Gransherad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Området ved Gransherad kyrkje.
Foto: Hans Holterman Abel

Gransherad er ei bygd i Notodden kommune og tidlegare kommunesenter for Gransherad kommune, som vart innlemma i Notodden i 1964. Det er kring 750 innbyggjarar der, men dei er så spredd at Gransherad ikkje har status som tettstad.

Bygda ligg eit par mil nordvest for Notodden. Det er ein barne- og ungdomsskule med kring 100 elevar der, samt butikk, gjesteheim og nokre foretak. Sagbruk og lafteproduksjon har vore viktig der, og nokre av desse foretaka er framleis aktive. Eit tidlegare høvleri er ombygd til kulturhus.

Den tidlegare kommunen svara til Gransherad sokn. Gransherad kyrkje er frå 1849, og står truleg på same staden som ei eldre kyrkje.

Gransherad stasjonTinnosbanen hadde persontrafikk fram til 1991. Frå Tinnoset var det jernbaneferjeforbindelse til Rjukanbanen også fram til 1991. Fylkesveg 37 mellom Åmot i Vinje og Kongsberg går gjennom Gransherad.

Gransherad historielag vart skipa i 2007, og eig forsamlingshuset Tjonebakken.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 59.6911081° N 9.0397927° Ø