Forside:Fedje kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. des. 2011 kl. 09:02 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Fedje kommune
Fedje komm.svg
Fedje kommune ligg i Nordhordland i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Gulen i nord, Austrheim og Alver i aust og Øygarden i sør. Kommunen vart oppretta i 1947, då øya Fedje og 124 mindre øyer og holmar vart utskilde frå Austrheim kommune. Fedje var den siste kommunen som vart skipa før dei omfattande samanslåingane som følgde etter Schei-komiteen sine utgreiingar.

Administrasjonssenteret er tettstaden Fedje, der om lag 75 % av innbyggjarane bur. Med eit folketal på om lag 560 er Fedje den nest minste kommunen i fylket.

Fiske er ein viktig næringsveg i Fedje. Industrien i kommunen er i stor grad knytta til fisket, med fiskeforedling og mekanisk verkstad. Turisme har òg vorte ei viktig inntektskjelde.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Om lag 1960, nordre del av Rognsvågen. Til venstre Nedst-Tangen bnr 218, busetnaden i Rognsvågen bak.
Nedst-Tangen er eit gardsbruk i Fedje kommune.

Dette er det sørlegaste av bruka i Tangane. Uttalen er «nestånjenn». Det tidlegare namnet Tangen Indre er brukt første gong i 1645. Søre Tangen har av og til vore nytta som nemning, m.a. i 1666, 1701 og 1769. Den gamle landskylda var på ½ våg fisk.

1. Ola Jonsen er nemnd i 1603, 1612, 1614 og 1617, så då var det to bruk i Tangane, nordre og indre.   Les mer …

Flyfoto Moldøyna 1963. Våningshusa frå venstre: bnr 12, bnr 2, bnr 20 og bnr 3.
Foto: Widerøes Flyveselskap

Moldøyna er ei øy som ligg nord for hovudøya Fedje. Den vart knytt til Fedje ved ei vegfylling i 1960/1961. Namnet kjem av mold, jord (O. Rygh). Uttalen er «målløynæ» eller «mådløynæ». Første gongen me finn namnet i dei skriftlege kjeldene i 1603, vart det skrive Moldøen. Dette var lenge den vanlege skrivemåten, og vert framleis nytta som slektsnamn av mange.

Den gamle landskylda til Moldøyna var 1 våg 18 merker fisk, eller i smørskyld 1 pund 21 merker. Matrikkelen 1665 syner at ein på heile Moldøyna kunne fø sju naut, utsåd er ikkje nemnt.   Les mer …

Flyfoto 1963. Heilt til venstre Kremmarholmen bnr 2 og bnr 1. Prestestova står enno. I midten bnr 6 (Holmen), så bnr 60 og bnr 62. Bak frå venstre vegfyllinga til Moldøyna, så Børhaugen og Brotet.
Foto: Widerøes Flyveselskap
KremmarholmenFedje er første gongen skriven med dette namnet i 1665. Det var i matrikkelen frå dette året, og her heiter det «Kremmerholmb nu først taxerit», med landskyld 18 merker fisk og kan fø eit naut, utsåd ikkje nemnt. Dette må tyda at Kremmarholmen alt hadde vore eit eige bruk ei tid, men at det først no vart utskilt frå Holmen. Ein av brukarane under Holmen nr 4 kan ha budd her, utan at ein kan seia kven av dei. Namnet kjem naturleg nok av kremmar, landhandlar. Det har igjen sin bakgrunn i at det var her handelsmannen på Fedje etter kvart vart buande. Tidlegare hadde han halde til på nabobruket Ertsholmen (1). Bakgrunnen for opprettinga av handels- og gjestgivarstader, er den rolla som skipsleia har spelt i å binda menneska frå ulike delar av distrikt og land saman. Etter kvart som det vart aukande trafikk og samhandel mellom dei ulike distrikta, oppstod det ein trong for høvelege stoppestader langs kysten, der ein kunne få overnatting og elles proviantera. Det var stader med gode hamner som låg lagleg til som peikte seg ut og etterkvart danna sentrale knutepunkt i båttrafikken. Med sine gode hamnetilhøve og gunstige plassering i skipsleia langs kysten og ved innløpet til Bergen, vart Kremmarholmen på Fedje den naturlege handels- og gjestgivarstaden i dette området. Saman med dei andre tilsvarande stadene i skipsleia, var såleis Fedje del av eit større kommunikasjonssystem. I Bergen byprivilegium av 1702 fekk kjøpmennene i byen løyve til å oppretta kremmarleier på landet. Eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein «gesell». Som nemnt under nr 1 på Holmen, hadde det alt lenge vore eit kremmarleie på Fedje.   Les mer …

Ola Jakobssen Aa lengst til venstre.

Ola Jakobssen Aa (født 4. november 1877 i Gloppen, død 24. desember 1963 på Stord) var lærer, lokalpolitiker og aktiv avholdsmann.

Han vokste opp i Gloppen, som sønn av bonde Jakob Bertelsen og Rakel Arnesdatter. I 1901 tok Aa eksamen ved Stord lærerskole og begynte som lærer på Stord. Fra 1907 til 1911 var han ansatt på Stalleland skole i Landvik. I perioden 1911-15 arbeidde han som lærer og klokker i Fedje, der han bodde på SkolheimKopper. Fra 1916 var han tilsatt ved Sagvåg skule på Stord. I 1921 fikk lærer Aa statsstipend for å reise til Sverige og Danmark.

Aa var distriktstemplar i Sunnhordland (I. O. G. T.) og formann i ei kristelig ungdomsforening. Både i Landvik og Fedje satt han i herredsstyret, og i Fedje var han dessuten bankrevisor og medlem av skolestyret. Ole Jakobssen Aa var varamedlem av Stord herredsstyre.

I 1906 gifta han seg med Åsa Karoline Pedersdatter Hatland, født 1879 på Stord. Foreldrene hennes var bonde og bygningsmann Peder Jakobsen og Aasa Hatland. Ola og Karoline Aa fikk fire barn, en sønn og tre døtre.   Les mer …

Holmengrå fyr i 2022
Foto: Karsten Madsen
Holmengrå fyrstasjon er eit fyr i Fedje kommune i Nordhordland. Det vart oppretta i 1892. I 1986 vart det automatisert og avbemanna. 1. Fyrkommisjonen av 1828 hadde gjort framlegg om Holmengrå for eit nordre innseglingsfyr til Bergen. Men fyrkommisjonen av 1851 kom til eit anna resultat, då dei etter ei synfaring rådde til eit kyst- og innseglingsfyr på Hellisøy. Dette kom då i første omgang, sjå gnr 173. I 1890 kom det framlegg om å flytta fyret på Rongeværet i Austrheim (oppretta i 1870, sjå Austrheimb. III s 649) til Holmengrå. Rongeværet vart deretter nedlagt og erstatta av ei fyrlykt, og Holmengrå fyr vart bygd i 1892, på den nordlegaste holmen på Fedje. Det gav rettleiing for m.a. innseglinga til Sognesjøen. Fyrvesenet fekk skøyte for 1400 kr på holmen i 1893, frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Det vart bygd ein fyrvaktarbustad med tårnlykt på taket, eit uthus og naust. I 1908 vart det bygd assistentbustad. I 1916 rapporterte fyrvaktaren at fyrbygningen var skadd pga uvær, sjøen slo ikkje sjeldan mot den. Same året vart fyrbygningen flytta eit stykke mot søraust til eit høgare punkt. I 1948 vart det vedteke at det ikkje lenger skulle vera familiebustader her. Fyrvaktarbustaden vart ominnreidd med hyblar og fellesrom, og assistentbustaden vart seld og riven. I 1955 vart det bygd eit nytt fyrtårn med maskinhus på vestsida av holmen. Fyret vart automatisert og avfolka i 1986. Forsvarsbygg fekk skøyte på fyrstasjonen i 2013.   Les mer …

MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.

Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Fedje kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar