Eigarar av Jostedal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 11:35 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette er ei liste over dei private eigarane av Jostedal kyrkje frå kyrkjesalet kring 1723 til kommunen fekk hand om den siste eigarparten i kyrkja i 1909.

I samband med reformasjonen la kongemakta alt kyrkjegods under seg. I 1720-åra vart så dei aller fleste landkyrkjene auksjonerte bort til private. Jostedal kyrkje vart òg seld, truleg i 1723 (sjå Leksikon:Kirkegods).

År Eigar(ar) Merknader
Ca 1723-1726 Henrik Nitter Skøyte 11. august 1725 utferda til Nitters arvingar
1726-1751 Hans Hansson Wiingaard Skøyte 2. november 1726
1751-1762 Ole Anderson Åsen, John Erikson Nedrelid og Henrik Anderson Kreken Skøyte 22. juli 1751
1762-1785 Otto Olson Grov Skøyte 19. juli 1762
1785-1793 Nils Larsson Li og Erik Anderson Åsen Skøyte 1. juni 1785
1793-1833 Johannes Asbjørnson Hus Skøyte 3. juni 1793. Kyrkja må ha vorte seld då Hus døydde i 1833[1]
1833-før 1849 Rasmus Hansson Hellegård? Vantar førebels dokumentasjon, men sonen Hans og svigersonen Lars var dei to neste eigarane
Før 1849-1891 Hans Rasmusson Hellegaard Nemnd som kykejeigar 1851.[2] Eigde 11/12 av kyrkja. Fødd 1818, så han var for ung til å kjøpe kyrkja i 1833
Før 1851-1860? Lars Erikson Espe Nemnd som kyrkjeeigar 1851.[3] Fødd 1816, så han var for ung til å kjøpe kyrkja i 1833. Døydde 1860, og det er uklart kva som då hende med eigarparten
1860?-1909 Tøger Larsson Kronen Eigde 1/12 av kyrkja. Fødd 1843, så han var for ung til å kjøpe kyrja i 1860. Det må såleis ha vore ein eigar imellom Espe og Kronen
Frå 1891/1909 Jostedal kommune Overtok 1891 eigarparten på 11/12 og i 1909 den siste tolvdelen

Etter Johannes Asbjørnson Hus vart det ikkje utferda skøyte på kyrkja, så det er uklart kven som har vore eigarar. Hans Rasmusson Hellegaard og Lars Erikson Espe var svogerar og fekk hand om kyrkja før 1849. Det er mogleg dei då overtok ho frå Rasmus Hansson Hellegård, som var far til Hans og svigerfar til Lars.

Notar

  1. Ein ny rekneskapsprotokoll for kyrkja vart teken i bruk i 1833
  2. Rekneskapsprotokoll 1833-1889, fol. 6a. Ei medteken rekneskapskladdebok ca. 1849-1873 tyder på at han var kyrkjeeigar seinast 1849
  3. Rekneskapsprotokoll 1833-1889, fol. 6a

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 325. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 68-69.