Forside:Kulturminner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Portal underside
Mal:Portal liste

Mal:Portal underside Mal:Portal kategoritre Mal:Portal tickerboks

Mal:Portal randomteaser

Hornnes jernbanebru
Foto: Geir Daasvatn
Hornnes jernbanebru er ei bru over Otra rett før elva renn ut i Breiflå i Evje og Hornnes kommune lengst sør i Setesdal. Brua vart bygd i 1895-1896 før opninga av Setesdalsbanen i 1896. Ho er 140 meter lang og oppført i stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint tilhoggen av tilreisande rallarar, etter det som vert sagt mykje svenskar. Ein steinhoggar Johanson, som også vart kalla Bergman, skal ha leia arbeidet.

Setesdalsbanen blei lagt ned i 1962. Brua blei i 1969 bygd om til gang- og sykkelbru mellom Hornnes og Evjemoen/Bjoråvika. Ombygginga vart gjort av eit britisk ingeniørkompani som var på vitjing på Evjemoen, 29th Field Squadron RE.

I samband med hundreårsjubilèet for Setesdalsbanen i 1996 byrja Evje og Hornnes kommune å planlegge naudsynt restaurering av brua. Eit storstilt restaureringsarbeid blei utført i 1999. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, fylkeskommunen, det britiske ingeniørkompaniet frå 1969 (som også nå gjorde arbeidet) og private bedrifter.

Brua er eit mykje vakkert syn. I kulturminneåret 1997 blei ho vald ut til å vere kommunen sitt spesielle kulturminne. Ho er også verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen, og i planen gitt spesiell høg verneverdi.   Les mer…
Byklestigen i 1974, før restaureringa.
Foto: Reidar Tveito

Byklestigen er ein del av den gamle vegen mellom Valle og Bykle i Setesdal. Det er eit farleg parti av vegen, som no er erstatta av riksveg 9 som går i tunnel her.

Ein veit ikkje når vegen fyrst vart opparbeida, men han byrja som ein bratt stig og er nemnt i 1780. Det vart sett opp rekkverk på begge sider av kleiva. Ein kunne ikkje ri opp stigen, og ein kunne heller ikkje ha kløv på hesten om ein var åleine. På vinteren var det særs farleg å nytte vegen, for vatn frå fjellet fraus til is. Fram til omkring 1770 var det få som torde å ta seg fram med hest her.

I 1997 vart stigen vald til Bykle kommune sitt kulturminne i kulturminneåret.   Les mer…
Husmannsplassen Kjelvik slik den er bevart som museum og samisk kulturminne.
Foto: Olve Utne (2009)
Kjelvik var en husmannsplass under Sørfjordmo i Sørfold kommune. Plassen eies av Sørfold Lokalhistorielag, og er et viktig samisk kulturminne. Den drives som en del av Nordlandsmuseet. Plassen ble rydda på 1700-tallet, i et område som lenge hadde vært brukt til reinbeite av lulesamer som vandra mellom Sverige og Norge. Husmannsfolket på plassen var etterkommere av reindriftssamer, som hadde beslutta å bli bofaste. Plassen var i drift som småbruk helt til den siste eieren døde i 1967.   Les mer…
Lureåe i september 2012.

Lureåe (Lure, Lura) er ei tverrelv i Austbygde i Tinn kommune i Telemark. Elva har vore drivkraft for ei mengd førindustrielle foredlingsverksemder som kverner, sagbruk og stampe. I dag er Lure kulturminneområde sentrert rundt Lureåe.

Namnet kan i følgje O. Rygh kome av gammalnorsk luđr som var brukt om ulike typar stokkar, særleg om ein bjelke som dannar underlag for kvernsteinar (møllebenk).

Åa renn ut frå fjellvatnet Lufsjå (1214 meter over havet) på grensa mellom Telemark (Tinn) og Buskerud (Nore og Uvdal), og får tilrenn også frå Akslarvatn i Skirvedalen i Tinn. Lureåe renn sørover forbi Lurestaul, gjennom Luredalen og ned dalsida til Austbygde, der ho renn ut i Austbygdåe like ved Tinn Montessoriskole (tidlegare Haukås-Lurås skule). Høgdeskilnaden mellom utspringet frå Lufsjå til utlaupet i Austbygdåe er om lag 300 meter.

Blant verksemdene som har funnest her gjennom tidene, har det vore mange kvernbruk.   Les mer…