Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Nordstog Glidbjørg i slåtten ein gong i 1970-åra. Bilete frå Marie Glidbjørg.

Glidbjørg (Nordstog Glidbjørg) ligg vestom Otra og heilt i nordenden av det gamle stavenesgardsvaldet i Bykle kommune. Såleis er det vel enklast å seia at han ligg mellom Berdalen og Stavenes. Mot nord deildar eigedomen mot Berdalen, mot vest går han til Otra, mot sør og søraust til Glidbjørgåi, men likevel slik at ein teig på sørsida av elva høyrer Glidbjørg til. Etter jaktkartet skal det samla gardsvaldet vera på 12 489 mål, men dette er dela på fleire bruk, og den nærare fordelinga dei imellom har me ikkje funne skikkelege oppgåver om.

Når me ovanfor har sett bruksnamnet Nordstog i parentes, er det avdi dette namnet har vore nytta om det opphavlege bruket etter at Systog vart utkløyvd i 1920.

Gardsnamnet har etter Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne 11, 214) samanheng med det gamalnorske verbet glitra, som han legg ut som «glimre, glindse, skinne». Tydinga skulle då verta «Det glitrande berget», noko som passar godt, ettersom det ovanfor garden ligg eit noko høgt berg som vert kalla Glitretind. Når dette berget er vått, og får solskin på seg, glitrar det i det, og det kan snautt vera større tvil om at dette er opphavet til gardsnamnet.   Les mer …

Hisdal med Haugen til høgre. Bilete frå Agderposten ein sumardag i 1990-åra, hit frå Geir Kallhovd, Kristiansand.

Der uppe ligg tun i tun med Store-Hisdal, bnr 2, på høgre sida når ein kjem inn i Hisdal. Det ligg litt høgre i terrenget, og har difor vore omtala som Hisdal Der uppe. Sume kjelder kallar det likevel Haugen, men det er vrangt å få til at det ligg på ein haug, og Hisdal-ætlingar meiner at Haugen-namnet kom hit med dei som budde her frå 1930 og frametter. Difor held me fast på Der uppe som bruksnamn.

Ved det leitet då Sigurd Knutsson heldt til på bnr 2, budde au Olav Ånundsson i Hisdal. Me vil helst rekne med at han budde på dette bruket, men det er vel også tenkjeleg at han ha vore sambrukar med Sigurd, og halde til i same stoga som han.

Etter tida og namnet ville det høve godt om Olav var son åt Ånund Alvsson på bnr 3 i Mosdøl, står det i Vallesoga (VI, 124). Ettersom Olav vart oppskriven med etternamn Mosdøl då han gifte seg i 1754, og han og kona budde der, og det også er godt rom for at Ånund Mosdøl kan ha fått ein son kring 1724, vil me oppfatte denne løysinga som sannsynleg.   Les mer …

Strandehagen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Strandehagen eller berre Hagen ligg i det sudaustre hyrna av Trydalskvelven i Bykle kommune, og deildar i nord mot Strondi, i sør mot Lislehisdal og Torstveit, og i aust mot Storstein.

På grunnlag av namnet (hamnehagen til Strondi) skulle ein vente at bruket hadde gått ut frå Strondi. Dette er likevel ikkje tilfellet, for etter det me kan skjøne må Hagen, på same måten som Strondi, ha vore ein del av det skogstykket som hadde vorte kaupt innåt Systog og Storstein i 1843. Då denne teigen vart dela i to bruk i 1882, fekk den parten som høyrde til Systog lnr 46 a.

Rudningsmannen, og den fyrste til å bu her, heitte Tarald Tarjeisson. Han var frå Systog, nest eldste son åt Tarjei Olavsson på det bruket og andre kona, Birgit Taraldsdotter, fødd Mosdøl.

  • Tarald Tarjeisson Trydal, f 1855, d 1936, til Amerika med huslyden 1893, sjå nedanfor
g 1880 m Gunvor Mikkelsdtr. Nesland, f 1856, dødsår ukj.   Les mer …

Hagen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Hagen i Bykle ligg mellom Haugebakk og Øystre Haugen, rett nedanfor Samyrkelaget.

I utgangspunktet var det plass under Uppistog Byklum, og den fyrste som budde her var Andres Olavsson. Då han gifte seg, vart han oppskriven i kyrkjeboka med etternamn Tveiten, og med det namnet finn me han også i den gamle gards- og ættesoga (144). Men tilknytinga hans til Tveiti var ikkje annleis enn at han hadde vore dreng der ei tid. Foreldra hans, som heitte Olav Tarjeisson Nesland og Ingebjørg Andresdotter, fødd Brotteli, budde på Strandestøyl. Dei er omtala i bolken om den verestaden, og sonen skulle difor ha vorte oppførd med etternamnet Strandestøyl i denne boka. Men ettersom han, etter at han flutte åt Hagen, alltid tykkjest ha vore omtala med etternamn Byklum, skal me gjera det same.   Les mer …

Kultran sumaren 2004.
Foto: Tor Hallvard Mosdøl

Kultran er eit gardsbruk som ligg rett nedanfor Bykle gamle kyrkje. På vestsida er Torsbu og Bykle nye kyrkje næraste grannane, på austsida kjem ein til Juvet, og mot nord ligg Innistog. På sørsida renn Otra.

Namnet Kultran kjem truleg av kult, m, som tyder rund hump eller haug. Kultro er dativforma av Kultran. Difor heiter det «Han bur på Kultro».

Bruket kom fyrst til ved ei deling av Austistog i 1844. Det var Tarjei Oddsson Byklum som då selde denne halvparten til Pål, den yngre bror sin. Tarjei hadde overteke Austistog etter faren, Odd Tarjeisson Røysland, då denne døydde i 1839, men sjølv heldt han på denne tid til i Attistog Gjerden, som han hadde teke på odel frå Åvold Jonsson i 1815. Den halvparten av Austistog som Tarjei sat att med etter 1844, overdrog han i 1847 til Olav T. Bjørnarå, som samstundes overtok Attistog hjå han. Tarjei fekk Bratteland i byte, og flutte dit.

Pål Oddsson sat då eit tak her på bruket, men truleg berre nokre få år frå 1844 og frametter. For etter at Olav T. Bjørnarå overtok Attistog Gjerden og flutte dit, tykkjest Pål å ha bruka heile Austistog. Han må då ha leigd den halvparten han ikkje åtte. I desember 1863 kaupte Pål att parten av Olav, som då budde i Stavenes. Om Pål budde i Austistog eller på Kultro i åra frå 1847 til 1863, er ikkje dokumentert, men etter tradisjonen var han i Austistog det meste av tida, og me har difor plassert den nærare omtalen av han der.   Les mer …

Breive i 1963 eller 1964. Nærast ligg Flaten (bnr 6), bak Haugen (bnr 2) og attlengst stoga i Midbø (bnr 7).
Foto: Gerd Fosse Hovden
Breivegardane ligg vestanfor Hovden i Bykle kommune, på ei etter måten flat landstripe på nordsida av Breivevatnet. Vatnet ligg på 760 m.o.h., og innmarka på gardane då sjølvsagt endå noko høgre, så dette er verkelege fjellgardar. Avstanden frå Hovden sentrum til Nordgarden, som er det inste bruket, er omlag 5 km. Køyrer ein vestetter frå Hovden, kjem ein fyrst til Flaten, dinest til Haugen, så til Midbø og Solbakken, og endeleg til Nordgarden. Pollenanalysar viser at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden (jfr. Helge Irgens Høeg: «Blomsterstøv fortel historie» i Hovden. Arkeologi og historie, 1991). Berre på denne bakgrunnen er det vel grunn til å rekne med fast busetnad frå 500-talet og frametter, men denne tanken får ytterlegare støtte gjennom jernvinnegranskinga, som har kome fram til at «det har stått hus på selve jernvinneplassene», og at «anleggelsen av blesterovner inne i hus har vært motivert av ønsket om å beskytte virksomheten mot snø om vinteren» (Tom Bloch-Nakkerud: «Kullgropen i jernvinna øverst i Setesdal», Universitetets Oldsakssamling Variabd.15, 1987, 146 f). Når folk bygde vinterhus over blestergropene sine, slik at dei kunne arbeide med jernvinna året rundt, lyt me tru at dei også hadde bustadhus.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest