild ville skifte ifrå seg det dei åtte til borna. Det var nokså mislukka, ettersom det kom fram at dei hadde så mykje gjeld at der omlag ikkje var noko å dele, så skiftet vart aldri avslutta. Av fast eigedom sat dei framleis med Nordstog Gjerden, ser me, men Vodden åtte dei på denne tid ikkje, så denne eigedomen må dei nyleg ha avhenda.

Me har ikkje funne noko tinglysing av dette salet, og kan då ikkje vera heilt sikre på kven kauparen var. Kven me meiner han må ha vore, kjem me straks til, men lat det då fyrst vera fortalt at Olav og Gunhild tykkjest å ha vorte buande som bruksfolk på Vodden i 5 år etter det uavslutta skiftet. Deretter flutte dei frå Nesland til Gjerden. Der var dei båe til dei døydde, han i 1809 og ho 10 år seinare.

Den som overtok Vodden frå Olav Olavsson, var truleg Gunnar Knutsson Nesland. Ikkje så å forstå at det er tvil om at han åtte bruket og budde her, men det er noko uvisst om han kaupte av Olav Olavsson eller om einkvan annan hadde kome imellom. Gunnar Knutsson var son åt Knut Åvoldsson i Der heime, og altså bror åt Bjørgulv Knutsson. Dei fyrste åra etter at han gifte seg i 1769 tykkjest han og huslyden hans å ha budd i Sygard som bruksfolk for bror hans i Der heime, men ca 1778 kaupte han halve Nordtveiti hjå Jon Olavsson Tveiten i Myri Holen, flutte dit, og sat der til 1783. Då kaupte han Holen Der uppe på auksjon etter Alv Andresson, og budde der til utpå 1790-talet, truleg til 1793. Parten sin i Nordtveiti selde Gunnar til Mikkel Olavsson Bratteland i 1791.

Me har ikkje kjennskap til tinglysingar frå denne perioden, men slik me kan få det til å hange i hop har altså Gunnar Knutsson truleg overteke Vodden hjå Olav Olavsson Gjerden i 1788, men likevel budd andre stader inntil Olav Olavsson flutte åt Nordstog Gjerden. Dette må ha vore i 1793. I 1793 fekk Gunnar også heimelen til Sygard i samband med skiftet etter Bjørgulv, broren.

Dermed vart han sitjande med 12 skinn i garden inntil han i 1797 eller 1798 selde det gamle Sygard ifrå og sat att med Vodden og Systog (Neire Sygard).

  • Gunnar Knutsson Nesland, f 1742, d 1819
g 1769 m Gunhild Asbjørnsdtr. Stavenes, f 1741, d 1812. Born:
  • Knut, f 1769, d 1770
  • Knut, f 1771, g 1805 m Birgit Åvoldsdtr. Trydal, sjå Systog, bnr 4
  • Tone, f 1774, d 1790, drukningsulukke
  • Olav, f 1780, d 1780
  • Olav, f 1781, g 1816 m Tone Tarjeisdtr. Nesland, sjå Dysje, gnr 8

Gunhild Asbjørnsdotter kom frå Systog Stavenes, bnr 6. Foreldra hennes var Asbjørn Sørensson og kona, Tone Olavsdotter, fødd Stavenes. Etter at dei flutte hit, vart Gunnar og Gunhild truleg buande her så lenge dei livde, iallfall ser ein at Gunnar betala skatt for at han bruka 9 skinn på Nesland så seint som i 1818. Men i 1811 hadde han selt Vodden til Astrid Bjørgulvsdotter Tveiten for 543 riksdalar. Astrid var dotter åt Bjørgulv Knutsson og altså brordotter åt Gunnar. I 1811 var ho nyslege enke etter Ånund Hallvardsson på Heimtveiti. Det merkelege er at same dagen som ho kaupte Vodden av Gunnar Knutsson, selde ho bruket vidare til den ugifte systera, Hæge, for tiandeparten av den prisen ho sjølv hadde gjeve. Kva som kan ha vore bakgrunnen for denne handelen er ikkje så godt å vita, men Astrid var barnlaus, og med å overdraga til systera sikra ho at eigedomen vart i ætta. I 1814 gifte Astrid seg omatt med Ditleiv Bratteland, og det ser ut til at Astrid og Ditleiv bruka Vodden etter Gunnar Knutsson frå ca 1819. Eigaren var då framleis Hæge Bjørgulvsdotter.

Då Hæge døydde i 1831 vart Olav Knutsson og Gunhild Bjørgulvsdotter i Der heime eigarar av Vodden, medan Astrid og Ditleiv på Vodden fekk eigedomsretten til Der heime. Båe dei to para tykkjest for den skuld å ha vorte verande der dei var - når kvar av dei åtte det bruket dei hine budde på, gjekk det vel opp i opp.

Dette biletet av høyhenting frå ein stakk i marka skal vera teke på Nesland på 1930-talet. Både den avbilda personen og fotografen er uidentifiserte, men bortsett frå sixpencen på hovudet av køyrekaren kan vel motivet oppfattast som tilnærma tidlaust. Bilete frå Folke Nesland.

I den gamle gards- og ættesoga (71) står det at Astrid og Ditleiv budde i Systog eller Neire Sygard, bnr 4, etter at Knut Gunnarsson var der. Knut døydde i 1821 veit me, men me trur ikkje det kan stemme at Astrid og Ditleiv overtok det bruket etter han. Me har ikkje sett noko som peikar i den lei, og kan heller ikkje sjå nokon rimeleg grunn til at dei skulle ha flutt frå eitt av dei to større av neslandbruka til eitt av dei to mindre. Men ettersom me har nokså dårleg med skattelister frå denne tida, kan me vel ikkje slå 100 prosent fast at dei aldri sat i Systog. Likevel meiner me altså at dei helst heldt til på Vodden til Ditleiv overtok Bratteland i 1835, eller kanskje endå eit bil lenger, men så flutte dei åt Bratteland. Astrid Bjørgulvsdotter døydde der i 1844 og Ditleiv i 1845. Etter at Astrid var borte, åtte Olav Knutsson og Gunhild Bjørgulvsdotter i Der heime både Vodden og Der heime.

Neste oppsitjar på Vodden vart eldste son deira. Han hadde nok overteke bruken av eigedomen ei god stund fyre han vart formell eigar, for han gifte seg i 1840, og då hadde Astrid og Ditleiv forlengst flutt åt Bratteland.

I samband med den formelle overtakinga i 1852 vart halve Der heime kløyvd ifrå det bruket, og overført til Vodden, som dermed vart langt det største av bruka på Nesland, med ei landskyld tilsvarande dei tre andre til saman.

I skøytet frå Olav og Gunhild til sonen frå 1852 vert vederlaget oppgjeve til 63 riksdalar og foddog. Dermed går me over til den nye eigaren:

Heimegjorde skeiser frå Nordbygdi. Folk har tykt moro i å skeise langt attover i tida, skjønar me. Skeisene her ligg i Henriksensamlinga, der dei har fått reg.nr MOR00025. Setesdalsmuseet skaffa biletet.
  • Knut Olavsson Nesland, f 1816, d 1888
g 1840 m Tore Olsdtr. Løyland, f 1820, d 1898. Born:
  • Gunhild, f 1841, d 1841
  • Gunhild, f 1842, g 1862 m Olav Drengsson Byklum, sjå Innistog Byklum, bnr 1
  • Olav, f 1845, d 1845
  • Torbjørg, f 1846, d 1846
  • Torbjørg, f 1847, g 1870 m Såve Eivindsson Trydal, sjå Storstein Trydal, bnr 3
  • Olav (e.), f 1851, g 1875 m Birgit Drengsdtr. Lunden, til Amerika 1900, sjå nedanfor
  • Margit, f 1854, g 1875 m Jon Andresson Brotteli, sjå nedanfor, jfr. Brotteli
  • Olav (y.), f 1858, til Amerika 1881, g 1909 m Birgit Hallvardsdtr. Flateland, (jfr Valle VI, 181), sjå Nistog Byklum, bnr 10
  • Bjørgulv, f 1860, til Amerika 1882, g 1921 m e Sigrid Arnesdtr. Byklum, sjå Hagen Byklum, bnr 24
  • Knut, f 1864, d 1865

Tore Olsdotter var frå Innistog Løyland, bnr 3. Foreldra var Olav Nilsson Husevoll frå Tinn og tredje kona, Torbjørg Torleivsdotter, fødd Løyland.

Knut og Tore husa opp bruket. Fyrst kom uthusbygningen, med fjøs og løe under same taket. Dette huset sto klart til bruk i 1855. I 1865 hadde dei også den nye stogebygningen ferdig. Det er ei setesdalsstoge i halvanna høgd med ei grunnflate på 84 kvadratmeter. Over inngangspartiet er det ark, og stoga vart i samsvar med den tradisjonelle byggjeskikken oppsett i flukt med det gamle loptet på garden, datert til 1655, slik at loptet ligg under same takflata som stoga. Vidare skal nemnast at andre høgda i loptet sidan har vorte kledd ihop med stoga, og med same panelen, så på litt avstand tek dei to husa seg ut som eitt.

Buskapen på bruket i 1865 var hest, 11 storfe, 23 sauer og 13 geiter. Dei sådde 4 tunner bygg og sette 6 tunner jordeple.

Dette er ein sigd, ikkje ein ljå, men dei eldste sigdane var laga som små stuttorvar. Når Svenke smidde ljåar, gjorde han sikkert også sigdar. Den på biletet er frå Henriksen-samlinga. Setesdalsmuseet skaffa biletet og registrerte sigden som MOR0009.

I 1875 budde det også ein familie til på Vodden. Det var Torbjørg Olavsdotter, syster av Knut, og mannen hennes, som heitte Svenke Knutsson Dale. Dei var busetar her på denne tid. Svenke var rett nok ikkje til stades den dagen då folketeljinga fór, for han «reiser meget omkring på fortjeneste som smed», står det. Men det kan ikkje ha vore så rare fortenesta, for Torbjørg vert i folketeljinga kalla «fatiglem». Ettersom ho vaks opp på Vodden, budde her i mange år som vaksen, og også åtte ein part i bruket ei tid, set me inn det me kan vita om henne og familien hennes her.

  • Torbjørg Olavsdotter Nesland, f 1813, d 1889
g 1850 m em Svenke Knutsson Dale, f i Hornnes 1804, d etter 1875, fyre 1889. Born:
  • Olav, f 1851, d 1871, ug
  • Gyro, f 1853, d 1853
  • Gyro, f 1854, g 1889 m Torkjell Mikkelsson Nesland, til Amerika 1892, sjå nedanfor

Foreldra av Svenke Knutsson var Knut Svenkesson Breive og kona, Gyro Sigurdsdotter, fødd Rygnestad. Desse budde fleire stader, såleis m.a. i Ørnefjødd og på Flateland, Rygnestad og Røysland i Valle. Dessutan var dei i Hornnes eit tak ved det leitet då Svenke vart fødd (Valle VI, 241). I den gamle gards og ættesoga (173) er dei oppførde under Ørnefjødd. Etter det Gisle Midtun veit å fortelje i artikkelen «Kunstarbeid og handverk» (i Norske bygder, bd I, Sætesdalen, Kra. 1921, 260) var Svenke Knutsson ein flink og nokså godt kjend ljåsmed.

Svenke gifte seg fyrste venda i 1830 med Gunvor Gunsteinsdotter Trydal, ei dotter av Gunstein Såvesson Stavenes og Hæge Gunsteinsdotter Berdalen, andre kona hans (sjå Moen i Trydal). Med henne fekk han sonen Knut, f 1833, som sidan heldt til på plassen Lyngbakken under Innistog Dale (jfr. Valle VI 32). Så vart Svenke enkemann i 1849, og året etter gifte han seg oppatt med Torbjørg Nesland, slik det står i familielista ovanfor.

Om ein skulle tru ættesogemanuskriptet av Tellef B. Nesland frå 1939, som me elles har funne mange gode opplysningar i, hadde Torbjørg ervt ein fjerdepart av Vodden etter foreldra. I røynda må dette ha vore ein fjerdepart av Vodden og Der heime ihoplagt, meiner me, for det hadde ho krav på etter erverettsreglane.

Ein fjerdepart av Vodden og Der heime ihop tilsvara ein tredjepart av Vodden. Nå har me ikkje funne noka tinglysing av denne eigedomsparten, og me trur heller ikkje at ho fekk noko eige bruk utskilt. Men etterdi kyrkjeboka omtalar Svenke Knutsson som sjølveigar på Nesland i 1853 og 1854, har ho nok fått ein ideell eigardel, slik at ho og mannen har hatt krav på å dele bruken av eigedomen med bror hennes. Nå er ikkje Tellef B. Nesland alltid så presis i formuleringane at det er heilt lett å skjøne kva han meiner, men om me les han rett, har Knut Olavsson, bror av Torbjørg, sidan kaupt att denne erveparten. Dette må då også i og for seg reknast som mykje truleg, ettersom me finn Torbjørg og Svenke som busetar i Bjones i 1865, slik det er fortalt under det bruket, og, som me var inne på ovanfor, som busetar her på Vodden i 1875.

Svenke tykkjest ikkje vera gravlagd i Bykle eller Valle, så me veit ikkje kor lenge han livde, men Torbjørg var enke då ho døydde på Vodden i 1889, så han har iallfall fare fyre henne.

Dottera Gyro vart i 1889 gift med Torkjell Mikkelsson Nesland, ein son av Mikkel Torkjellsson Rygnestad og kona, Gunhild Arnesdotter, fødd Flateland (jfr. Valle VI, 327). Torkjell og foreldra hadde flutt til Sygard Nesland ilag med broren, Arne, i 1885. I 1892 reiste Gyro og Torkjell til Amerika. Med seg hadde dei borna Mikkel, f 1890, og Gunhild, f 1891.

Dermed skulle me vera ferdige med busetane i 1875, og kan vende attende til dei som åtte garden ved desse leite. Nett kva tid Store-Olav Knutsson overtok bruket frå foreldra veit me ikkje, då ingen heimelsovergang vart tinglyst. Men av folketeljinga går det fram at generasjonsskiftet då må ha vore under fyrebuing, ettersom sonen alt bruka 2/3 av garden, og far og son var eigarar av kvar sine buskapar. Her har me likevel talt dei to kreturflokkane i hop til ein.

Den samla buskapen i 1875 var hest, 10 kyr og 3 ungnaut, 28 sauer og 15 geiter. Sånaden var 4 1/2 tunner bygg og 7 tunner jordeple. På denne bakgrunnen skulle ein tenkje at garden har vore i nokså god stand, då Olav overtok.

Gunhild O. Nesland og mannen, Lisle-Knut O. Byklum. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Gunhild O. Nesland og mannen, Lisle-Knut O. Byklum, med de to eldste borna framfor den fyrste heimen sin i Amerika. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Olav Knutsson Nesland, f 1851, til Amerika med kone og born 1900
g 1875 m Birgit Drengsdtr. Mosdøl, f 1856. Born:
  • Knut, f 1876, d 1893
  • Dreng, f 1879, d 1879
  • Tore, f 1880, g i Amerika m Olav T. Byklum, Utistog, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1883, g i Amerika m Knut O. Byklum, Innistog, sjå nedanfor
  • Dreng, f 1885, til Amerika 1900, ug, sjå nedanfor
  • Knut, f 1887, d 1887
  • Knut, f 1888, d 1888
  • Jorunn, f 1890, d 1890
  • Knut (e.), f 1891, til Amerika 1900, ug, sjå nedanfor
  • Knut (y.), f 1894, d 1894
  • Jorunn, f 1898, g i Amerika m Olav Stavenes, sjå nedanfor
  • Tillie (?), f i Amerika ca 1900 (?), g m E.O. Sabo, sjå nedanfor

Birgit Drengsdotter var frå Lunden Mosdøl, bnr 1. Foreldra hennes var Dreng Hallvardsson Mosdøl og kona, Gunhild Taraldsdotter.

I 1885 vart det teke opp eit lån på kr 1500 hjå Oplysningsvæsenets Fond. Ettersom Knut Olavsson ikkje hadde skøytt garden over på sonen, var det han som måtte stå som låntakar, men Olav Knutsson gjorde ei påteikning på obligasjonen, der det sto at han hadde teke over, og at han gjekk god for gjelda. Denne gjelda var sikkert tung nok, men det kom nok også anna i tillegg. Sumaren 1899 gjekk garden under hamaren, og den som fekk tilslaget var handelsmannen Søren Lund. Prisen var 4000 kr.

Olav og Birgit vart buande på Vodden eitt års tid etter auksjonen, men 13.6. 1900 tok dei ut med eit emigrantskip frå Kristiansand. Reisemålet var i fylgje emigrantprotokollen Nord-Dakota, men etter kvart hamna dei likevel i Spruce Grove Township, Beltrami County, ikkje langt unna der byen Grygla sidan skulle liggje, i det nordvestre hyrna av Minnesota. Her fekk dei seg land og dreiv farm.

I bolken om Nordstog Trydal er det fortalt noko meir om Grygla, Minnesota. Dei opplysningane me har å leggje fram om denne staden, og dei som der budde, er i hovudsak henta frå boka Grygla. The biggest town of its size. 75 years of history, 1917-1992, Grygla 1992.

Dreng, Knut og Jorunn fylgde foreldra til Grygla. Tore, eldstedottera, reiste etter dei i slutten av august same året. Ho gifte seg i 1903 med Olav Torleivsson Byklum, fødd 1874, ein son åt Torleiv Drengsson i Utistog Byklum og kona, Anne Hallvardsdotter, fødd Nesland. Olav hadde reist til Amerika i 1897. Tilliks med verforeldra dreiv han farm i Spruce Grove Township. Han døydde ved juletider i 1966. Tore vart gravlagd i Grygla i 1959. Ho og Olav hadde 5 born: Tellef, Anna Mae, Betsy, Ole og Tilda. Ole liver framleis (mai 2002) i Grygla, 89 år gamal.

Gunhild O. Nesland gifte seg med Lisle-Knut Olavsson Byklum, ein son åt Olav Drengsson og kona, Gunhild Knutsdotter, fødd Nesland, som budde i Innistog. Knut var fødd 1875, og reiste til Amerika 1893. Gunhild og Knut budde fyrst nokre år i nærleiken av Spokane, Washington, men dreiv sidan farm i Spruce Grove Township, Marshall County, Minnesota, deretter i Beltrami Township, Marshall County. Båe dei sistnemnde stadene ligg i nærleiken av Grygla, og som pensjonistar flutte dei inn til den byen. Dei hadde tre born: Olav, Oliver og Gena.

Knut O. Nesland deltok 3 år i fyrste verdskrigen, der han tenestegjorde ved eit feltsjukehus i Frankrike. Sidan dreiv han og broren, Dreng, farmen etter foreldra i Beltrami County i mange år. På sine eldre dagar flutte dei til International Falls, Minnesota, på den kanadiske grensa. Båe brørne var ugifte.

Jorunn O. Nesland, f 1898, som i Amerika nytta fyrenamnet Julia, skal etter Gryglas jubileumsbok ha vore gift med ein Olav Stavenes. Me veit ikkje heilt visst kven denne Olav-en var, men held ein knapp på at han var fødd i 1888 som son åt Olav Olavsson Stavenes og kona, Anlaug Torleivsdotter, fødd Holen, som emigrerte i 1883 (sjå Holen, gnr 12). Iallfall budde Jorunn og Olav i Spruce Grove Township, Marshall County, nær Grygla. Om ikkje Olav skifte etternamn, har nok Jorunn vore gift to vender, for i 1959 vert ho omtala som Mrs Dvergsteen. Då budde ho i Greenbush, Minnesota.

Det skal også ha vore ei syster av dei omtala som heitte Tillie. Ho må då ha vore fødd etter at familien kom til Amerika. Iallfall var denne Tillie Nesland gift med ein E. O. Sabo, som var prest i den lutherske kyrkja i Grygla.

Men nå lyt me vende merksemda frå Amerika og attende mot Nesland. Då Søren Lund kaupte bruket, og Olav K. Nesland drog til Amerika, overtok Åsmund Pålsson på Ryningen gardsdrifta her ei stund. Han flutte då hit med huslyden sin, og let Ryningen stå tomt (sjå bolken om Ryningen). Hausten 1903 selde Søren Lund Vodden til Jon Andresson Brotteli. Prisen då var 3500 kr, dvs. 500 kr mindre enn Lund hadde gjeve. Men denne handelen gjekk inn i eit makeskifte med Brotteli, som Jon samstundes skøytte over til Lund. Jon Brotteli flutte hit, og Åsmund Pålsson drog då attende til Ryningen.

Jon Brotteli var gift med Margit Knutsdotter Nesland, syster åt Olav Knutsson. For nærare omtale av desse folka syner me til bolken om Brotteli. Margit døydde på Vodden i 1914, Jon 2 år seinare. Mange av borna deira drog til Amerika.

Knut Jonsson Nesland. Bilete frå ca. 1912.
I 1940 vart det påbode at alle laut gå med pass på seg. Denne flokken med nordbygdingar har møtt fram ved skulen for å verta fotograferte. Tidspunktet er anten hausten 1940 eller våren 1941. Attarst frå venstre: Knut O. Nesland Nordstog, Folke T. Nesland Der heime , Knut J. Nesland Vodden, Gyro O. Nesland Viki , Olav F. Nesland (e.) Der heime, Olav K. Nesland Nordstog, Bjørgulv F. Nesland Viki, Olav F. Nesland (y.) Der heime,Torleiv F. Nesland Der heime. Midtrekkja: Gunvor A. Nesland Sygard, Gunhild J. Nesland Nordstog, Anne F. Nesland Der heime, Asgjerd F. Nesland Der heime, Birgit F. Nesland Der heime (i strikkejakke), Ingebjørg B. Nesland Der heime (litt synleg i stakk), Anne Nesland Vodden, (i stakk,) Eli F.Nesland Der heime, g.Stavenes (i stakk). Framme: Knut K. Nesland, Vodden, Gunnar K. Nesland Vodden, Hallvard K. Nesland Vodden, Margit K. Nesland g Nordtveiti, Tore Nystog Byklum, Jorunn A.Nesland Sygard. Foto: Jon O. Løyland. Frå samlinga til Setesdalsmuseet.
Knut Jonsson Nesland (1885-1979) og kona, Anne Gunnarsdotter, f Holen (1903-1993). Dei gifte seg i 1923. Biletet er teke i stoga i Listog ca 1950
Margit K. Nesland, f 1925, eldste dotter åt Knut Jonsson og Anne Gunnarsdotter. Margit gifte seg i 1947 med Ånund Tarjeissson Tveiten frå Nordtveiti. Biletet her er funne i samlinga etter Olav G. Holen. Det er tydelegvis teke av ein profesjonell fotograf, men utan at me veit kven. Helst skriv det seg frå åra 1945-47.

Dit ville også Knut, eldstesonen reise, og skaffa seg i 1904 attest hjå presten med sikte på dette. Men det vart ikkje noko av at han emigrerte, og i 1910 ser me at han overtok bruket her frå foreldra.

  • Knut Jonsson Nesland, f 1885, d Vennesla 1979
g 1923 m Anne Gunnarsdtr. Holen, f 1903, d Vennesla 1993. Born:
  • Margit, f 1925, husmor, g 1947 m gbr og tømrar Ånund Tarjeisson Tveiten, Nordtveiti, f 1918, d 2001, busett Askedalen, Vennesla, born:
  • Torgeir, f 1948, g m Bjørg Isaksen, Bodø, busett Vennesla
  • Gunhild, f 1952, g m Vidar Haugen, Kristiansand, busett Kristiansand
  • Anna, f 1956, g m Per Lüdemann, Ørlandet, busett Vennesla
  • Kristine f 1961, g m Eirik Vigsnes, Vennesla, busett Vennesla
  • Knut f 1966, busett Vennesla
  • Gunhild, f 1956, d 1964
  • Anne Kristine, f 1960, g m Dag Brekkan, Kristiansand, busett Kristiansand
  • Gunhild, g m Per Øyvind Hinna, Stavanger, busett Stavanger
  • Jon, f 1928, d 1999, g m Sigrid Olavsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Gunnar, f 1930, d 2005, gartnar, sidan ind.arb., g m Bjørg Marit Øvrebotten, Svelgen, busett Lundegrend, Tysnes, born:
  • Torill, f 1958, g m Oddleiv Vevatne, Tysnes, busett Tysnes
  • Knut f 1963, sb m Kirsti Sunnfjord, Fusa, busett Tysnes
  • Knut, f 1932, byggmeister, d 2001, g m Astrid Røed, busett Kristiansand, born:
  • Tarald, f 1934, d 1940
  • Hallvard, f 1936, lærar, g 1968 m Ingebjørg Bjugsdtr. Harstad, busett Askedalen, Vennesla, born:
  • Anne Berit, f 1969 gm Bjørn Arne
  • Kjell Birger f 1971
  • Gunnar, f 1963, g m Lise Haugstvedt, Bergen, busett Bergen
  • Torill, f 1964 g m Øyvind Lien, Drammen, busett Valle

Anne Gunnarsdotter kom frå Myri Holen, bnr 1. Foreldra hennes var Gunnar Olavsson Byklum og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, fødd Nesland Der heime. Knut og Anne dreiv bruket med hest, 4-5 kyr, 10-15 sauer og 15-20 geiter til eldstesonen overtok. Han fekk skøyte i 1961, men i praksis hadde han overteke nokre år tidlegare.

  • Jon Knutsson Nesland, f 1928, d Vennesla 1999
g 1954 m Sigrid Olavsdtr. Stavenes, f 1928. Born:

Sigrid var frå Utistog Stavenes. Foreldra hennes var Olav Torleivsson Stavenes og kona, Gunhild Olavsdotter, fødd Hoslemo. Sigrid og Jon dreiv gardsbruket til 1967. Då flutte dei til Vennesla, der han fekk seg arbeid som bygningsmann. Foreldra hans vart med til Vennesla, og fleire av syskena hamna også der.

Etter at Jon døydde har Sigrid stått som eigar av bruket. Husa på garden, både uthuset, stoga og loptet frå 1655, som er ihopbygt med stoga, tykkjest vera i svært god stand, noko som sikkert har samanheng med at Jon Knutsson var snikkar.

Som me var inne på innleiingsvis var Vodden det bruket som tidlegast vart utkløyvd frå hovudbølet Der heime. I motsetnad til Der heime fekk bruket her sidan gardsvaldet sitt monaleg auka, og vart heller ikkje utsett for vidare deling. Dette er då forklaringa på at Vodden har både den høgste skylda og det største arealet av neslandsgardane.

I samband med jordskiftet, som vart avslutta i 1988, vart utmarka her oppmælt til å vera på 7765 mål. Innmarka var fyre oppdemminga på omlag 35 mål, men denne er det nå lite att av. I tillegg til den heileigande utmarka kjem brukets del av det store heieområdet som ligg i sameige mellom Nesland- og Tveiten-gardane.


0941 Bykle komm.png Vodden (Bykle gnr 10/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Der heime • Neste bolk: Sygard