Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-34

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Væren i Gjesdal sitt kommunevåpen viser både til sauehaldet som landbruk og til ullvareproduksjonen som har så lang tradisjon i bygda.

Husflid og heimeindustri kjenneteikna Rogalands-bygda Gjesdal på 1800-talet. Eilert Sundt omtala bygda som særleg «vinskibelig» (flittig, tiltaksam), og han vigde eit eige kapittel til Gjesdal i boka si Om Husfliden i Norge frå 1867. I fyrste rekkje dreia det seg om ullspinning og marknadsretta vadmålsveving, men også handverksproduksjon for sal av ljåar, vognhjul og anna utstyr og reiskapar til jordbruket. Særlig utviklinga av ullvareproduksjonen er eit eksempel på heimeindustri eller «protoindustri» som utviklar seg i ubroten linje til moderne maskinbasert storindustri. Medan Gjesdal før 1870 var ei rein landbruks- og handverksbygd, var det i 1915 11 til dels store industriverksemder der med ei industrisysselsetjing på 331 årsverk. Fremst blant desse verksemdene var ullvarefabrikken som Ole Nielsen bygde opp på Ålgård frå 1870 av (A/S Aalgaards Uldindustri frå 1874).Les mer...