Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 24. nov 2011 kl. 11:37 av Oddloho (Samtale | bidrag)

Gå til: navigasjon, søk

Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800 gjev eit oversyn over kven som åtte gardane i Jostedalen i Sogn og Fjordane fram til leiglendingane vart sjølveigarar. Jostedalsgardane har følgt ei temmeleg vanleg rute frå kyrkjegods i mellomalderen gjennom kongeleg gods og privatgods i tidleg nytid til sjølveige frå 1700-talet.

Oversynet gjeld berre dei matrikulerte gardane fram til overgangen til sjølveige var fullført før 1800. Det femner ikkje om den seinare matrikuleringa og overgangen til sjølveige for dei mange husmannsplassane, så her må ein finne informasjon under kvar gard. (For ei generell innføring, sjå Leksikon:Jordeiendomsforhold.)

Innhold

Frå kyrkjegods til kongegods

I skattematrikkelen 1647 heiter det om alle gardane i Jostedalen at dei "ehr Apostelsguodtz", og bygda har truleg vorte ein del av godset til Apostelkyrkja i Bergen alt i mellomalderen. Til liks med anna apostelgods er ikkje jostedalsgardane nemnde i Bergens kalvskinn.

Med reformasjonen i 1536/37 la kongen under seg alt kyrkjeleg gods, så seinast frå dette tidspunktet har nok Jostedalen vore i kongeleg eige. Det er òg temmeleg sikkert at Jostedalen vart folketom i nedgangstida i seinmellomalderen, så Jostedalen vart av den grunn òg kongeleg eigedom. I 1664 er Jostedalen omtala som "tilforen Kongens Øde march".[1]

Då Jostedalen vart folkesett att i siste halvdel av 1500-talet, må dalen ha høyrt til Dale len. I 1565 vart Luster prestegjeld skilt ut frå Sogn len som eit eige len. Denne ordninga stod ved lag til 1614 då Dale len vart lagt under Bergenhus len.[2]

Adelsgods

I det statlege gjeldsoppgjeret etter 1660 selde kongemakta ut mykje jordegods, og det galdt òg Jostedalen. 24. januar 1664 fekk lagmann, stiftsamtmannforvaltar og adelsmann Hans Hansen Lillienskiold skøyte på jostedalsgodset. Lillienskiold hadde på kort tid bygt opp ein stor formue som han fyrst og fremst plasserte i jordegods på Vestlandet. Jostedalsgodset femnde på dette tidspunktet om all jordeigedom i Jostedal prestegjeld unnateke kyrkja og prestegarden. Det låg ikkje gods korkje til kyrkja eller prestegarden.

Munthe-ætta

I Sogn var det truleg futen sjølv sidan 1640-åra, Christopher Morgenstierne (Gjertsen) på Flahamar i Luster, som forvalta jostedalsgodset for Lillienskiold. Morgenstierne skaffa seg sjølv mykje av apostelgodset i Indre Sogn. I manntalet over leiglendingsskatten for Indre Sogn for 1672 vert det gjeve opplysningar om kven som eig gardane, og om alle gardar i Jostedalen heiter det her at "Christopher Gierdtzen eyer".[3] Listene over odelsskatten frå same tida fortel tilliks med andre kjelder at Morgenstierne umogleg han ha ått jostedalsgodset på dette tidspunktet, så det var nok snakk om ei forvaltningsavtale.

Morgenstierne døydde i 1679, og enkja hans, Birgitte Munthe, fekk skøyte på alt jostedalsgodset av Lillienskiold i 1681, åtte månader før han sjølv døydde (skøyte 26. mars 1681). Birgitte Munthe var tante til Marie Lem (dotter til Birgittes syster Abel) som var gift med Lillienskiolds son med same namn (Hans Hansen Lillienskiold (1650-1703)). Birgitte Munthe fekk dermed hand om alle gardane i Jostedalen. Det kan ha vore Morgenstierne som gjennomførte kjøpet rett før han døydde i november 1679, for listene over odelsskatten for Indre Sogn tyder på at han har hatt hand om godset frå 1679.[4]

Etterkomarane til deira kalla seg sidan Munthe.[5] Jostedalsgodset vart no med nokre få unntak verande i Munthe-ætta fram til brukarane sjølve kjøpte gardane.

Tidlegare framstillingar har lagt til grunn at Birgitte Munthe berre selde unna éin gard, Myklemyr, til prestesonen Hans Ottoson Ravn i 1682. Dette er ikkje heilt korrekt. Prestesonen Hans Ravn dukkar opp som jordeigar fyrste gong i lista over odelsskatten 1682, men då både for to av tre partar på Myklemyr, heile Fossen og heile Ormberg. Ei seinare skatteliste (1686) presiserer at Ravn sjølv brukte Nedre Myklemyr og ein del av Øvre Myklemyr. I 1688 hadde dette endra seg. Hans Ravn åtte no berre Øvre Myklemyr medan Ormberg og Fossen hadde gått attende til Birgitte Munthe. Derimot hadde soknepresten Tøger Jensson overteke den siste parten i Myklemyr frå Birgitte Munthe, og Halvor Snøtun, leiglending på Snøtun, stod som eigar av Bergset. Stoda er sameleis i 1689, det siste året det ligg føre digitaliserte skattelister frå.[6]

Birgitte Munthe overdrog i 1687-88 delar av jostedalsgodset til sonen Ludvig Munthe, kapellan og seinare sokneprest i Vik. Birgitte eller Ludvig fekk nok raskt hand om dei gardane som var avhenda i 1688 bortsett frå Hans Ravn sitt bruk på Myklemyr. I 1691 vart òg Bjørkehaugen seld (til Anders Sjurson Kruna), men bortsett frå desse to gardane gjekk jostedalsgodset udelt frå Ludvig til sonen Christopher Munthe, sokneprest i Hafslo. Han selde ikkje unna ein einaste gard

I arveoppgjeret etter at Christopher døydde i 1754, vart jostedalsgodset delt på tre av sønene: Gerhard Munthe, Jens Munthe og Ludvig Munthe (1717-1785). Gardane vart delte slik:

Gerhard Munthe Jens Munthe Ludvig Munthe
Bruheim Fossen Sperla
Bjørk Bakken Åsen
Ytri Elvekrok Nedrelid
Espe Haugen Kjervik
Mjølver Hellegård Kreken
Nedre Fåberg Kruna Li
Øvre Fåberg Grov Bergset
Snøtun Vamberg Ormberg

Seinare fekk Jens Munthe òg hand om dei to Fåberg-gardane og Snøtun, den siste etter odelssøksmål.

Den fyrste som selde seg heilt ut av Jostedalen, var storebroren Ludvig Munthe. Alfred Espe har rekna ut at han selde til rimeleg takst - under 3 rdl per mark smørskyld i snitt.

Også Jens Munthe selde til rimeleg takst, om ein ser bort frå gardane han selde etter odelssøksmål. Han selde ned mot 2 rdl per mark smørskyld i snitt.

Stivaste prisen tok Gerhard Munthe. For Bjørk og Espe, som han selde i 1765 og 1770, tok han kring 9,8 rdl per mark smørskyld. Han var òg den einaste av brørne som ikkje selde seg heilt ut i si eiga levetid. Tre av gardane gjekk over til arvingane hans, som òg tok seg godt betalt. Det aller siste bruket som vart innløyst, Ytri, kosta brukaren kring 8 rdl per mark.

Overgangen til lokalt bondeeige

Det følgjande oversynet tek berre med fyrste tidspunkt gardar i Jostedalen gjekk frå eksternt eige til lokalt bondeeige. Ikkje alle gardar vart i fyrste omgang kjøpte av gardbrukaren på garden, sjølv om det var det vanlegaste. Dette er difor ikkje heilt ut overgangen til sjølveige i Jostedalen.

Gnr Gard År Fyrste sjølveigar Siste godseigar Kjøpesum Merknader
186/1 Nedre Myklemyr 1682 Hans Ottoson Ravn Birgitte Munthe  ? Dei andre bruka vart selde seinare. Øyane 1994, s. 2ff
187 Ormberg 1771, 10. september Anders Andersson Ormberg Ludvig Munthe 210 rdl Øyane 1994, s. 95. Hans Ravn åtte garden ca 1682-88
188 Fossen 1778, 28. juli Knut Guttormson Ødegaard Jens Munthe 250 rdl Øyane 1994, s. 118. Hans Ravn åtte garden ca 1682-88
189 Sperla 1764, 1. juni Erik Christenson Fossehaugen Ludvig Munthe 180 rdl + skogavtale Øyane 1994, s. 175
190 Åsen 1771, 10. januar Ole Anderson Åsen Ludvig Munthe 550 rdl Øyane 1994, s. 212
191 Nedrelid 1771, 10. september Lars Halvorson Garen Ludvig Munthe 372 rdl Øyane 1994, s. 255
192 Bruheim 1787, 13. oktober Sjur Olson Breum Hartvig Kaas Munthe og Frantz Rieck Munthe (sjå Gerhard Munthe)  ? Øyane 1994, s. 276
194 Bakken 1778, 28. juli Lars Sjurson Bakken Jens Munthe 250 rdl Øyane 1994, s. 376
195 Bjørk 1765, 6. mars Anders Tøgerson Bjørk Gerhard Munthe 560 rdl Øyane 1994, s. 425
196 Vamberg 1778, 28. juli Otto Larsson Vamberg Jens Munthe 90 rdl Øyane 1994, s. 462
197 Ytri 1794, 3. juni Knut Jetmundson Ytri Peder Leganger Rumohr (sjå Gerhard Munthe) 210 rdl Siste leiglendingsbruk i Jostedalen. Øyane 1994, s. 4
198 Kjervik 1771, 10. september Erik Knutson Kjervik Ludvig Munthe 250 rdl Øyane 1994, s. 498
199 Kreken 1771, 10. september Ole Henrikson Kreken Ludvig Munthe 260 rdl Øyane 1994, s. 521
200 Espe 1770, 16. mars Lars Jetmundson Espe Gerhard Munthe 650 rdl Lars måtte gje frå seg garden att i 1772 til Jens Munthe etter ei odelssak, men fekk kjøpt garden av han att 28. juli 1778. Øyane 1994, s. 545
201 Elvekrok 1778, 14. april Knut Olson Elvekrok Jens Munthe 40 rdl Øyane 1994, s. 574
202 Mjølver 1787, 23. oktober Rasmus Erikson Bergset Frantz Wilhelm Riech Munthe og Christopher Munthe (sjå Gerhard Munthe) 200 rdl Andre halvparten kjøpt av Chr. Munthe 25. mai 1788. Øyane 1994, s. 597
202/7 Bjørkehaugen 1691, 6. mars Anders Sjurson Kruna Ludvig Munthe (1657-1708)  ? Øyane 1994, s. 629 og 632
203 Li 1771, 10. september Hans Olson Lien Ludvig Munthe 500 rdl saman Bergset Øyane 1994, s. 668
204 Nedre Fåberg 1778, 28. juli Lars Andersson Fåberg Jens Munthe  ? Øyane 1994, s. 693
205 Øvre Fåberg 1778, 28. juli Ole Olson Fåberg Jens Munthe 350 rdl Øyane 1994, s. 722
206 Haugen 1778, 28. juli Anders Paulson Haugen Jens Munthe 250 rdl Øyane 1994, s. 749 og 753
207 Hellegård 1772, 20. februar Peder Hermundson Hellegård Jens Munthe 260 rdl Øyane 1994, s. 785
208 Kruna 1757, 26. oktober Knut Rasmusson Kruna Jens Munthe 300 rdl Øyane 1994, s. 828
209 Snøtun 1778, 28. juli Anders Pederson Snøtun Jens Munthe 450 rdl Øyane 1994, s. 851. Gerhard Munthe selde til brukaren 25.10.1757, men Jens Munthe tok garden på odel 27.3.1760.
210 Grov 1758, 10. januar Otto Olson Grov Jens Munthe 230 rdl Øyane 1994, s. 875
211 Bergset 1771, 10. september Hans Olson Lien Ludvig Munthe 500 rdl saman Li Øyane 1994, s. 895. Halvor Snøtun åtte garden frå 1688 og nokre år framover

Notar

  1. Brev frå Tøger Jensson, 9.8.1664
  2. Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
  3. Skatt av leilendinger, husmenn, strandsittere, drenger og sager, Indre Sogn, 1672 (Digitalarkivet)
  4. Frå odelsskatten 1678 til rosskatten 1679 aukar inntektene hans mykje, m.a. frå 2 1/2 til 19 1/2 bukkeskinn. Jostedalsbøndene betalte totalt ca 17 bukkeskinn i skatt, ei vare som elles er sjeldan i skatterekneskapa Stiftsamtstuerekneskap 1660-1690 (Digitalarkivet)
  5. «Munthe», Store Norske Leksikon
  6. Odelsskatten/rosskatten for Indre Sogn 1679-1689, Stiftsamtstuerekneskap 1660-1690 (Digitalarkivet)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Espe, Alfred. (2002). Jostedalen. Frå istid til sjølveigartid. Jostedal: Jostedal historielag, s. 50-51.
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy