Forside:Rindal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. nov. 2010 kl. 22:52 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
EideSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHalsaRindal

Om Rindal kommune
1567 Rindal komm.png
Rindal kommune er ein kommune i Trøndelag, med namn etter kommunesenteret Rindal. Distriktsmessig hører kommunen til Nordmøre, men har òg tette band til Orkdalen. Han grensar mot Heim, Orkland, Meldal, Rennebu og Oppdal i Trøndelag og til Surnadal i Møre og Romsdal. Kommunen er den einaste av nordmørskommunane som ikkje grensar mot havet, og fram til overgangen til Trøndelag i 2019 var han òg den einaste kommunen i heile Møre og Romsdal som ikkje grensa til havet.

Rindal kommune vart oppretta i 1858, då området vart skilt ut frå Surnadal. I 1949 søkte kommunen om å bli overflytta til daverande Sør-Trøndelag fylke, men dette vart ikkje innvilga. Den 1. januar 2019 gikk kommunen over til Trøndelag fylke.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Eilert Moe (18791936) var ein lærar, dialektforskar og målmann frå Rindal kommuneNordmøre. Eilert Pedersen Moe vart fødd fredag 3. januar 1879 og døypt i Rindal kyrkje søndag 2. februar same året som son av skulelærar Peder Magnussen Moe (f. 1854), som opprinneleg var frå Stjørdalen), og Marit Evensdtr., f. Onsøyen, som opprinneleg kom frå Buvika i Skaun kommune. Eilert utdana seg til lærar ved Tromsø seminar og tok deretter skulepostar i Soknedalen og Meldalen føre han fekk lærarpost i Romundstad krets i Rindal kommune, der han vart verande resten av livet.   Les mer …

Visegruppa Skuggsjå vart starta i 1979 av Kolbjørn Botten frå Valsøyfjord i Halsa kommune. Gruppa hadde medlemmer frå Halsa, Surnadal og Rindal kommunar. Songrepertoaret var i stor grad basert på gamal historie og segner frå Nordmøre. Bandet gav ut to LP-plater og heldt ein god del konsertar, før det vart oppløyst ein gong i 1980-åra. Desse var med i Skuggsjå, for kortare eller lengre tid: Kolbjørn Botten: song, Gerd Foros: song, Ole Johan Botten: bass, Eistein Bæverfjord: trekkspel, Bernt Bøe: blokkfløyte, Solveig Johansson Grytbakk: fløyte, Jostein Dønnem: gitar og Karstein Svendsli: fiolin. I 1981 gav Skuggsjå ut si første LP-plate: På gamle tufter. Denne plata vart innspela i Viking Studio A/S i Øksendal i Sunndal kommune. Den andre plata kom i 1983, og hadde tittelen Skuggsjå. Innspelinga av denne plata vart gjort i Nidaros Lydstudio AS i Trondheim. Visene som Skuggsjå bruka var forfatta av lokale diktarar frå Nordmøre, til dømes Hans Hyldbakk og Jørgen A. Gravvold, begge frå Surnadal kommune.   Les mer …

Fangstgrop i Svartådalen 2009
Foto: Arnfinn Kjelland
Trollheimen er namnet på fjellområdet mellom Sunndalen i sør, Ålvundeid og Todalen i vest, Surnadalen og Rindalen i nord og Meldalen, Rennebu og Oppdal i aust (grove retningar). Her har gardar i desse bygdene hatt setrar i hundrevis av år. Svartådalen er ein av seterdalane her, Jøldalen, Folldalen, Resdalen og Gjevilvassdalen andre. Også det gamle seter- og slåtteområdet, seinare bureisingsgrenda Nerskogen i Rennebu ligg innafor området.   Les mer …

Dei nedre setrane.
Foto: Arnfinn Kjelland (2005)
Svartådalen er ein seterdal sentralt i Trollheimen, innafor grensene til Rindal kommune. Setrane her er rydda kring 1730 av tre gardbrukarar frå Indre Romundstad i Rindalen. Seinare kom setrane på handel og vart oppdelte, slik at i 1810 hadde desse fire gardsbruka på Romundstad setrar i dalen: Oppistuggu Indre, Austistuggu Indre, Utistuggu Ytre og Austistuggu Ytre. I tillegg hadde Tretta øvst i Rindalen den nedste setra i dalen. Utover 1800-talet begynte så gardbrukarar i Rennebu å kjøpe setrar i Svartådalen. Først var Bruholt, som kjøpte halvparten av seterretten til Austistuggu Ytre Romundstad i 1813. Sju år seinare kjøpte brukaren på Sørstuggu Grindal halvparten av seterretten til Utistuggu Ytre Romundstad, og om lag samstundes kjøpte Reitås den andre halvparten.   Les mer …

 
Sjå òg
 
Kategoriar for Rindal kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar