Gaular Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gaular sogelag»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gaular Sogelag i Gaular i noverande Sunnfjord kommune vart stifta 22. januar 2008. «Laget har som føremål å fremje interessa for lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som har verdi for historia til kommunen (Gaular) og som kan fortelje om levevilkåra til folk gjennom tidene». I 2019 hadde laget 92 medlemmer.

Eit tidlegare Gaular sogelag vart stifta i 1946 og ga mellom anna ut Gaularsoga i tre band.

Leiarar

  • Rannveig Ryssdal Moldestad
  • Aud Lunde

Leif Lundgren (død 2019) var æresmedlem. Han laga mange illustrasjonar, teikningar av gamle bygningar og gav samlinga si til sogelaget.

Hovudaktivitetar

Laget har skipa til ei årleg stølsvandring og elles samlingar der ulike historiske hendingar, byggjeskikkar, folketradisjonar og liknande har vore tema.

Publikasjonar

  • Sogehefte kvart år sidan 2009, men ikkje i 2019.
  • Oppedal, Svanhild: Stølane i Gaular. Utg. 2019. 512 s.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).

Eksterne lenkjer