Hovden fjellstove

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jan. 2016 kl. 13:08 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovden fjellstove
Hovden 98.jpg
Hovden fjellstove 5.8.2005
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Soltoppen;
Hovdehytta;
Bjerkehytta
Utskilt: 1946
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 16
Type: Næringseigedom

Hovden fjellstove låg på bakketoppen ovanfor Fjellgardane skule, der ein nå finn leilighetskomplekset med namnet Soltoppen. Ho vart oppsett i 1951 av Georg Bjerke, og gjekk difor lenge under namnet Bjerkehytta. Bjerke var disponent i Setesdal Bilruter, og budde i fast i Byglandsfjord. Det var Ragnhild, kona hans, som dreiv fjellstoga. Ho hadde med seg ein son Geir, fødd 1943. Det var vesentleg sumars- og påskedrift, men sume år vart påska utvida avdi dei då hadde leirskule for danske skuleklassar. Dei tider dei var her budde familien Bjerke i ei hytte på baksida av fjellstova. Noko av denne styrarbustaden står framleis.

I 1967 kaupte Gotfred Edvard Olsen fjellstova, Bjerke og folket hans flutte sidan til Kongsberg, og dinest til Oslo. Olsen-familien var fastbuande i styrarbustaden.

  • Gotfred Edvard Olsen, f 1929, 2004 busett Oslo
g m Lillan Clüver, f 1924, d 1997. Born:
  • Bente, f 1964, tvill., p.t. (2004) under utdaning, busett Tvedestrand, g 1. m Helge Christian Christensen, born:
  • Anne Christine
  • Margrethe
  • Hege
  • Kristoffer
g 2. m Tarald Mykland
  • Britt, f 1964, tvill., sjå Tuftevegen 12, bnr 643
  • Line, f 1967, ktr.fullm., busett Arendal, g hv m Roger Hornberg, born:
  • Sandra
  • Kristian

Gotfred Edvard kom frå Danmark. Me har ikkje fått greie på namna åt foreldra hans, men mora skal ha vore frå Romania. Lillan var frå Lysaker ved Oslo, og dotter åt kunstmålaren Bernt Julius Muus Clüver og kona Britt Atla, fødd Nyquist. Det høyrer med her å nemne at døtrene åt Gotfred og Lillan nyttar etternamnet Clüver. I 1979 selde Gotfred og Lillan fjellstova, og flutte til Tvedestrand. Kauparane var Kjell Fritzman frå Kristiansand, systera Aud Inger og Harald Håvik, mannen hennes. Dei to sistnemnde flutte hit frå Stavanger.

Kjell Fritzmann selde året etter sin tredjepart til dei to andre, og overtok då sjølv forretninga Hovden Varesenter frå Kjetil Uleberg. Han budde i ei hytte han bygde seg i Otrosåsen, Fritzmann-hytta, bnr 2, fnr 57, og vert nærare omtala der. Men systera og mannen hennes lyt me presentere på denne staden:

  • Aud Inger Fritzman, f 1945
g hv m Harald Inge Håvik, f 1945. Born:
  • Ingunn, f 1975

Harald Inge Håvik kom opphavleg frå Haugesund, medan Aud Inger og Kjell August Fritzman hadde vakse opp på Mosby ved Kristiansand. Foreldra deira, som heitte Amy og Karl Fritzman, budde også på Hovden i periodevis, og hjelpte då Kjell i forretninga hans. Harald og Aud dreiv fjellstova til årsskiftet 1982/83, men då selde dei, og flutte til Sandnes. Kauparane var Harald Natvig og Karl Kittelsaa, som bygde huset om, og utvida det til ei husrekkje med leilighetar, som dei kalla Soltoppen. Samstundes bygde dei ei husrekkje til på baksida, som vart matrikulert under namnet Soltoppen 2. I 1984 vart båe husrekkjene seksjonerte, og seksjonane selde til fritidshusvære. I den fremre rekkja er 8 seksjonar, medan den attare har gjeve rom for 10.


0941 Bykle komm.png Hovden fjellstove er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Breiland • Neste bolk: Fjellgardstun