Jørn Sandnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 24. jun. 2016 kl. 19:24 av Jobr (Samtale | bidrag)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk
Historikeren, bygdebokforfatteren og professoren Jørn Sandnes.
Foto: Privat/Det Norske Videnskaps-Akademi.

Jørn Sandnes (født 3. mai 1926 i Snåsa i Nord-Trøndelag, død 12. april 2007 i Trondheim) var ein framståande historikar og stadnamngranskar. Han tok artium på Steinkjer landsgymnas, historisk-filosofisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1953 med den stadnamnfaglege hovudoppgåva Elve- og innsjønavnene i Snåsa og dr. philos.-grad i 1971 med avhandlinga Ødetid og gjenreisning. Trøndsk busetningshistorie ca. 1200–1660. Han var den første som disputerte for doktorgraden i historie ved Universitetet i Trondheim.

Det er som lokalhistorikar og historikar Jørn Sandnes er mest kjent. Han skreiv bygdebok for heimbygda i to band, det som kanskje kan kallast den første regionhistoria (for Namdalen til 1600) og band 4 av Cappelens noregshistorie for perioden 1319–1448 saman med Steinar Imsen. I tillegg skreiv Sandnes ei lang rad populærvitskaplege og faglege artiklar i lokalhistoriske og vitskaplege publikasjonar i historie og stadnamngransking, og ei eiga handbok i lokalhistorie som i mange år har vore brukt som lærebok i faget. Det var òg Jørn Sandnes som i 1981 introduserte den totalhistoriske ambisjonen innan norsk lokalhistorie.

Sandnes var redaktør for Trondhjemske Samlinger i to periodar, 1966–1967 og 1969–1971, og for ikkje mindre enn 11 årgangar av tidsskriftet Heimen 1976–1986 (frå 1979 med Helge Salvesen som medredaktør). Han var nestleiar i Landslaget for lokalhistorie i perioden 1970–1982, norsk leiar for Det nordiske øydegardsprosjektet gjennom heile 1970-talet, hovudredaktør for Trondheim bys historie til tusenårsjubileet (1997) og eine- eller medforfattar av fleire bøker.

Jørn Sandnes vart norsk sendelektor i Kiel i perioden 1960–64 og universitetslektor i historie ved Noregs Lærarhøgskule frå 1965. Frå 1975 til han gjekk av med pensjon i 1993 var han tilsett som professor i historie ved Universitetet i Trondheim med særskilt ansvar for lokalhistorie. Han var dekan ved Avdeling for filologiske fag i åra 1978–1981, rektor ved Noregs lærarhøgskule 1981–1984 og rektor for Universitetet i Trondheim frå 1984–1987.

Bibliografi

Kjelder

  • Bjørkvik, Halvard 1996: Jørn Sandnes som historikar. Innsikt og utsyn. festskrift til Jørn Sandnes. Historisk institutt, NTNU: 12–24.
  • Kirkhusmo, Anders 1996: Jørn Sandnes. Universitetsmannen. Innsikt og utsyn. festskrift til Jørn Sandnes. Historisk institutt, NTNU: 25–34.
  • Sandnes. Åsa 1996: Jørn Sandnes. En bibliografi. Innsikt og utsyn. festskrift til Jørn Sandnes. Historisk institutt, NTNU: 283–291.
  • Stemshaug, Ola 2007: Jørn Sandnes 1926–2007. Nytt om namn. Meldingsblad for Norsk namnelag nr 45: 35–38.