Anders Todal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. nov. 2011 kl. 06:45 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Litt redigering. Bilete i onlyinclude)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders (Andersson) Todal (fødd 12. november 1884 i Aure, død 5. mars 1963 i Trondheim) var skolemann, underoffiser, arkivmann og lokalhistorikar, statsarkivar i Trondheim 1934-1954. Han var ein markant representant for den sterke Venstre-tradisjonen innan norsk lokalhistorie og kulturarbeid generelt.

Familie og barndomsmiljø

Frå Todal, grenda der Anders Todal hadde oppveksten sin.
Foto: Olve Utne

Han var fødd og oppvaksen i Todalen i Aure kommuneNordmøre. Foreldra var gardbrukarparet Anders Jakobsson og Karen Andersdotter Todal. Anders Andersson var den yngste av fire sysken. Han gifta seg i 1918 med Anna Sofie Hove frå Frosta. Dei fekk to døtrer, Karen og Ingebjørg.

Barndomsheimen til Anders var bruket Kjerra av den mangbølte garden Todal i Indre Aure. Garden med sine mange heimar var nærmast å rekne som ein tettstad i bygda. Det budde over 120 menneske der i 1900.

På heimstaden var Anders Todal omgjeven av eit miljø sterkt prega av norskdomsidealisme, fråhaldssak, skyttarvesen og Venstre-politikk generelt, og han slutta sjølv til fulle opp om denne rørsla alt frå ungdommen av og livet ut. Svært mange av mennene i den næraste slekta var bygdepolitikarar, éin jamvel varamann til Stortinget. Morfaren, to av onklane og mannen til den eine tanta var ordførarar i Aure og Valsøyfjord. Slekta blir omtala som eit veritabelt dynasti.[1] Fleire i den same tette slekts- og nabokrinsen var underoffiserar, lensmenn, postopnarar og handelsmenn, altså med framståande posisjonar i bygdesamfunnet også utanom politikken.

Bygda hadde mot slutten av 1800-talet fått samtalelag med eige utlånsbibliotek, og det vart skipa skyttarlag. Dertil var det misjonsforeiningar, fråhalds- og ungdomslag. Målsaka stod sterkt.

Utdanning

Etter folkeskule og to framhaldsskulekurs gjekk Todal underoffiserskulen i Trondheim 1903-1906. Dei tre åra der svara til pensumkrava i allmennfag ved middelskolen (den tids gymnasførebuande utdanning). Litt seinare gjekk Todal toårig lærarskule i Volda (1910-1912). Etter mange år som lærar tok han eit års vidareutdanning ved Noregs lærarhøgskuleLade i Trondheim 1922-1923.

Yrkeskarriere og samfunnsengasjement

Todals livsgjerning var mangesidig. Kronologisk framstilt var yrkeskarrieren som følgjer:

  • 1906-1908: Tilsett som assistent ved Statsarkivet i Trondheim etter fullført underoffisersskule.
  • 1908-1910: Lensmannsbetjent i Halsa hjå morbroren Peder A. Todal. (Dette er litt uvisst.)
  • 1911: Sommaren mellom dei to åra på lærarskulen tenestegjorde han som sersjant. Militærteneste som vernepliktig underoffiser må han også ha gjort noko meir av, utan at vi har oversyn over det.
  • 1912-1913: Etter lærarskulen var fyrste stillinga han fekk ved framhaldsskulen i Lom i Gudbrandsdalen.
  • 1913-1920: Lærar ved Nordmøre Folkehøgskule, som da var nystarta. Skulen skifta tilhaldsstad frå Gjemnes til Straumsneset i den perioden Todal verka der.
  • 1920-1922: Lærar ved framhaldsskulen i Sunndal.
  • 1923-1925: Etter vidareutdanning ved Lærarhøgskulen, vart han tilsett som overlærar ved Tromsø lærarskule.
  • 1925-1929: Overlærar ved lærarskulen i Nesna.
  • 1929-1932: Styrar på Nordmøre Folkehøgskule, som nå hadde tilhald i Surnadal.
  • 1932-1934: Overlærar ved lærarskulen i Volda.
  • 1934-1954: Statsarkivar i Trondheim.

Utnemninga av Todal til statsarkivar vakte ein del kritikk. Han vanta universitetsutdanning, og det var fleire søkjarar med akademisk bakgrunn.[2]

I perioden februar 1944 til mai 1945 var Todal mellombels beordra av Riksarkivaren til å vere sjef for Arkivkontoret i Kongens gruveKongsberg. Der var mykje av arkivmaterialet frå Arkivverket plassert for å unngå øydeleggjingar under krigen. Todal var ein uttala motstandar av nazistyret, og okkupasjonsstyresmaktene ønskte å få han fjerna frå embetet. Riksarkivar Asgaut Steinnes frykta at Todal ville bli arrestert, og beordringa til Kongsberg vart løysinga på dette.[3]

Særleg frå og med folkehøgskuletida dreiv Todal ei ivrig samfunnsengasjert foredragsverksemd på Nordmøre og i tilgrensande strok. Han agiterte for Venstre, for fråhald og målsak. Dessutan heldt han ei mengd folkeopplysande foredrag om ymse emne. På grunnlag av etterlatne foredragsmanuskript oppsummerer Per Eilert Orten bodskapen i denne verksemda som «nasjonal, demokratisk, kristeleg-moralsk (ikkje evangelisk), psykologisk og fornufts-vitskapleg». I ein minnetale over Todal omtalar A. Skrondal heftet Femtiårsskrift for Bondeungdomslaget i Nidaros 1904-1954, som Todal hadde forfatta. Skrondal fortel korleis Todal her «skildrar den sterke nasjonale og kulturelle vakning, den sterke auking av sjølvkjensla åt landsfolk og landsungdom i dei første tiåra av dette hundreåret. Han viser korleis dei uklåre krav samla seg i tri hovudstraumar: Styrking av Forsvaret, oppløysing av unionen og reisning av norsk folkemål.»

Todal var styremedlem i Noregs Mållag 1936-1938.

Lokalhistorisk organisasjons- og undervisningsverksemd

Anders Todal var initiativtakar til og fyrste formannen for Nordmøre historielag, skipa i mai 1920. Han har skrive ei lang rad artiklar for historielagets årsskrift.

Todal var styremedlem i Landslaget for bygde- og byhistorie 1934-1941 og 1945-1958. Han var aktiv i Trondhjems Historiske Forening.

Frå 1929 stod Todal for undervisning i bygdebokskriving som var eit tilbod ved Noregs lærarhøgskule. Han heldt fram med dette i mange år, også etter at vart statsarkivar i 1934. Undervisninga hans omfatta innføring i arkivarbeid, skrifttyding, disposisjon for handbøker i heimstadlære, og som det heiter i ei beretning om dette: «Det har alltid vore lagt stor vekt på kjeldekritikk».[4] Kan hende kan dette reknast som starten på den særskilde tradisjonen med lokalhistorie som disiplin ved Historisk institutt ved Norges lærarskule/Universitetet i Trondheim.

I 1947 tok Todal initiativ til eit særskilt bygdesogekurs i Trondheim. Det vart gjennomført året etter. Det vart halde på Katedralskulen og vara ei veke. Todal sjølv var blant kurslærarane saman med ei lang rad framståande akademikarar som var engasjerte i lokalhistorie som fag og rørsle, mellom andre historikarane Lars Reinton og Andreas Holmsen, folkeminnegranskaren Svale Solheim og språkmannen Olav Beito.[5]

Granskinga og forfattarskapet

Anders Todal gav ut ei rad bøker med lokalhistoriske, institusjons- og organisasjonshistoriske emne, og eit stort tal artiklar i lokalhistoriske årsskrift o.l. Han skreiv mellom anna historia om det gamle herresetet Lade i Trondheim, utgjeven i 1935. Eit av Todals hovudverk er Underoffiserskulen i Trondheim 1804-1930, som kom i 1949. Den inneheld mykje om underoffisersutdanninga generelt, ikkje berre skulen i Trondheim.

Som pensjonist tok Todal for alvor fatt som bygdebokforfattar. Det galdt gards- og slektshistorie for det gamle Aure prestegjeld, dvs. dei tre herada Aure, Stemshaug og Valsøyfjord. Desse bøkene vart utgjevne i åra 1964-1978, altså etter at han sjølv var gått bort. Todal legg her hovudvekta på gardens historie, mindre på folka på garden. Randi Bjørkvik gjev denne karakteristikken av Todals innsats på dette feltet:

«Som styremedlem i Landslaget, som kursinstruktør og som arkivar hører [Todal] til de fremste av dem som har kjempet fram den moderne gardshistorien fundert på bredt vitenskapelig grunnlag kombinert med lokalkjennskap.»[6]}}

I denne samanhengen skal det nemnast at Todal leverte verdfulle utgreiingar til den store undersøkjinga Gards- og grannesamfunn som vart gjennomført ved Institutt for sammenlignende kulturforskning. Mellom anna laga han ei innsiktsfull framstilling av den gamle gardsskipnaden i Todalen.

Da han døydde, var Todal nesten ferdig med eit bokmanuskript om bondeleiaren og stortingsmannen John Neergaard.

Todal vart innvalt i Vitskapsselskapet i Trondheim i 1942.

Bibliografi (utval)

  • Formannskapsstyringa på Nordmøre i 1838. (Årsskrift for Nordmøre Historielag 1937.)
  • Soga um Lade, Trondheim 1935.
  • Underoffisersskulen i Trondheim 1804-1930, Trondheim 1949.
  • Femtiårsskrift for Bondeungdomslaget i Nidaros, 1954.
  • Gardtales i Stemshaug, 1964.
  • Gardtales i Aure, 2 band, 1965-1966 (?)
  • Gardtales i Valsøyfjord, 1978.

Litteratur om Todal

  • Løvlien, Astrid: Statsarkivet i Trondheim 1850-2000. En beretning. (Riksarkivaren, skriftserie 10, 2000.)
  • Orten, Per Eilert: «Statsarkivar Anders Andersson Todal» i tu Aurgjelda 2001, årskrift utgjeve av Aure Historielag.
  • Schmidt, Olaus: «Todal, Anders Andersson» i Norsk biografisk leksikon (1969)
  • Skrondal, A.: «Anders Todal. (Minnetale [...])», i Det Kongelige norske Videnskabers Selskabs Forhandlinger, bind 36, 1963 s. 206-209.

Referansar

  1. Orten, P.E. 2001, side 13
  2. Skrondal, A. 1963 side 207.
  3. Dette er omtala med litt ulikt perspektiv hjå både Orten 2001, Løvlien 2000 og Schmidt 1969.
  4. Rapport i Heimen bd. VIII (1949-51) s. 216
  5. Bygdesogekurset i Trondheim 28. juni – 3. juli 1948. Foredrag. Nord-Trøndelag Historielag 1950.
  6. Randi Bjørkvik i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år, side 106