Aake O. Verdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aake O. Verdal.
Foto: 1907 (Ukjend).
Utdrag frå «Ein hugvend» i Den 17de Mai 7. november 1898 - fråhaldssak på Aake O. Verdal sitt særeigne mål.

Aake O. Verdal (fødd 20. desember 1877 i Inderøy, død 2. august 1973) var lærar, journalist, fråhaldsmann, målmann politikar og småbrukar. Han reiste mykje rundt på bygdene i Trøndelag og talte om både fråhalds- og målsaka. Både lokalt og i målrørsla vart han sett på som noko av ein original, som mellom anna utvikla ein eigen språknorm med grunnlag i landsmål og trøndsk.

Slekt og familie

Han var son av Hans Lorentsen (f. 1840) og Anne Olava Aagesdatter Verdal (f. 1846), og vart fødd utafor ekteskap.

I 1935 vart han gift med Dina Honningsvåg frå Nordfjord.

Liv og virke

Han vart døypt Aage Olaf, og vart då oppkalle etter morforeldra Aage og Olava Verdal. Namneforma Aake tok han seinare, og ofte skreiv han seg berre «Aa. O. V.» – same initalar som Aasmund Olavsson Vinje.

Han vaks opp på mora sin slektsgard Nordre Verdal, saman med mora og mormora Olava Verdal. Seinare fekk han skild ut ein eigedom der og bygde heimen Veradal.

Han gjekk først på heimeskule, og i heimen oppmoda dei han til å lese og skrive. Så følgde folkeskule og framhaldsskule, og deretter amtsskulen i Leksvik. Fra 1896 til 1898 gjekk han så på lærarseminaret i Seljord. Det vart òg studier ved Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania ei kort tid, men han måtte dra heim då pengane tok slutt. I 1906 hadde han eit opphald på Askov folkehøgskule i Danmark, noko som påverka han sterkt.

Etter tida i Danmark vart han lærar. Ved sidan av den vanlege lærarjobben heldt han òg målskule på kveldane. Då han vart aktiv i fråhaldssaka i 1893 tok han til med å reise rundt på bygdene for Det Norske Totalavholdsselskap (DNT). I 1904 kom han første gongen inn i styret i Inntrøndelagen fylke av Det norske totalistlag, og 1912 til 1915 var han formann der. I 1961 fekk han Klostermedaljen for sitt arbeid for fråhaldssaka.

Under fråhaldsforedraga nytta han gjerne høvet til å snakke om målsaka òg. Arne Garborg og Rasmus Steinsvik prøvde å få han til å verte bladstyrar i Den 17de Mai, men Verdal takka nei til det. I staden skreiv han særleg epistlar i blad og aviser, og aller mest i Trønder-Avisa i Steinkjer. Som nemnd skreiv han som han sjølv ville, på landsmål med eit kraftig innslag av trøndsk.

I politikken engasjerte han seg først i Arbeiderpartiet, og sat i heradsstyret og formannskapet i Inderøy. Seinare gjekk han over til Kristeleg Folkeparti.

I 1913 var han med på å starte opp Inderøy Samvirkelag, og han vart nestleiar i styret. Han var i 1916 med på å skipe Inderøy Bonde- og småbrukarlag, og vart òg der vald inn i styret.[1]

Elias Grande i 1963 vart dømd til tre års fengsel for underslag mot Leksvik Sparebank var venen Aake O. Verdal ein av dei som offentleg støtta han og ba om at han måtte få slippe soning. Det var mange som meinte det ikkje var rett at den den tidlegare ordføraren og motstandsmannen Grande måtte sone, men eit underslag på 1,2 millionar som førte til to konkursar var ein alvorleg sak.

I dei siste åra han levte gav han ut dei tre bøkene Glitt og skimt (1967), Nye glitt og skimt (1969) og Fleire glitt og skimt (1972), med artiklar om ulike tema.

I 2017 hadde Inderøy bygdemuseum, som heldt til i Aake O. Verdal sin barndomsheim, ein utstilling om han.[2]

Referanser

  1. «Jubilerte på årsmøtet» i Inderøyningen 2016-02-05. Digital versjonNettbiblioteket
  2. «Aake O. Verdal» i Inderøyningen 2017-06-23. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder