Wattsbu (Bykle gnr 15/58)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Wattsbu
Gjerden 58b.jpg
Wattsbu pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1974
Utskilt: 1977
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 58
Type: Bustadeigedom

Huset på Wattsbu, som skal vera det eldste på byggjefeltet i Nedre Sarv i Bykle, vart oppsett av I/S Øvre Otra i 1974 etter ei fyrebils tomteavtale med Bykle kommune. Papirarbeidet i samband med kaupet av grunnen vart fyrst avslutta i 1977, då tomta vart formelt utskilt frå bnr 11, matrikulert som eiga eining, og skøytt over frå kommunen til kraftselskapet.

Dei som budde her i åra 1974-1978, var byggjeleiaren i Holen kraftstasjon, Nils Borge Romslo, og familien hans. Desse flutte i det sistnemnde året til eit nybygd hus i Berg, gnr 15 bnr 54 Otratun, og er nærare omrødde i bolken om den verestaden.

Etter Romslo budde Rolf Eivind Årheim Aure her. Om han veit me ikkje meir enn at han er ingeniør, fødd 1948, budde her til 1981, og at han pr 2003 har adresse i Røyken i Buskerud.

Dei neste som budde her, flutte inn då Aure flutte ut. Mannen i denne familien er av bykleætt:

  • Gunnar Tarjeisson Trydal, f 1956
g m Oddbjørg Tove Aanensen, f 1958. Born:
  • Elin Merete, f 1981
  • Jan Erik, f 1986
  • Torgeir, f 1987
  • Anne Siri, f 1989

Gunnar vaks opp i Nodeland som son åt Tarjei Torsson Trydal og kona, Gyro Gunnarsdotter, fødd Brokke. Tarjei att var frå Moen Trydal, og son åt Tor Knutsson på det bruket og kona, Torbjørg Jonsdotter, fødd Bjones, medan Gyro var fødd og oppvaksen i Brotteli som dotter av Gunnar Hallvardsson Brokke og kona, Gunhild Taraldsdotter, fødd Hovet.

Oddbjørg Tove er frå Nodeland, og dotter åt Torbjørn og Svanhild Aanensen. Ho er sjukepleiar av yrke.

Gunnar kom til Bykle som ingeniør i I/S Øvre Otra i 1979. Dei fyrste par åra budde dei i sokkeletasjen i Øvre Sarv 64, til huset her kom dei i 1981. Dei var her til 1988, då han fekk seg arbeid i Vest-Agder Energiverk i Kristiansand (nå Agder Energi). Sidan då har huslyden budd i Søgne.

Etter at trydalsfamilien flutte ut, vart her ståande tomt ei tid, men i 1989 leigde Jan og Helga Dalen huset hjå kraftselskapet. Dei bur her framleis (2006).

  • Jan Dagfinn Dalen, f 1959
g m Helga Frøystein Dalen, f 1965. Born:
  • Eivind, f 1989
  • Øystein, f 1994
  • Sigrid, f 1998

Jan er frå Røldal, og son åt Nils og Durdei Dalen. Han er banksjef i Sparebanken SørHovden. Helga er frå Odda, og dotter åt Herborg og Olav Frøystein. Ho arbeider som leiar for SFO i Bykle.

Ekteparet Dalen kom til Bykle i juli 1988. Fyrst budde dei eit snautt år i sokkeletasjen hjå Gyro Nesland (Systog, gnr 14 bnr 41), frå mai 1989 var dei ei stund i ein kommunal bustad i Bjårlii, inntil dei flutte hit 1.12.1989. I 1995 kaupte dei huset sitt hjå kraftselskapet.


0941 Bykle komm.png Wattsbu (Bykle gnr 15/58) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Suistugu • Neste bolk: Legebustad