Bømlo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bømlo er den største øya i Bømlo kommune i Sunnhordland. Den er delt i to av Kulleseidkanalen, og dei to delane har eit samla areal på 169,90 kvardratkilometer. Det skulle gjere øya til den 25. største i Noreg, men Kartverket reknar ho som to øyer, Bømlo og Bømlo-2, som kjem på 45. og 61. plass.

Den nordlege delen av øya er i stor grad dekt av myr og nakent kystlandskap, medan det i sør er frodigare jord. Dei største busetningane er kommunesenteret Svortland, Rubbestadneset, Foldrøyhamn, Langevåg og Melagsvågen. Det er brusamband til andre øyer i området, som Moster, Goddo, Hiskjo, Aga og Spyssøya.

Det høgste punktet på øya er Siggjo, med topp på 474 moh. Det særmerkte fjellet har i uminneleg tid vore eit viktig landemerke for sjøfarten, og ein kan sjå det heilt frå Byfjellene i Bergen.

Namnet kjem frå norrønt Bymbil, som er avleda av bembel, 'navle' eller 'mage'. Truleg er det fjellet Siggjo som er opphav til namnet; det gjer øya ein profil som kan minne om ein uppsvollen mage.

Litteratur og kjelder