Ingvar Bøhn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. nov. 2015 kl. 21:03 av Ida Tolgensbakk (samtale | bidrag) (Fjerner noe unødvendig luft.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peter Ingvar Bøhn (fødd 27. juni 1838 i Ullensaker, død 26. september 1924 i Gausdal) var teolog, forfattar, redaktør og ein av føregangsmennene for folkehøgskulerørsla i Noreg. Han er blitt kalla ein av dei førande pedagogiske ideologane for denne rørsla, i nært samvirke med Christopher Bruun. Bøhn dreiv i nokre år ein eigen folkehøgskule i Ullensaker, som han sjølv hadde starta. Så var han nokre år i Ullensvang i Hardanger. Men både før og etter dette arbeidde han ved Christopher Bruuns skular i Sel og Gausdal. Bøhn var sokneprest i Vestnes i Romsdalen 1896-1908.

Familie

Han var fødd og oppvaksen på garden Søre Algrem (Algarheim) i Ullensaker. Han var son av lensmann Hans Bøhn (1792-1855) og Emilie Josephine Konstantine Lassen (1807–79). Faren var fødd og oppvaksen i Eidsvoll. Han var underoffiser, og deltok i krigen i 1814. Emilie Lassen var dansk fødd, men voks opp hjå morbroren sin, sorenskrivar Laurentius BorchseniusPlogstad i Ullensaker.

Ingvar var nesteldst av seks sysken.

Ingvar Bøhn gifta seg 18. oktober 1887 med Ida Marie Bø (1842-1915). Ho var frå Gausdal, dotter av gardbrukarparet Ivar Pedersen Bø (1801-1860) og Mathea Iversdotter Glømmen (1809-1897). Ida Marie var syster av Per Bø, som hadde gjort mykje for å få Bruuns folkehøgskule til Gausdal. Ekteparet fekk ikkje born sjølve, men hadde to pleiedøtre som båe heitte Marta.

Utdanning

Bøhn førebudde seg på artium ved Hartvig Nissens skule i Christiania, vart student i 1856 og tok teologisk embetseksamen i 1867. Ved teologisk fakultet var han samtidig med Christopher Bruun, og innleidde eit nært venskap og samarbeid med han. Bøhn var som Bruun påverka både av Kierkegaard og Grundtvig.

Yrkesgjerninga

Bøhn var lærar ved Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel andre året den var i gang (1868-1869). Deretter drog Bøhn attende til heimbygda, og saman med residerande kapellan Jahn Müller sette han i gang ein folkehøgskule på garden Gislevoll. Denne gjekk berre i tre skuleår frå 1869 til 1872, da dei mest av økonomiske årsaker måtte gje opp prosjektet. I to år deretter arbeidde Bøhn ved Christopher Bruuns skule, som nå var flytta til Gausdal. Frå 1874 til 1877 var Bøhn hjå Johannes Helleland og hans folkehøgskule i Ullensvang, for så å vende attende til Gausdal og skulen der, som nå hadde fått sitt eige hus og namn Vonheim. Her arbeidde Ingvar Bøhn nå heilt til skulen vart nedlagd i 1896. Dei tre siste åra var han styrar, i røynda hadde han vore det alt frå 1890, da Bruun sjølv på den tid vende seg meir mot andre oppgåver.

Nå søkte Bøhn prestekall i Vestnes, der han var til 1908. Frå Vestnes flytta han og kona til Lillehammer, og da han vart enkjemann (1915) flytta Bøhn til syster si, Fredrikke, som budde på Algarheim i Gausdal (Follebu), og til sist hjå pleiedottera som var gift i Gausdal. Den andre pleidottera var gift i Vestnes.

I si tid i Gausdal var Bøhn ei tid redaktør for avisa Framgang, som var hovudorgan for Moderate Venstre på Austlandet. Han var også medeigar i avisa.

Litterær verksemd

Ingvar Bøhn utgav pedagogiske arbeid, songbøker med eigne og andres songar og dikt og teologiske skrifter.

Alt i byrjinga av folkehøgskuleverksemda, i 1869, gav han ut Norska Visor aat Folkehøgskular (andre opplag med tittelen Norske Visor aat Skulom, 1871), og i 1882-1883 Norske songar I-III (hefte III utgjeve av Matias Skard). Songane og salmene i desse utgjevingane var på nynorsk. Ei forteljing på vers (stev), Gunnar og Sigri frå 1891 er også skriven på nynorsk. Elles brukte Bøhn mest riksmål i sin prosa.

Dei pedagogiske ideane til Bøhn kjem best fram i Grunddrag av sproglæren til ledetraad ved den første undervisning (1881) og Ulærde tanker om verdenshistorien (1890).

Teologiske verk er Om underfulle helbredelser (1887), som byggjer på røynsler med eigne helseproblem, Jesu Kristi kristendom. Den første kristendomsskole (1911) og Kristendomstvilene i 1923, året før han døydde.

Kjelder og litteratur