Forside:Bygland kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 12:12 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder (Distrikt: Setesdal) • Vest-Agder
KOMMUNE: Arendal • Birkenes • Bygland • Bykle • Evje og Hornnes • Froland • Gjerstad • Grimstad • Iveland • Lillesand • Risør • Tvedestrand • Valle • Vegårshei • Åmli

Om Bygland kommune
0938 Bygland komm.png
Bygland er ein kommune i Setesdalen i Agder (før 1. januar 2020 i Aust-Agder). Kommunen grensar mot kommunane Birkenes og Evje og Hornnes i sør, mot Åseral, Kvinesdal og Sirdal i vest, mot Valle i nord og mot Fyresdal og Åmli i aust. Bygland er ein høgtliggjande innlandskommune — det meste av området ligg over 700 meter over havet. Kommunen ligg på begge sidene av elva Otra og Byglandsfjorden. Det meste av busetjinga i kommunen finst langs dalbotnen. Kommunesenteret heiter òg Bygland. I nord er bygda Ose viktig, og i sør er hovudsenteret Byglandsfjord. I tillegg kjem blant anna dei mindre stadene Grendi, Jordalsbø og Åraksbø. Byglandsfjord er endestasjon for Setesdalsbanen. Den freda stasjonsbygningen husar ein filial av folkebiblioteket, og staden er utnemnd til tusenårsstad for kommunen.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle.
Foto: Siri Johannessen
(2016)

Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han. I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.

Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes   Les mer …

Byglandsfjord stasjon
Setesdalsbanen er jernbanestrekningen som opprinnelig gikk mellom Kristiansand og Byglandsfjord i Setesdal. Banen var 78 km lang. Den ble bygget smalsporet med sporvidde 1067 mm (3,5 fot). Banen ble nedlagt i 1962, men en strekning av den er bevart og drives idag som museumsjernbane.   Les mer …

Dale – gard nr. 56 i Bygland kommune, foto frå 1910–1915.
Dale er ein namne- og matrikkelgard i Bygland kommune. Garden femner om eit areal på ca. 25 000 da i eit samla område mellom Byglandsfjorden og grensa mot Åseral. Eit mindre areal vart på 1800-talet skild ut til heie-eigedomen Trældalen – elles er det ikkje kjend endringar i gardsgrensa. Dale må vere ein opphavsgard og difor svært gamal. Det er lite grunn til å tru at nokon gard er skild ut, men ein kunne nok tenke seg at Ormsli (nå Frøyrak) opphaveleg kan ha høyrd til Dale – om då ikkje heile Frøyrak er skild ut frå Dale i svært gamal tid.   Les mer …

Gunnar Aakhus
Foto: Norske skolefolk, 1952
Gunnar Aakhus (fødd 26. september 1885 i Bygland, død 9. januar 1970) var lærar og skulestyrar. Lengst verka han i Kragerø. Han var son av bonde Aanund G. Neset og Gro Danielsdotter. Aakhus gjekk jordbruksskulen og tok eksamen ved Notodden lærerskole. Seinare tok han fleire lærarkurs og gjekk ein vinter ved danske høgskular.   Les mer …

Frøyrak er gard nr. 55 i Bygland kommune. Gardsvaldet femner om eit areal på om lag 13 500 da i to teigar. Hovudteigen ligg omkring garden, ved fjorden og innover til og med Røyrfjell. Det verkar ikkje naudsynt å tenke seg at Frøyrak har gått ut frå nokon annan gard, men det er vanleg å tenke seg at opphavsgardane hadde gardsvald som gjekk frå fjord til langstreng, dvs til Åserals-grensa. Det har ikkje Frøyrak, og ein må då tenke seg at garden i svært gamal tid har gått ut frå Dale. Den andre teigen er eit heieområde omkring Ormslivatna, mellom gardsvalda til Dale og Horverak/Tveitå. Det finst ikkje kjelder som kan fortelje om korleis dette området kom under Frøyrak, anna enn det at begge bruka har sin del av Ormsli, slik at Ormsli må ha høyrd med frå før bruksdelinga midt på 1600-talet.   Les mer …

Frøyrak ”der heime”, garden til Olav Frøyrak. Fotografiet er teke frå Sikkom, odden der Skjørings grav var, og der Spelemannssteinen er – Frøyrak var på 1800-talet eit musikalsk senter i Setesdal.
Olav Frøyrak (fødd 1918 på Frøyrak i Bygland, død 2006) var gardbrukar på Frøyrak. Tormod Tveitå har skreve ned nokre soger etter det han kallar "ein sogeforteljar i vår tid":

Olav vart fødd på Frøyrak i 1918. Som einaste sonen på bruket ”der heime” var på mange måtar lagnaden fastsett: Han skulle bli på Frøyrak og drive garden. Ikkje slik at eg trur han hadde noko mot denne lagnaden. Men der kom ikkje mange ungjenter til ein veglaus gard på vestsida av fjorden, og som mange andre har opplevd: Ein finn seg sjeldan gifte i skyttarlag og på skogeigarlagsmøte. Så Olav vart aldri gift. Men han var den staselegaste gamalungkaren eg nokon gong har møtt: Høgvaksen, kraftig og med ei kroppshaldning som ein ungdom heilt til det siste – og han var 88 år då han døydde i 2006.

Eg var aldri innom Olav og systera Berit utan at det vart tala om gamalt. Eg nemnde det ikkje, men straks eg kom heim sette eg meg ned med papir og blyant og skreiv det eg hadde høyrd. Kvar gong hadde eg høyrd noko nytt gamalt. Ei soge høyrde eg to gonger (Bjønnane under Hesteberga), men då eg skulle samanlikne dei to versjonane så var dei ord for ord mest identiske. Dei små forskjellane som var, var nok mi skyld.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Bygland kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar