Bergljot Håkonsdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Bergljot Håkonsdatter»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bergljot Håkonsdotter (født før 990, død etter 1050) var dotter av Håkon Sigurdsson ladejarl og Tora Skagesdatter, og gift med lendmannen Einar Tambarskjelve.

Far hennar var riksstyrar i Noreg, med maktbase på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg i omkring eit kvart århundre fram til han døydde i 995. Ho var framleis eit born då han døydde.

Bergljot blei gift med lendmannen Einar Tambarskjelve, som var Magnus den gode sin fremste rådgjevar. Den siste ladejarlen, Bergljots brorson Håkon Eiriksson, døydde i 1029, og etter det førte Einar og Bergljot ein del av ladejarltradisjonen vidare. Då Harald Hardråde i 1045 kom til makta blei det spent mellom Einar og kongen, og omkring 1050 lot kongen drepe Einar og sonen han hadde med Bergljot, Eindride Einarsson.

Snorre Sturlasson fortel at ho prøvde å egge trønderane til kamp mot Harald Hardråde etter drapet, men at dei ikkje gjekk med på det. Han skriv også at ho allierte seg med Håkon Ivarsson, som ho skal ha vore i slekt med, men dette er ein sein tradisjon og difor usikker.

Ho var truleg mellom 65 og 70 år gamal då mannen og sonen blei drepne, og ein veit ikkje kor lenge ho levde etter det.

Ho er med i skodespelet Einer Tambeskielver frå 1772 av Johan Nordal Brun, og ho er hovudpersonen i Bjørnstjerne Bjørnson sitt dikt «Bergljot» frå 1861.

Bergljots vei i Oslo og Bergljots gate i Trondheim er oppkalla etter ho.

Litteraratur