Wikien har fått sin artikkel nummer 30 000! Gratulerer til Andreas Nordenstjerne som nådde denne milepælen med artikkelen om Engelke Godefroid de Løwenstierne.

Forside:Kulturminner

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Om forsiden
Alta helleristninger.jpg
Kulturminneforsiden presenterer artikler om kulturminner fra hele landet. Lov om kulturminner definerer et kulturminne som «alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til». Alder er ikke avgjørende, både steinalderens helleristninger og industrianlegg fra 1900-tallet er kulturminner. Størrelsen betyr heller ikke noe, der teller alt fra Nidarosdomen til et fingerbøll med.

Kulturminner fra før reformasjonen, som kalles fornminner, er automatisk freda. Det samme gjelder stående bygninger fra før 1650. I tillegg kan Riksantikvaren der det er ønskelig frede nyere kulturminner. Rundt 6000 bygninger og gjenstander er fredet i henhold til kulturminneloven.

Mange av kulturminnene definerer vi som en del av vår nasjonale arv, og en del av dem er med på å definere vår nasjonale egenart. Men kulturminnene forteller oss vel så mye om hvorfor et lokalsamfunn har blitt som det er. De er vitner fra andre tider, som venter på å fortelle oss sine historier.


Eksterne ressurser
Kategorier for Kulturminner
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
Ruiner
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
Mest lest
Smakebiter fra artikler
Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.

Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.

Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt.   Les mer…


Gressetgeita er ein fyring av aurgjeldstypen.
Foto: Olve Utne
Ein fyring (med kort y), òg kalla firing, er ein båt med fire par årar. Namnet blir særlig bruka om geitbåtar og åfjordsbåtar. I samband med årfjordsbåter blir namnet (stor)fyreng òg bruka om båter med fem par årar i nyare tid. Fyringen var den minste havbåten og i likheit med femringen vart han tradisjonelt gjerne bruka som linebåt. Han kunne òg fungere som føringsbåt ved behov. Innover på 1900-talet vart åfjordsfyringane ofte bruka til fiskeoppkjøp og salting på Hitra og Frøya. Åfjordsfyringar kunne òg ha løfting, eller avtakbar «hytte». Dei mindre fyringane hadde løftingen midtskips, og så var det rom til sjøbørnar frammi og atti. Storfyringane hadde gjerne løftingen atti.   Les mer…
Loptet frå Gjerden Der inne vert tidfest til 1600-talet. I dag står det i Huldreheimen, og då dette biletet vart teke, 20.7.2005, var det under restaurering.
Foto: Dag Rikard Olsnes

Der inne er eit av dei eldste bruka på Gjerden i Bykle. Etter det me kom til i bolken om den udela garden er Åvold Tarjeisson den fyrste kjende oppsitjaren her. Nett kva tid han døydde er uvisst, men siste venda me har funne han nemnd er i 1661. Sidan er han ikkje med i kjeldene våre, så han har vel lide av ein gong ved dette leitet. Rett nok vart ikkje skiftet etter han tinglyst fyrr i 1667, men at det stundom kunne taka nokre år mellom eit dødsfall og bokføringa av erveoppgjeret, var ikkje uvanleg. Sorenskrivaren utførde ikkje tinglysingar frå Bykle på kvar tingsamling, men tok fyre seg ein bunt når han tykte han hadde høveleg mange.

Åvold og kona hans hadde rett nok bruka 15 skinn veit me, men det dei åtte var berre 4 nottungar, står det i skiftet, og ettersom 1 nottung landskyld i Bykle tykkjest vera det same som 1/2 kalveskinn, var heile den faste eiga i buet berre 2 kalveskinn, dvs. 2/15 av den jorda Åvold hadde bruka, som då han døydde svara omtrentleg til dei seinare Der Inne og Nordstog.

Me set inn oversynet over familien hans på denne staden:

  • Åvold Tarjeisson Gjerden, n 1623, d ca 1661
g 1. m ukj., d fyre 1645.   Les mer…
Gjerden 1965. Frå venstre Der Nord, Derinne og Attistog. I øvre, venstre biletkant skimtar ein Huldreheimen.
Foto: Fjellanger Widerøe

Gjerden er ein matrikkelgard i Bykle. Dei gamle gardane i Kyrkjebygdi er Byklum, Mosdøl og Gjerden. Av desse er Byklum, som ligg i midten, klårt den eldste, medan Mosdøl i vest og Gjerden i nordaust er sekundære i høve til denne.

På denne bakgrunnen vil me meine at det peikar litt gale i veg, når Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (217) seier at «Jarinn er ein eigen gamal gard, medan Mosdøl kan ha gått ut ifrå Byklum». Både Mosdøl og Gjerden har ein gong i tida gått ut frå Byklum, men desse delingane ligg sjølvsagt langt attende, heilt sikkert fyre 1350.

Utover den nemnde plasseringa i bygda er det fleire grunnar til å meine dette. Ein er landskyldsatsane i 1600-åra, som for Byklum er så mykje høgare enn for grannegardane. Ein tredje er gardsnamnet. Om det siste hermer me den fylgjande passasjen etter Amund B. Larsen (NG IX, 214):

Sitat Udtaleformene [dvs. Jarinne (Nom.) og Jåro (Dat.)] svarer saa korrekt som det er muligt mod oldn. *Jarðirnar og dets Dat. *Jǫrðunum, Flt. af Jǫrð, f. som meget hyppigt bruges i Betydningen Jordstykke, Jordeiendom. At navnet altid har været skrevet som om det var oldn. Gerði, n, Jorde, kan ikke opveie dette, thi dette Ord vilde havt ganske andre Bøiningsformer. Sitat

Denne tolkinga virkar innlysande rett, så me skriv under på henne utan vidare.

I den gamle gards- og ættesoga (119-130) ser det ut til at Attistog vert rekna som det eldste av dei tre gamle bruka i Gjerden. Det er smått med konkrete haldepunkt for å avgjera dette spursmålet heilt sikkert, men i den mon Gjerden fylgde det normale garddelingsmønsteret bør bruket i midten, dvs. Der inne, vera det eldste. Me har valt å satse på at det faktisk var såleis, og så langt dette er rett, var då den fyrste delinga ei to-deling, der Attistog vart kløyvd ifrå. Dinest vart den andre halvparten (Nordstog / Der inne) dela på nytt, slik at det vart 3 bruk. Desse var i hovudsak dei same som dei me kjenner idag.   Les mer…
Stølsområde ved Ruken på Ustaoset, Hol kommune.
Foto: Lars K. Ødegaard/Hol bygdearkiv
Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar. Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.   Les mer…