Volda lærarskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudbygnaden på Volda lærarskule kring 1950.
Foto: Johan J. Nerbøvik

Volda lærarskule vart grunnlagt i 1895 under namnet «Voldens Privatseminarium». Lærarskulen vart etablert av Aage Stabell og – først og fremst – Henrik Kaarstad. Den var altså privateigd, og gjekk inn i ein meir omfattande tradisjon av kristelege privatseminar, som frå kring 1890 vart oppretta som motvekt mot påverknad frå dei frilyndte, grundtvigianarane.

Frå 1908 vart Kaarstad eineeigar fram til staten tok over skulen i 1924. Namnet Volda lærarskule vart då teke i bruk. Kaarstad heldt fram som rektor til han døydde i 1927, og deretter tok Erling Kristvik over. Han sette djupe spor etter seg som reformpedagog, etter krigen som professor ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim. I 1923 var lærarskulen i Volda den største i Skandinavia med over 400 elevar.

I 1933 fekk lærarskulen løyve til å opprette ein eigen øvingsskule i skulebygget: Statsøvingsskulen. Den var i drift til 1990.

Lærarskulane vart omgjort med ny lov om allmennlærarutdanning i 1973, og vart da «pedagogiske høgskular». Volda tok ikkje i bruk lærarhøgskulenamnet før i 1980, da Noregs lærarhøgskule gjekk inn i Universitetet i Trondheim. I 1994 vart Volda lærarhøgskule ein del av Høgskulen i Volda.

Lærarutdanninga har vore ein viktig del av Skulestaden Volda, ei nemning som blir brukt om tettstaden Volda som eit tyngdepunkt innan høgare utdanning utanom dei større byane i Noreg.

Nokre tilsette

Personar med lærarutdanning frå Volda

Namn Eksamen Yrkeskarriere Samfunnsvirke
Ole Andreassen Aakre (1897-?) 1928 Lærar ved framhaldsskulen i Hovin i Telemark 1928-29 og ved framhaldsskulen i Spydeberg i Østfold 1929-30, Aukra folkehøgskule 1930, lærar og kyrkjesongar i Hyllestad i Ytre Sogn 1931-32, tilsett i same stilling i Sande på Sunnmøre hausten 1932. Organist, songkorleiar og formann i helse- og fråhaldslag.
Maria Bertina Aaland (1895-?) 1918 Lærarinne i Breim 1918, Espevær folkeskule på Bømlo 1921. Frå 1922 var ho lærarinne ved Dale folkeskule, Vik i Sogn.
Anna Aalvik (1896-1987) 1923 Lærarinne ved Heggdal, Hadland og Stapnes skular 1923-28. Frå 1929 tilsett ved Mong skule i Eigersund.
Sigrid Aalvik (1895-?) 1921 Lærarinne ved Vest-Agder flyttande fylkesskule frå 1921.
Asbjørn Olai Aamot (1901-74) 1925 Vikar på ymse stader i fire år, før han i 1931 vart tilsett som lærar i Eikefjord i noverande Flora kommune.
Ole Aarbergsbotten (1893-1974) 1921 Gymnastikkinspektør i Sogn og Fjordane 1919-23, lærar i Gaular frå 1921.
Henrik Olaus Aardalsbakke (1879-1956) 1903 Lærar i Davik frå 1903. Venstre-politikar og bankrevisor.
Peder Severin Aarebru (1905-86) 1926 Huslærar i Luster til 1929, deretter lærar i Årdal. I 1953 vart han styrar ved Farnes skule.
Bernhard J. Aarhus (1880-1947) 1906 Tilsett ved Nordnes skole i Bergen 1909-47. Medlem av skulestyre og sokneråd i Bergen.
Berta Brunborg Aarsand 1914 Lærar ved Sørfjord 3-delte skole i Bindal 1916-31.
Odd Aarsand (1888-1971) 1911 Lærar på Avaldsnes frå 1914. Ordførar i Avaldsnes kommune.
Hallvard Ingolv Aarseth (1899-?) 1921 Lærar i Nesset kommune frå 1925.
Lyder Aarseth (1886-1951) 1907 Lærar i Kautokeino 1913-34, seinare i Vadsø. Ordførar i Kautokeino frå 1923.
Lars Aarskog (1891-1990) 1916 Lærar i Ørsta frå 1918. Formann i ungdomslag, fråhaldslag, lærarlag m.m.
Anders Aarvik (1884-1970) 1904 Lærar i Nord-Aurdal 1904-08, dinest på Eina på Toten. Organist i Eina kyrkje, mykje nytta kommunal ombodsmann på Eina.
Bergit Aasebø (1902–1978) 1925 Lærar på fyrstasjonar, Folldal og Gloppen.
Lovise Heggen (1893-1975) 1914 Lærar i Arendal, heimbygda Valldalen og tre år i Narvik. I 1930 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo med hovudfag i norsk og sidefaga historie og engelsk og vart så lektor ved Volda lærarskule (til 1957). Ap-politikar i Volda, sterkt religiøs, m.a. medlem av Oxfordrørsla.
Liv Eikrem (1927-2008) 1950 Lærar i heimkommunen Aukra
Svein Helgheim (1934-2019) 1962 Lærar i Jølster og Sykkylven. Ordførar og næringslivsmann
Agmund Hole (1878-1940) 1899 Lærar i Hunndalen ved Gjøvik 1899-1939. Korleiar og aktiv fråhaldsmann, samla tradisjonsmusikk frå Vardal.
Peder Kjeldstadli (1879-1974) 1904 Etter ymse vikariat var han lærar ved Disserud skole i Feiring 1909-17, Bjørnsgård skole i Østre Toten 1917-22, lærar og klokkar ved Hoffsvangen skole/Hoff kirke Ø. Toten 1922-46. Tok initiativ til ungdomslags- og sparebank i Feiring, skolestyreformann i Østre Toten.
Nils Lyslo (1900–1959) 1922 Lærer i Åseral, Lærdal og Borgund, Lesja og gamle Bru kommune. En rekke verv, var ordfører i Borgund i Sogn i 12 år.
Amund Mork (1884-1964) 1908 Lærar ved framhaldsskulen i Oppstryn 1908, frå 1909 lærar i Erdal i Stryn. Aktiv ungdomslagsmann, mellom anna styremedlem i Firda ungdomslag. Skreiv Nordfjordsangen.
Svanhild Nesje Lærer ved Mustad skole i Vardal samt i Raufoss. Stiftet barnelaget «Hold ut» på Raufoss. Misjonær.
Ivar A. Røed (1900-1976) 1922 Lærar i Honningsvåg 1922, Rødbøl skole i Hedrum 1923-28. Nanset skole i same kommune 1928-?. Formann i Hedrum Lærerlag, sette i gang organisert utmelding av Norges Lærerlag. Komponist, kordirigent, organist, forfattar, kunstmålar.
Albert O. Sande (1883-1966) 1910 Lærer i Tingvoll kommune på Nordmøre 1910-13, Solvoll skole i Vestre Toten 1913-15. Lærer for storskolen på Elton skole, V. Toten 1915-53. Skolestyreformann i Vestre Toten
Ragnar Standal (1929-2013) 1951 Lærar i Stryn, Lesja og Stryn. Konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane 1984–86, bygdebokforfattar og redaktør i Ørsta 1986-92.
Henrik Straumsheim (1893-1975) 1913 Lærar i Sykkylven (1914-15 og 1919-28), Drangedal (1915-16), Skodje (1916-17) og Møre Folkehøgskole (1928 og ut yrkeslivet, dei siste åra som rektor). Ungdomslagsleiar og lyrikar.
Ingeborg Strømme (1886-?) 1909 Lærar i Ørskog 1910-1917, ved Selbjørn og Lunnøy skule i Austevoll 1917-1942.
Elling K. Tjønneland (1881-1960) 1903 Lærar i Skjåk (Øygard og Gjeilo krinsar) frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. Fråhalds- og målmann, aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Antinazist under andre verdskrigen.
Anders Todal (1884-1963) 1912 Lærar ved framhaldsskulen i Lom 1912-13, Nordmøre Folkehøgskule 1913-20, framhaldsskulen i Sunndal 1920-22, overlærar ved Tromsø lærarskule 1923-25, overlærar ved lærarskulen i Nesna 1925-29, styrar på Nordmøre Folkehøgskule 1929-32, overlærar ved lærarskulen i Volda 1932-34. Lokalhistorikar, statsarkivar i Trondheim 1934-54
Marie Asperheim Torp (1904–1995) 1925 Vikar i Årdal 1925-1930, lærar i Høyanger 1932-1969.

Kjelde

Vidare lesnad