Imsland, Vikedal og Sandeid Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Imsland, Vikedal og Sandeid Sogelag i Vindafjord kommune vart skipa 27. mai 1991. Laget har til føremål å fremja interessa for slekts- og bygdesoge i dei tidlegare kommunane Imsland, Videdal og Sandeid, og «dette vil ein nå ved opplysing, registrering og innsamling av ulike typar kjeldestoff, skriftleg materiale, munnleg tradisjon og andre opplysningar som kan auke kjennskapen til desse bygdene si soge». Laget skal også arbeida for at verneverdige bygningar, gjenstandar og liknande blir tekne vare på.

I 2019 var det 83 medlemmer. Dei siste åra har det vore ein liten nedgang.

Hovudaktivitetar

Turar og arrangementer til «på gamle tufter». Kvar haust har laget eit arrangement frå gamal tid:

  • Torvskjæring.
  • Besøk i folgehus frå 1650.
  • 100-årsjubileet til Ørevikvegen.
  • Tur til Bjønnstien, Kulladalen, Helgeland, Stråtveit, Stuhaug gardsmuseum med meir.

Laget var også med på å reise eit minnesmerke etter stortingsmann i 1814 Rasmus Viland frå Ilsvåg i Sandeid.

Elles er det samarbeid med dei to andre sogelaga i kommunen om felles turar.

Publikasjonar

Vindetreet blir utgitt kvart år til jul. Vindetreet og Segn og soge (frå Ølen og Bjoa) blei slått saman i 2018.

Leiarar

  • Ola Vikedal
  • Audhild Ulland
  • Stein G. Sivertsen
  • Ola Bjørnsen
  • Oskar Aksland
  • Kjell Rønnevik
  • Oddvar Haugland
  • Signe Matre
  • Lars B. Skipevåg
  • Hans Olav Knutsen
  • Andreas Rosså
  • Torgeir Øverland
  • Ola Gjerde
  • Geir Torkel Roaldkvam
  • Randi Sletten

Andre sentrale personar

  • Thomas Finnvik, arbeider med bygdebok og pådrivar i Vindetreet.
  • Theodor Imsland, medlem i redaksjonen i Vindetreet.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer