Martinus Eliassen Askeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Martinus Eliassen Askeland (fødd 6. april 1896 i Ugla, daud 29. januar 1948 i Måløy) var fotograf.

Han var son av Elias Andreas Steffenson og Helena Elisa Rasmusdotter Hamre. Under fyrste verdskrig var han signalmann på Kvarven, og der lærte han fotokunsten på fritida. Heimkommen frå Kvarven då krigen slutta tok han så smått til med fotografering og blei kjend som ein dyktig fotograf. I 1920-åra flytta han til Måløy, der han sidan dreiv fotografering. Han var den fyrste i området som tok panoramabilete. I unge år ga han ut boka Interessante eksperimenter. Han fotograferte båe folk og hendinger. Frå fyrst i 1920-åra finst eit fotografi av nokre gamle fiskarar i ein seksring med råsegl. Personar på biletet er identifiserte, og biletet tidfesta til omlag 1923. Bileta hans er lettgjenkjennelege og likeleis kulissane hans.

Askeland var med i Frelsesarmeen frå han kom til Måløy til han døydde. Folk kalla ham Askeladden. Ugift.

Kilder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Martinus Eliassen Askeland er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.