Bakkane (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakkane
Bakkane.JPG
Alt. namn: Snøtunsbakkane, Snethunsbakkene
Rydda: 1770-åra
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Sogn og Fjordane
Kommune: Luster
Gnr.: 209
Bnr: 2

Bakkane (Luster, gnr. 209/2) er eit gardsbruk i Krundalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Snøtun. Bakkane sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Husmannsplass

Den fyrste husmannen ein kjenner til i Bakkane er Paul Andersson Krokgjelet frå Haugen som flytte nygift til Bakkane i 1774. Det skal ha vore han som rydda plassen - ein kjenner iallfall ikkje til husmenn før han. I åra 1792-1795 budde eigaren av Snøtun sjølv i Bakkane, som då må reknast som hovudbruket på Snøtun i desse åra.

Gardsbruk

Det var den siste eigaren som hadde Snøtun samla, Peder Andersson Snøtun, som stod føre dei to bruksdelingane som har vore. Då han i 1792 overtok Snøtun etter far sin, vart han buande i Bakkane til 1795. Etter dette budde han andre stader i bygda til 1813, og ved skøyte 8. oktober 1800 overdrog han det gamle hovudbruket på Snøtun til bror sin Ole Andersson Snøtun medan Anders sjølv heldt på Bakkane. Frå dette tidspunktet var Bakkane og Snøtun såleis separate bruk. Dette skjedde truleg etter ei usemje mellom brørne, for delinga kom i stand etter eit forlik i forlikskommisjonen.[1]

Peder heldt likevel fram med å leiga ut Bakkane og flytte ikkje hit med huslyden sin før i 1813. Ved ei delingsforretning 7. juni 1825 delte han så Bakkane i to jamstore bruk, Bakkane og Reina (Røysi). Sonen Lars Pederson Snøtun hadde teke over styringa av heimebruket Bakkane kring 1824, men utan å få skøyte. Peder og kona hans Johanna ordna seg så for alderdomen den 14. juni 1827. Sonen Lars fekk då skøyte på Reina medan bror til Peder, Anders Andersson Snøtunsbakken, fekk skøyte på Bakkane, båe mot å yta kår til Peder og Johanna.

Snøskred 1849 - flytting av tunet

Det gamle tunet i Bakkane låg ca 150 opp (nord) for dagens fylkesveg på høgd med tunet på Snøtun. Den 26. januar vart 11 av 13 dei gardshusa i Bakkane tekne av eit stort snøskred.[2] Av dei to husa som berga, var det eine nedsnødd (!) medan det andre var stovehuset, og ingen menneske kom til skade. Men krøtter og avling gjekk tapt. Eigaren av bruket budde på Grov, der han òg åtte eit bruk, så det var innersten Guttorm Olson og huslyden hans som var der då skreda kom. Kona til Guttorm, Siri Knudsdotter, var høggravid på dette tidspunktet, og ho greidde å ta seg fram gjennom snøen til Haugen der ho fødde dottera Britha 31. januar.[3]. Guttorm og Siri flytte frå Bakkane etter ulukka og vart plassfolk på Nedstegjerdet under Ormberg.[4].

Det er uklart både om det budde folk i Bakkane dei fyrste åra etter ulukka og kven som eventuelt skal ha budd der. Peder Johnson Grov (1808-1885) gifte seg i 1840-åra med Kari Andersdotter (1817-1843), som var det einaste bornet til den førre eigaren i Bakkane. Ho arva såleis Bakkane i 1838. Peder hadde såleis hand om både det eine bruket på Grov og Bakkane. Det heiter i bygdeboka at dei kanskje budde i Bakkane fram til 1863,[5]. men dette er tvilsamt, og det er meir sannsynleg at dei budde på Grov og leigde bort garden - fram til 1849 til innersten Guttorm Olsen.

Eldste sonen til Peder Grov og Kari, Anders Pederson Snøtunsbakkane (1841-1908), fekk Bakkane alt i 1844 i skiftet etter mora som døydde året før, men Anders har nok vokse opp på Grov med faren og den andre kona hans. Anders har såleis kanskje ikkje flytt til Bakkane før i 1863 då han gifte seg som 22-åring med Ingeborg Andersdotter frå Åsestølen.

Kring 1877 skal eit nytt stovehus ha vorte oppsett ved Krundøla på nedsida av fylkesvegen, og det er rimeleg om det var på denne tida heile tunet vart flytt dit det ligg i dag. Årsaka til flyttinga var nok skredulukka i 1849.

Notar

  1. Laberg 1944, s. 61
  2. Snøskred i Krundalen 1849, Jostedal historielag
  3. Ministerialbok nr. A 5 for Jostedal (1849-1877), side 1 (Digitalarkivet)
  4. Øyane 1994, s. 104-105
  5. Øyane 1994, s. 846 og 868

Kjelder og litteratur


Koordinater: 61°38′8″ N 7°12′37″ Ø