Andersklubben under Helsem

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. okt. 2016 kl. 08:24 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Andersklubben under Helsem
Helsemklubben.jpg
Andersklubben ein småkald vårdag
Stad: Stranda
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Stranda
Gnr.: 18

Andersklubben var ein husmannsplass under garden Helsem og låg på ein bergskolt ved Storfjorden lengst sør i Helsemvika i Stranda kommuneSunnmøre. Namnet skal den i fylgje bygdeboka for Stranda ha fått etter ein Anders Olsen Kjelstad (1764-) eller Klubbe-Anders - ein husmann frå nabobygda Sunnylven som budde på plassen. Plassen kom i bruk tidleg på 1800-talet. I folketeljinga 1825 var Anders Olsen og kona Anne registrert som husmenn under garden Helsem. Det er uvisst når plassen blei lagt ned.

Litteratur

  • Kjølås. Gerhard: Stranda bygdebok I Gard og Grend, Molde 1954.
  • Solli, Arne, Individ - hushald - samfunn : fisk og jord som grunnlag for hushaldsetablering i Noreg kring år 1800, Bergen 1995.

Eksterne lenker

Koordinater: 62°17′30″ N 6°57′52″ Ø