Haram kulturhistoriske lag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen.

Haram kulturhistoriske lag held til i HaramSunnmøre. Laget, som vart skipa 12. november 1972, gjev ut Årbok for Haram kulturhistoriske lag. I 1998 vart sogelaget medlem av Landslaget for lokalhistorie.

Det kulturhistoriske laget i Haram skal mellom anna «sikre historiske minne og kulturmerke i gamle Haram for ettertida», «vere eit bindeledd mellom bygda, fagfolk og styremakter i saker av kulturhistorisk verdi», «formidle kunnskap om kulturhistoriske ting» og «fremje kulturhistorisk interesse og allmenn trivsel og kontakt i bygdesamfunnet gjennom møteverksemd, registreringsarbeid, innsamlingsarbeid, skriftarbeid, synfarigar og utstillingar». Laget skal dessutan «stimulere til debatt om aktuelle saker og framtidsretta kultur- og miljøvernspørsmål».

I 2020 var det 250 medlemmer. Medlemstalet er svakt synkande.

Hovudaktivitetar

Laget gjev ut årbok kvart år, attåt ein heil del andre skrifter. Årboka for 2019 var skrift nr. 69 i rekka.

Haram kulturhistoriske lag har dessutan skipa til dagsturar og eitt og anna seminar. I 2017 arrangerte laget «400 år på Storegga» på Gunnabuda på Longva saman med Øyrådet på Longva. Oddvar Longva var den som fekk ideen og drog det i gang.

Tidlegare har det vore gjort eit stort arbeid med avskrift/omsetjing av gamle kyrkjebøker.

I samband med eit pågåande veg- og tunnelprosjekt, Nordøyvegen, mellom fastlandet og fleire øyar i Haram er det oppnemnt ei nemnd som samlar og digitaliserar all informasjon om dette prosjektet frå den spede starten på 1960-talet. Dette skal gje grunnlag for forskning i regi av Distriktshøgskulen i Volda på kva eit slikt samband vil utgjere for samfunnsliv, samfunnsstruktur etc.

Leiarar

  • Harald B. Haram 1972-1978
  • Palmar Fjørtoft 1978-1998
  • Hjørdis Skaar 1998-2000
  • Palmar Fjørtoft 2000-2006
  • Marit Mjøs 2006-2010
  • Sveinung Giske 2010-2011
  • Svein Nilsen 2011-2013
  • Sindre Rogne 2013-

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer