Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.
MB «Arne Longva» M-25-S. Kjennesignal: LDNX. L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen bygde denne båten i 1955 for Leiv Longva, Gjerdsvika. Seinare fekk båten namnet «Straumingen». Båten er nærast kopi av «Nybør» som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955. Les mer …
Faksimile frå avisa Hardanger 5. mars 1988; utsnitt av omtale av utnevninga av Ståle Dyrvik til professor i Bergen.
Ståle Dyrvik (fødd 26. oktober 1943 i Vågan, død 25. november 2022) var professor i historie ved Universitetet i Bergen. Dyrvik var blant dei fremste ekspertane i landet på historisk demografi. Han vart cand. philol frå Universitetet i Bergen 1971 med hovudfagsoppgåve om befolkningsutviklinga i Etne i Hordaland 1660-1801. Etter hovudfaget heldt han fram med studiar i Paris i 1971-1972 under Louis Henry, familierekonstitusjonsmetodens far. Han hadde forskingsstipend frå 1972-1974, og har sidan da vore knytta til Universitetet i Bergen, frå 1988 som professor i tidleg nytids historie. Dyrvik har vore sterkt engasjert i lokalhistorisk verksemd. Han har gjeve ut fem band bygdebøker for Etne i Hordaland (1968-1995). Frå det vart oppretta i 1985 til 2002 sat han i det rådgjevande «edb-utvalet» for Norsk lokalhistorisk institutt. Les mer …
|