Berge Furre

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. jan. 2016 kl. 13:22 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Språkpirk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Berge Ragnar Furre (født 13. april 1937Sjernarøy, død 11. januar 2016) var historikar, teolog og politikar. Han er kjend som ein sentral person i Sosialistisk Folkeparti (SF) og blei med over i Sosialistisk Venstreparti som han representerte på Stortinget. Som historikar arbeidde han særleg med nyare norsk historie. Han var også professor i teologi og prest, og aktiv i målrørsla.

Familie og slekt

Han var son av ingeniør Berge Bergeson Furre (1880–1951)[1] og sekretær Else Othilie Tjomsaas (1906–1993). Mora blei i 1961 gift med Elisæus Vatnaland (1892–1983).

Slektsnamnet Furre kjem frå garden Furre på Sjernarøy, no i Finnøy kommune. Farfaren Johannes Martin Johannesson Furre (1849–1913)[2] var eigar og brukar på garden, og var gift med kjøpmannsdottera Olena Bergesdotter Bergeson (1853–1923).[3] Før Johannes Martin hadde slekta hatt garden i tre generasjonar. Berge Bergeson Furre var den andre av ni born. Den yngste broren Fridtjof Johannesson Furre tok over garden.

Berge Furre var først gift med Torild Skard (f. 1936), eit ekteskap som enda i skilsmisse. I 1970 gifta han seg med seinare museumsbestyrar Karen Elisabeth Aagot Koren (f. 1946), som var dotter av ambassadør Finn S. Koren og Synnøve Onstad.

Studieåra

Faren til Berge Furre var Høgre-mann, men sjølv fekk sonen med seg bygderadikalismen frå heimbygda. Då han var fjorten døydde faren, og familien flytta til Oslo. Han tok med seg sine grunnhaldningar dit, og blei aktiv i målrørsla, i det kristne ungdomsmiljøet og i venstreradikale grupper. Den urbane kulturradikalismen og intellektualismen lokka ikkje, og Gudleiv Forr skriv at han var i eit miljø der Hans Nielsen Hauge var ein større inspirator enn Karl Marx.[4]

I åra han hadde på Oslo katedralskole var han del av eit karismatisk kristent miljø. Det var på Universitetet i Oslo, der han studerte frå 1955, at han kom inn i politikken. Han blei medlem av Sosialistisk Studentlag, som var eit lag i Arbeiderpartiet. Samtidig hadde han nær kontakt med Ragnar Forbech, presten som var ein sentral pasifist og sosialist i 1950-åra. Tidlig i studieåra reiste han til Italia, der han fekk eit anna inntrykk av klassesamfunnet enn det han hadde med seg frå Ryfylke.

Då Sosialistisk Studentlag blei kuppa av venstrekrefter kom Furre med i leiinga. Han var sentral i «påskeopprøret» i 1958, då studentlaget klarte å få eit fleirtal av Arbeiderpartiet sine stortingsrepresentantar til å underteikne ein resolusjon mot at Vest-Tyskland skulle få ha atomvåpen. Dette var i strid med partiet sin offisielle politikk i saka.

Hausten 1958 blei Furre leiar i Det Norske Studentersamfund, og han engasjerte seg i avisa Orientering. Truleg kom ideen om å danne eit alternativ til Arbeiderpartiet på denne tida. I 1961 tilspissa kampen seg då fleire redaksjonsmedlemmar i Orientering blei ekskluderte frå Arbeiderpartiet. Furre var ikkje ein av dei, men då Sosialistisk Folkeparti blei skipa same året, blei han sekretær og heiltidspolitikar. I 1964 gjekk han attende til universitetet som historiestudent, men han haldt fram som politikar ved sida av studiar og jobb.

Akademikar og politikar

I 1968 tok han hovedfag i historie (cand.philol.) med oppgåva Mjølk, bønder og tingmenn. Furre var så universitetsstipendiat ein tid. I 1971 blei han universitetslektor i historie ved Universitetet i Tromsø. Han blei så dosent samme sted i 1975 og professor 1985–1986. Som historikar tok han med seg sitt politiske grunnsyn inn i tolkningane. I tråd med tradisjonen frå Halfdan Koht trakk han fram arbeidarklassa som ein drivkraft i historia. Fleira av hans bøker har vore pensum på historie grunnfag, og han blei også ofte brukt som historisk kommentator på fjernsynet.

Frå 1996 til 1971 var Furre redaktør av Syn og Segn, og frå 1968 til 1970 var han nestleiar i Noregs Mållag. Målsaka var viktig gjennom heile livet, og han var seinare nestleiar i styret for Det Norske Teatret frå 1985, og styreleiar frå 1997.

I denne tida hende det mykje i det venstreradikale miljøet i Noreg. Furre var negativ til dei udemokratiske og autoritære tendensane som ein kunne finne både i Arbeiderpartiet og i SF. Han hadde ein tid eit positivt syn på Aust-Tyskland, som han trudde kunne utvikle seg i demokratisk retning. Men haldningane til dei sosialistiske landa i Aust-Europa forsvann då Sovjetunionen invaderte Tsjekkoslovakia i 1968. På same tida var det ein indre strid i SF, der Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF) trakk i ein maoistisk retning. Furre var sentral i striden med marxist-leninistane i SF, der han var medlem av sentralstyret frå 1969 og nestleiar frå 1971 til 1976.

Det var under striden om EEC tidlig i 1970-åra at Furre verkelig blei kjend som politikar. Han var aktiv i Folkebevegelsen mot EEC fram til folkerøystinga i 1972. I 1973 fekk Sosialistisk Valgforbund heile seksten representantar på Stortinget. Furre blei vald inn for Rogaland. Han var parlamentarisk leiar 1975–1976. I 1975 vart valforbundet erstatta av Sosialistisk Venstreparti. Furre blei vald til leiar i partiet i 1976, og hadde vervet til 1983.

Eit av Furre sine største bidrag til utforminga av partiet kom i landbrukspolitikken. Han blei formann i landbrukskomiteet, og hadde med seg ein del tankar om endringar i politikken. Landbruket var styrt av eit omfattande avtaleverk, og i ei ny tid med oljefunn som gav von om betre økonomi kom kravet om eit nytt regelverk. Ein viktig sak var at bøndene sine inntekter måtte opp på same nivå som industriarbeidarlønna. Den nye landbrukspolitikken var også påvirka av sigaren i folkerøystinga om EEC.

I 1977 avslørte Furre saman med Finn Gustavsen innhaldet i ein hemmeleg rapport om navigasjonssystemet Loran C, noko som førde til ein trussel om riksrett. Han satt berre på Stortinget i denne eine perioden, men fortsatte som aktiv i partiet. Då det var strid i SV i 1990-åra støtta han Erik Solheim, og omtalde gammalsosialistane i SV som «museumsvaktarar».

Han var leiar i Arkivutvalet frå 1980 til 1984.

Hausten 1996 blei Furre sentral i ein debatt om metodane til Politiets overvåkingsteneste (POT). Han var medlem av Lund-kommisjonen, som granska dei hemmelege tenestane. I ein rapport kom det fram at Furre sjølv hadde vore etterforska på grunnlag av dokument i austtyske arkiv. Han blei frikjend for alle mistanker om lovbrot, og overvåkinga av Furre var ein av faktorane som førte til at kritikken mot POT og Justisdepartemenet blei så sterk at Grete Faremo måtte gå av som justisminister.

Teolog og prest

Furre var som nemnd i ungdomsåra del av ein karismatisk gruppe. Seinare engasjerte han seg i Den norske kyrkje. Frå 1986 til 1994 var han medlem av Mellomkyrkjeleg råd, og fra 1991 til 2000 av styret i Kirkens Bymisjon. Han var også medlem av Bakkevig-kommisjonen, som frå 1998 til 2000 granska forholdet mellom stat og kyrkje.

Vennskapet med den radikale presten Ragnar Forbech er nemnd tidlegare. Ein annan viktig påverknad var studiet av presten, politikaren og avismannen Lars Oftedal, som han skreiv eit tobindsverk om på slutten av 1980-åra. Dette leia til at han fordjupa seg i trua, og i 1991 blei han professor i teologi ved Universitetet i Oslo. Han underviste i kyrkjehistorie ved Teologisk fakultet. I 1998 blei han ordinert som prest i Den norske kyrkje.

Utmerkingar

Bland dei mange priser og utmerkingar han fekk kan nemnast Eilert Sundts forskningspris (1972), Språkprisen (1993), Norges Bondelags jubileumspris (1996), Jon Sundbys ærespris (1998) og Fritt Ords pris (2003.

Furre blei æresmedlem av Det norske Samlaget i 2000. Frå 2003 til 2008 var han medlem av Den norske Nobelkomité.

Referansar

Litteratur

  • Forr, Gudleiv: Berge Furre i Norsk biografisk leksikon.
  • Løland, Jacob Sverre: Sjernarøy bygdebok I: Gard og ætt. Utg. Finnøy kommune. 1972.