Halsnøya (Kvinnherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudbygninga på Halsnøy kloster vart bygd i 1841.
Sæbøvik er største tettstaden på Halsnøya.

Halsnøya er ei øy i Kvinnherad kommune i Sunnhordland. Ho ligg heilt sør i kommunen, på nordsida av Skåneviksfjorden. Høgaste punktet på øya er Ravnakulten, som når 291 meter over havet. Det er den største øya i kommunen både etter areal og folketal, og har ei utstrekkjing på 38 kvadratkilometer og omlag 2400 innbyggjarar (2006). Øya er mest kjend for Halsnøy kloster, som vart oppretta i 1163 eller 1164.

Sentrum og største tettstad på Halsnøya er Sæbøvik, som hadde 838 innbyggjarar i 2004. Øya nord for Sæbøvik kallast for «utøya», medan sørdelen kallast for «innøya». «Utøya» er lavlendt og nokså godt egna for jordbruk, og her finst klosterruinane, Eid kyrkje og Sunnhordland folkehøgskule, stifta 1868. Andre tettstader på øya er Eidsvik, Øvrevik, Landamarka, Fjelland, Høylandsbygd, Fatland, Arnavik og Toftevågen.

Halsnøya var tidlegare den mest folkerike øya på Vestlandet utan vegsamband med fastlandet, men sidan 2008 har Halsnøytunnelen vore open. Elles er det ferjesamband frå Ranavik heilt vest på Halsnøy til Leirvik på Stord.

Namnet Halsnøya kjem truleg av ordet hals, avdi øya er knipe saman ved eit eid. Øya vart tidlegare også kalla Halsne.

Administrativ historie

Administrativt høyrde mesteparten av Halsnøya til Fjelberg skipreide i 1647, og seinare til Fjelberg prestegjeld. I 2004, rett før prestegjelda vart oppheva, var Eid kyrkje hovudkyrkje for prestegjeldet. Den austlegaste luten av øya, med Ravnakulten og Mjelkavik, høyrde til Skånevik skipreide. Med formannskapslova av 1837 vart Eid kommune oppretta, han bestod fram til 1855, då han vart innlemma i Fjelberg kommune. Denne vart i sin tur slege saman med Kvinnherad kommune i 1964.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!