Forside:Salten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Nordland • Troms • Finnmark
Helgeland • Salten • Lofoten • Vesterålen • Ofoten
MeløyBodøGildeskålBeiarnSaltdalFauskeSørfoldSteigenHamarøy

Om Salten
Dei ulike regionråda i Nordland. Salten Regionråd, rett nordom midten, er vist i blått.

Salten (pitesamisk Salto, lulesamisk Sállto), òg stundom kalla Salta, er eit landskap og ein region i midtre Nordland som grensar mot Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Nordvest for Salten ligg øygruppa Lofoten på andre sida av det vêrharde havstykket Vestfjorden. Salten, saman med Ofoten, utgjorde tidligare futedømmet Saltens Fogderi. Folk frå Salten blir kalla saltværingar, og den lokale dialekten i området heiter saltværing. Salta (norrønt salpti, salfti) var det tidligare namnet på regionen og kan komme frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativforma Salta, og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten blitt ståande som den mest bruka forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Pitesamisk dimbargåhteSkeppsholmen i Arjeplog.
Foto: Olve Utne
Ei tømmerkåte (svensk timmerkåta), pitesamisk dimbargåhte, er ein hovudsaklig skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det ofte lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. Tømmerkåter er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland. Ei moderne utgåve av den samiske tømmerkåta blir produsert under namnet «grillkåte» eller «grillhytte».   Les mer …

Saltfjellet (bokmål/nynorsk) eller Sáltoduoddar (pitesamisk), òg skrive Sáltoduottar (nordsamisk) og Sálltoduottar (lulesamisk), er eit høgfjellsområde mellom Rana og Saltfjorden i Nordland fylke.   Les mer …

Pitesamisk kvinnekofte (t.v.) og mannskofte (t.h.) ved Dållågádden i Beiarn kommune.
Foto: Olve Utne
(2017)
Den pitesamiske drakttradisjonen hører, som pitesamisk kultur generelt, heime i området kring Saltfjellet og Sør-Salten så vel som i store deler av Pite lappmark i Svensk Lappland. I likheit med ume- og sørsamisk drakttradisjon så vel som deler av lulesamisk drakttradisjon, har den pitesamiske kofta oftast djup v-hals. Det mest kjennspake trekket elles i den pitesamiske drakta som er vanlig i dag er den fleirfarga borden, ofte med sikksakkmønster, langs splitten frampå kofta og ved enden av erma. På eldre kofter er borden gjerne smal, mens han kan vere svært brei på nyare kofter.   Les mer …

Trond Aakvik, aktiv lokalhistoriker i Rødøy i Nordland
Trond Aakvik (født 1952 i Glomfjord i Meløy kommune i Nordland) er en lektor og lokalhistoriker med røtter i Rødøy. Hans lokalhistoriske interesseområde er hovedsakelig Rødøy kommune, og han har forfattet flere lokalhistoriske artikler og bøker / hefter, blant disse om de merkepliktige fiskefarkostene i Meløy, Lurøy og Rødøy. Videre bidrar han til Meløyavisas «Fra det gamle album».   Les mer …

Den tidligare Kjemåga stasjon.
Foto: Olve Utne
Kjemåga stasjon var ein jarnbanestasjon mellom Lønsdal stasjon og Rognan stasjonNordlandsbanen. Stasjonen fikk namn etter elva Kjemåga. Denne stasjonen, så vel som Trettnes stasjon, Rusåga stasjon og Røkland stasjon, blei opna torsdag den 1. desember 1955 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Lønsdal til Røkland. Kjemåga stasjon vart nedlagt onsdag den 1. desember 1971.   Les mer …

Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar.   Les mer …
 


 
Kategorier for Salten
 
Andre artikler