Austevoll kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Austevoll
1244 Austevoll komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4625
Fylke Vestland
Kommunesenter Storebø (Austevoll)
Areal 114.24  km²
Areal land 114.24  km²
Areal vann 0  km²
Folketall 5 297 (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Koordinater: 60°2′16″ N 5°16′6″ Ø


Austevoll kommune er ein øykommune vest i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Kommunen ligg i Midthordland, ut mot Nordsjøen, og er elles omgjeven av kommunane Øygarden i nord, Bjørnafjorden i nordaust, Tysnes i aust, og Fitjar og Bømlo i sør. Administrasjonssenteret i kommunen er Storebø, som også er den største tettstaden. Kommunen har vidaregåande skule, Fiskarfagskulen i Austevoll. Der ligg ei avdeling til Havforskningsinstituttet i Bergen.

I generasjonar har fiske vore den største næringa i kommunen. Sidan 1980-talet har det vore stor vekst i havbruksnæringa og i deltakinga i oljeverksemda. Ein stor underskog av mindre og nødvendige landbaserte selskap har samtidig blitt oppretta. I det same tidsrommet har fartøya i den havgåande fiskeflåten blitt betydeleg større, og i 2014 er kommunen ein av landets største innan oppdrett av laks og i talet på havgåande fiskefartøy..

Namnet

Austevoll var opphaveleg namn på garden Austevoll som ligg på Hundvåkøy. Truleg fekk garden dette namnet fordi han var den austlegaste av fleire gardar på staden. På garden stod det ei kyrkje i omkring 250 år (1640-åra-1891), og kyrkjesoknet hadde namn etter denne garden. Då Austevoll vart eigen kommune i 1886, vart kommunenamnet og Austevoll.

Geografi

Austevoll Kommune

Austevoll består av 667 småkuperte øyar og holmar. Kommunen har ei strandline på 337 kilometer og eit areal på 117,18 km². Dei største øyene dannar ein halvsirkel med opning vestover. Frå nordvest, rekna med klokka, ligg Storekalsøy, så Hundvåkøy, lengst aust ligg Huftarøy, sørvest for Huftarøy ligg Selbjørn og vest for Selbjørn ligg Stolmen. Heilt vest i kommunen, mellom Storekalsøy i nord og Stolmen i sør, ligg øyene (frå nord og sørover) Horgo, Møgster, Litlakalsøy og Hevrøy. Innimellom dei sørlegaste øyane ligg Lunnøy. I vest ligg Nordsjøen, i nord Korsfjorden, Bjørnafjorden i nordaust, Langenuen i aust og Selbjørnsfjorden i sør. Den høgaste toppen i Austevoll er Loddo på 244 meter.

Kommunikasjonar

I sør har kommunen ferjesamband frå Husavik til Sandvikvåg i Fitjar. Frå Hufthamar går det ferje nordover til Krokeide i Bergen kommune. Snøggbåtruta mellom Bergen/Flesland og Sunnhordland har stopp på Hufthamar. Mellom øyane går det snøggbåtrute.

Det er bygd bruer mellom dei største øyane. I 1980 sto brua mellom Huftarøy og Selbjørn ferdig. Brua mellom Selbjørn og Stolmen vart opna i november 1998, og bruene til Storekalsøy i 1999. Austevollsbrua var det siste store bruprosjektet i Autevoll. Brua vart opna i november 2007, og knyter saman Huftarøy og Hundvåkøy.

Næringsliv

Fiskeri har vore den største næringa i kommunen, og det har vore kombinert med jordbruk på små bruksseiningar. Dei fleste småbruka vart lagde ned i 1960-åra då dei store endringane i næringslivet skaut fart.

Kommunen har i 2014 ein av dei største havgåande fiskeflåtane i landet.

Sidan 1980-talet har det vore stor vekst innanfor havbruksnæringa, og kommunen vert i dag rekna for ein av landets største innan oppdrett av laks. Offshore-næringa er ei tredje stor næring. To børsnoterte selskap har hovudkontora sine på Storebø i Austevoll, og desse er reiarlaget DOF ASA og havbruksselskapet Austevoll Seafood ASA. DOF er det største offshorereiarlaget i Noreg målt etter verdi, og eit av dei største rederia i verda når det gjeld talet på skip. Rederiet har i 2014 omkring 10 000 tilsette på land og sjø.

I kommunen er det fleire landbaserte verksemder som produserer for havbruk og fiske-, handels- og supplyflåten både i Norge og på verdsmarknaden. Ein stor underskog av mindre og nødvendige selskap er oppretta dei siste 30 åra. Dei siste åra har næringslivet i kommunen lege øverst på næringstoppen i landet. Kommunen ligg berre etter Bergen i den maritime næringsklyngja i Hordaland.

Historie

Eldre historie

Austevoll var blant dei første stadane i Hordaland som vart isfritt mot slutten av istida. Det er funne spor av busetnad tilbake til den eldre steinalderen, for 10 000 år sidan. Næringsvegane har til alle tider vore fiske, fangst og jakt, i tillegg til enkelt jordbruk.

Nyare historie

Frå innføringa av Formannskapslova av 14. januar 1837 var Austevoll og Sund éin kommune. I 1886 blei Austevoll eigen kommune. 1. januar 1964 blei delar av Fitjar kommune, søre Selbjørn og søre Huftarøy, overdregne til Austevoll. Fram til 1957 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster. Soknene hadde eigne soknestyre, men hadde felles møte om saker som gjaldt begge soknene. I 1910 vart Austevoll utskilt frå Sund som eige prestegjeld med dei to soknene Austevoll hovudsokn og Møkster annekssokn. 17. april 1964 vart Austevoll eige lensmannsdistrikt.

Befolkningsutvikling

Tabellen byggjer på folketeljingane frå 1769 til 2001.[1] Tala frå 2011 og 2015 er henta frå Statistisk sentralbyrå. 28. januar 2015 passerte folketalet 5000. Talet 5012 er frå 19. februar.

År Folketal Utvikling
1769 1265
1801 1592 327
1815 1574 -18
1825 1770 196
1835 2101 331
1845 2222 121
1855 2493 271
1865 2698 205
1875 2865 158
1890 2862 6
1900 2970 108
1910 3016 46
1920 3351 335
1930 3559 389
1946 3948 389
1950 3916 -32
1960 3413 -503
1970 3859 446
1980 3929 70
1990 4167 238
2001 4450 283
2011 4680 230
2015 5012 332


Øyer med heilårs busetnad

Folketalsutvikling 2005-2015:

Øy 2005 2010 2015
Huftarøy 2435 2591 2839 [2]
Selbjørn 966 995 1045
Hundvåkøy 554 556 667
Stolmen 206 173 177
Storekalsøy 167 183 199
Møkster 65 52 52
Litlekalsøy 26 14 8
Lunnøy 2 2 2

Kjelde: Yngve Jonsen, En-to-tekst/Marsteinen 23. april 2015.

Bygder

Bygd Innb.tal (2005) Innb.tal krins (2001) [3]
1. Storebø 1,032 1,341
2. Bekkjarvik 355 489
3. Kolbeinsvik 481
4. Vinnes 378
5. Haukanes 235


Politikk

Samstundes med at dei store strukturendringane i næringslivet begynte i 1970-åra, skjedde det ei politisk endring i kommunen. Senterpartiet braut tradisjonen med bygdelister og stilte 
eiga liste ved valet i 1971. Bygdelistene blei etter kvart erstatta av partilister, og dermed vart og mykje av den gamle politiske drakampen mellom øyane borte.

Austevoll kommune vert styrt etter formannskapsmodellen. Kommunestyret består 27 representantar.

Etter valet i 2003 vart Helge André Njåstad vald til ordførar i kommunen som blir styrt av eit fleirtal i kommunestyret utgått av Framstegspartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. I 2013 tok Renate Møkster Klepsvik frå FrP over, og i 2015 måtte dei levere over ordførarkontoret til Morten Storebø frå Høgre.

Ordførarar i Austevoll

Austevoll vart skild frå Sund kommune i 1886. Frå dette tidspunktet har kommunen hatt desse ordførarane:

Yrke Namn Periode Parti
Lærar og kyrkjesongar Ole Strømme 1886-1901
Fiskar og landhandlar Peder Olai Kleppe 1902-1919
Bonde Olai Naustheller 1920-1925
Bonde Mikkel Nilsen Birkeland 1926-1935
Lærar Magnus Larsen 1935-1937
Fiskar Salomon O. Fagerbakke 1938-1945
Fiskar Salomon Kalvenes 1946-1959
Trygdesjef Rikard Storebø 1960-1969 V
Statslos Peder Kalve 1970-1975 H
Rektor Magnus Stangeland 1976-1981 Sp
Kjøpmann Knut K. Kalvenes 1982-1985 H
Skipper Hallvard Møgster 1986-1989 Krf
Bankfilialsjef Inge Bjarne Storebø 1990-2001 H
Skipper Olav P. Årland 2001-2003 Krf
Helge Andre Njåstad 2003-2013 Frp
Lærar Renate Møkster Klepsvik 2013-2015 Frp
Politisk rådgjevar Morten Storebø 2015-2023 H
Siviløkonom Bente Kari Sletten Taranger 2023- H

Skular

Austevoll har hatt mange skular, du finn informasjon om desse under Skular i Austevoll.

Referansar

  1. Statistisk Sentralbyrå: Folke- og bustadteljing 2001 [1]
  2. Drøna og Rostøy er med her
  3. Statistisk Sentralbyrå: Folke- og bustadteljing 2001 [2]

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer