Fjellheim (Bykle gnr 2/37)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Fjellheim
Alt. namn: «Hjå Åshild»
Utskilt: 1959
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 37
Type: Bustadseigedom

Fjellheim, lokalt kjend som «Hjå Åshild», låg tett ved riksvegen ovanfor der sentrumsbygget på Hovden ligg idag. I den gamle gards- og ættesoga er det oppført under overskrifta «Hjå Åshild», og så vidt me kan oppfatte var Fjellheim berre eit namn som vart påsett då tomta vart matrikulert i 1959, og som elles vart lite bruka. Åshild Bjåen åtte denne verestaden, og budde her.

Åshild var dotter åt Knut Bjørgulvsson Bjåen og andre kona Torbjørg Sjursdotter, fødd Vatnedalen. Huset her skaffa ho seg kring 1955. Ho arbeidde ved dette leitet som landpostbod på Hovden.

Sidan var ho fleire år i Kristiansand, men på eldre dagar flutte ho attende hit, og budde her til ho på slutten hamna på bygdeheimen.

Åshild Knutsdotter Bjåen, f 1907, d 1986, ug. Born:

  • Klara Olida, f 1933, fotterapeut, g m Halvor O. Fossheim, busett , Telemark, born:
  • Bente, f 1956
  • Helge, f 1959

Klara vaks opp hjå besteforeldra på Bjåen, men flutte til morsystera Gyrid i Bø for å gå på skule då ho var 15 år. Sidan har ho ikkje budd i Bykle. Huset etter mor hennes vart rive avdi tomta hadde vorte regulert til andre fyremål, men Klara har likevel framleis materiell tilknyting til Hovden, ettersom ho i 2002 ervde eit utmarksstykke på omlag 25 mål kalla Sjurstad, gnr 1, bnr 20, etter morbroren, Sjur K. Bjåen. Det ligg i nedre kanten av Lundane, nordom Sigvaldson-hylen. Sjurstad og hytta som ligg der er sidan overtekne av sonen, Helge.


0941 Bykle komm.png Fjellheim (Bykle gnr 2/37) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Flatemo • Neste bolk: Furumo