Fyresdal Bygdemuseum

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. jul. 2017 kl. 06:49 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fyresdal Bygdemuseum ligg i Øyskogen midt i sentrum av bygda og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag.

Allment

Museet vart skipa 9. mars 1909. Det var på eit årsmøte i Fyresdals Vel at ein gjorde framlegg om å sette ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum. Til å byrje med hadde ein samlingane i lærarbustaden på gamle Gimle skule og noko seinare på stabburet på Moland prestegard. På garden Borgjæ Gnr.6 i Borggrend fekk ein så tilbod om to hus, eit stabbur og ei sers gamal årestove med grovt tømmer. På eit bilete teke av Bendik Taraldlien ser vi bygningane på opphavleg plass. Der var då eit tilbygg av nyare tømmer slik at ein ikkje ser sjølve bygningen på dette fotoet. Bygningane vart flytta til Øyskogen 1914/1915. Og etter kvart kom det fleire bygningar i dette tunet. Fyresdal Bygdemuseum er ein del av det konsolidera Vest-Telemark museum.

Øyskogen er og ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin 1000-års stad. Presten Iver Andreas Teisner var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen i den tida. Som takk for dette fekk ein stor bauta sentralt i området.

Galleri

Kjelder og litteratur

  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.

Eksterne lenker