Blesterkroken 7 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Blesterkroken 7
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 344
Type: Bustadseigedom

Blesterkroken 7 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne heimen i nedre delen av Stusslifeltet vart bygd av Ingrid Helle og Inge Josefsen i 1978. Då dei skilde lag, overtok ho hans halvpart av huset.

Ingrid Helle i butikken.
Foto: Setesdølen
ICA Hovden (Hovden Varesenter) 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
  • Ingrid Helle, f 1954
g hv m Inge Josefsen, sjå Malmvegen 39, bnr 639. Born:
  • Per Gunnar, f 1977, røyrleggjar, busett Kristiansand, barn:
  • Antona Marie Astrup, f 1997

Ingrid er frå Skogtun Helle, gnr 70, bnr 25, og dotter åt Gunnar Hallvardsson Helle og kona Birgit Ånundsdotter, fødd Kyrvestad (jfr. Valle bd I, 173). Ho og Inge kaupte i 1984 forretninga Hovden Varesenter med varelager og inventar hjå Kjell Fritzman, og skipa då firmaet om til aksjeselskap. I 1996 overtok Hovden Varesenter A/S sjølve forretningsbygget, bnr 455, frå KØFF, som då åtte det etter å ha kaupt det hjå Emil Reber nokre år tidlegare. Overtakinga i 1996 vart gjort gjennom dotterselskapet Hovden Varesenter Eiendom A/S, som dei hadde skipa nokre år tidlegare i samband med at dei bygde eit hybelhus (bnr 479, nå Belglii 20) med 8 hybelleilighetar. Det bygget sto ferdig i 1988, og Hovden varesenter A/S åtte det inntil det hausten 2003 vart selt til eit selskap som heiter Valle Invest A/S.

Inge var dagleg leiar ved varesenteret til 1994. Ingrid overtok då den stillinga, og har henne framleis.


0941 Bykle komm.png Blesterkroken 7 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Blesterkroken 6 • Neste bolk: Blesterkroken 8

Koordinater: 59.557° N 7.36379° Ø