Bergens kalvskinn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bergens kalvskinn (norrønt Bjőrgynjar kálfskinn) er eit handskrift som nå ligg i Riksarkivet i Oslo, og som er eit register over gardar og gardpartar i kyrkjeleg eige i Bjørgvin bispedøme1300-talet. Det er eit av dei arnamegnæanske diploma, registrert som NRA AM 329 a fol. I tillegg til liste over kyrkja sine eigedomar har teksten òg opplysningar om tienda og om ein del atkomstbrev og gåver. Biskopen sitt jordegods er ikkje teke med. Det er ikkje det mest omfattande jordregisteret frå mellomalderen, men av dei meir omfattande er det klart det eldste. Handskriftet tilhøyrde Bergen domkapitel.

Diplomet er den eldste kjelda vi har for mange gardsnamn på Vestlandet. Det vart truleg skreve ned frå mellom 1310 og 1320, under biskop Audfinn av Bjørgvin, og vart avslutta mellom 1350 og 1360. Handskriftet har spor etter å ha vore i bruk i seinmellomalderen. Det har 40 blad av varierande storleik. Fleire blad har tydeleg preg av å vere palimpsestar, det vil seie pergament som har vore nytta før, der den eldre skrifta er skrapt vekk.

Bergens kalvskinn vart utgjeve som tredje band i serien «Kildeutgivelser fra Riksarkivet» i 2016, med Ole-Jørgen Johannessen som redaktør.

Utgaven gjengir originalens tekst med oversettelse til moderne norsk. Boken er utstyrt med registre over person- og stedsnavn, kirker, prebender og altere, samt ordliste med ordforklaringer til oversettelsen. Arkivverket har òg laga ei digital utgåve av ei eldre publisering ved P.A. Munch.

Litteratur