Ole Andreas Knudsen Andestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Andreas Knudsen Andestad (fødd 1811 i Sykkylven, død 27. april 1887 i Ålesund) var fotograf i Sykkylven og Ålesund. Han var truleg utdanna som urmakar, med fotografering som attåtnæring.

Han reiste til Hamburg i 1855, kor han lærte fotografering og urmakarkunst. Det er tydeleg at Andestad har hatt band til fotografen Niels Trost Nielsen i 1860-åra, for han vert nemnd eit par gonger i manuskriptet som Nielsen laga om sine erfaringar som fotograf i Ålesund. Andestad hadde truleg atelier i Ålesund. Han var ein av de fyrste fotografane på Sunnmøre, og kanskje den fyrste fastbuande fotografen i Ålesund frå omkring 1856 til omkring 1880. Bevarte bilete tatt av han frå 1860- og 1870-åra. Representert med fotografi i boka Bygda og folket i farne tider av Jon Hole, Sykkylven, 1988.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Ole Andreas Knudsen Andestad er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.