Ampersbu (Bykle gnr 15/52)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Ampersbu
Gjerden 57c.jpg
Ampersbu 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1974
Utskilt: 1976
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 52
Type: Bustadeigedom

Ampersbu i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1976, då Bykle kommune selde tomta til I/S Øvre Otra. Kraftutbyggjaren hadde ført opp ein tenestebustad her året året fyre.

Dei fyrste som budde her var Olav Vallevik og familien hans.

  • Olav Nordli Vallevik, f 1945
g m Grethe Wergeland, f 1944. Born:
  • Gyri, f 1969
  • Trude, f 1972

Grethe er frå Bergen, og dotter åt Ole og Kaia Wergeland. Medan dei budde i her i bygda arbeidde ho som sekretær i Bykle kommune. Olav er frå Hardanger, og son åt Gjert og Anne Vallevik. Han er sivilingeniør, og arbeidde for I/S Øvre Otra. Etter tida i Bykle har han vore med på mange kraftanlegg, nokre av dei i Noreg, men mykje av tida har han vore i utlandet, i Lesotho, Kashmir og Tanzania. For tida [2004] arbeider han i NVK Vandbygningskontor, og har base i Ski.

Etter at Vallevik flutte frå Bykle hausten 1976, budde Reidar Ove Mork og familien hans i huset her, inntil dei i 1984 flutte til Otratun, gnr 15, bnr 54. Dei vert nærare presenterte i bolken om den verestaden.

Då Mork sine flutte ut, kom her ein ny familie:

  • Eivind Mauland, f 1956
g m Wenche Marie Rosseland, f 1957. Born:
  • Rune, f 1980
  • Siv Marie, f 1982
  • Eirin Katrine, f 1994

Wenche Marie er frå Hægeland, nåverande Vennesla kommune, og dotter åt Mikal og Solveig Rosseland. Eivind er også frå Hægeland, og son åt Jon og Målfrid Mauland. Han er utdanna i utmarksforvalting, og arbeidde som fjelloppsynsmann for I/S Øvre Otra og Direktoratet for jakt, viltstell og fiske i åra 1983-1986. Stillinga hans var ein del av konsesjonsvilkåra, og han var såleis ikkje ein av dei vanlege tilsette i kraftselskapet. Dermed var han heller ikkje høgt prioritert mot. husvære, så dei to fyrste åra i Bykle budde han åleine i sokkeltasjen hjå Ingebjørg Mosdøl, medan familien var att i Hægeland. Då han fekk leige huset her, fekk han rom til familien, men våren 1986 laut dei avgjeva bustaden, og flutte då til Valle. Seinare same året reiste dei til Finnmark, der Eivind arbeidde for Statens skoger. Nå (2006) er dei attende i Hægeland, der dei driv farsgarden hans ved sidan av at han er utmarkssjef i Agder Skogeierforening.

Då familien Mauland flutte ut, flutte Ole Morten Egeland inn. Han og familien hans bur her framleis (2006). Dei leigde huset hjå kraftselskapet inntil dei kaupte det i 2002.

  • Ole Morten Egeland, f 1957
g 1985 m Rønnaug Torvik, f 1956. Born:
  • Sigrun, f 1989
  • Ragnhild, f 1992
  • Ingvild, f 1994
  • Olav Magnus, f 1997

Rønnaug vaks opp i Rauma og Sauherad. Ho er dotter åt Gunvald Magnus Torvik og Paula Ørjasæter Torvik. Ole Morten Egeland er frå Kristiansand, og son åt Olav og Margit Egeland. Rønnaug er logoped og lærar. Ho kom til Bykle i 1981. Ole Morten er avdelingsingeniør i Agder Energi.


0941 Bykle komm.png Ampersbu (Bykle gnr 15/52) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Ohmsbu • Neste bolk: Furuheim

Koordinater: 59.3574° N 7.36102° Ø