Jens Kraft

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Kraft. Litografi 1842. Kunstner ukjent.

Jens Edvard Kraft (fødd i Kristiansand 22. desember 1784, død i Mandal 21. juli 1853) var jurist og embetsmann. Dei siste tjue åra av sitt liv var han sorenskrivar i Mandal. Mest kjend er han som litteraturhistorisk bibliograf og topografisk-statistisk forfattar, med storverket Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge (1820–1842) som eit ruvande høgdepunkt.

Bakgrunn og familie

Jens Kraft si familiehistorie gjev eit historisk interessant innblikk i sosialt samkvem, inklusive ekteskapsinngåingar, mellom bondestand, embetsstand og kjøpmannsborgarskap.

Foreldra var skipsreiar og kjøpmann i Kristiansand Even Kraft (1745–1814) og hans andre kone Marie Hielm (1744–1820). Ho kom frå ein kjøpmannsfamilie i Stavanger. Jens Kraft hadde ein bror, skipsreiar, kjøpmann og stortingsmann Jonas Kraft (1780–1830). Gjennomgådde kjelder nemner ikkje farens fyrste ektefelle ved namn, og ikkje eventuelle halvsøsken frå faren sitt fyrste ekteskap.

Den sosiale bakgrunnen til faren Even Kraft er verd litt ekstra merksemd. Han var fødd i Ringebu i Gudbrandsdalen, son av sersjant Jens Gulsrud og hustru Margrethe Eilertsen (1710–1788). Jens Gulsrud var etter alt å dømme ein yngre son frå garden Gulsrud i Modum.[1] Han vart underoffiser i Gudbrandsdalen, og budde på Trøståkermoen, som var ein av fleire husmannsplassar under Trøståker i Ringebu hovudsokn. Kona Margrethe var dotter til løytnant Ole Eilertsen (bondegut?) og hustru Abigael Kraft. Abigael tilhøyrde ei slekt av offiserar og prestar, som i følgje Ivar Kleiven inkluderte ein sokneprest og tre kapteinar som budde i Ringebu innan tidsrommet 1713–1827, og som «[med di] vart så innlivd millom bygdafolk og i bondekultur, at døm kain reknast for hælvt innfødde Ringbyggjinge'.»[2]

Even Kraft valde altså slektsnamnet sitt frå morssida av familien. Han skal ha vorte oppfostra hjå ein onkel, Caspar Petersen, som var prest i Tveit (nå Kristiansand kommune).[3] Dette kan i så fall gjere sitt til å forklare kvifor underoffiserssonen frå Gudbrandsdalen hamna i Kristiansand og slo seg opp som kjøpmann og skipsreiar der.

Jens Kraft gifta seg i 1817 med Henriette Rosenkilde (1783–1858), dotter av kjøpmann i Stavanger Børre Rosenkilde og hustru Anne Wilhelmine Nyrop.

Utdanning og embetskarriere

Den fyrste skulegangen fekk Jens Kraft i heimen. Frå tiårsalderen vart han undervist i latinskulepensum av magister Salomon Gjør, rektor ved Kristiansand katedralskule. Det gjorde at Jens kunne gå rett inn i avgangsklassen på katedralskulen. Han vart dimittert til universitetet som 14-åring, og avla examen artium i København i april 1800. Deretter tilbringa han 7–8 år som student der. Han las frå fyrst av teologi, men gjekk etter eit par år over til juss, og las mange andre fag ved sida av, derunder statistikk, moderne språk (engelsk m.m.), historie og litteraturhistorie.

Han tok juridisk embetseksamen i 1808, og drog attende til heimbyen Kristiansand. Her fekk han oppdrag som tolk og translatør i Priseretten. Si fyrste tilsetjing i embetsapparatet fekk han i 1814, som fullmektig i Indredepartementet (4. departement), som frå 1. januar 1819 vart slått saman med Finansdepartementet. Frå 1822 var han byråsjef i Revisjonsdepartmentet, og i Finansdepartementet frå 1823. I 1828 vart han ekspedisjonssekretær (øvste embetsmann i departementet) i Revisjonsdepartementet. Så i 1832 vart Kraft utnemnd til sorenskrivar i Mandal, eit embete han hadde til sin død.

Bibliografisk og litteraturhistorisk arbeid

Under sitt mangeårige studietid i København fekk Kraft tid til mange intellektuelle syslar i tillegg til sitt eige fagstudium. Mellom anna samla han biografiske og litteraturhistoriske opplysningar, og ikkje minst tok han utskrifter av mykje topografisk-statistisk litteratur om Noreg (sjå nedanfor). Det litteraturhistoriske arbeidet var tenkt som ei komplettering av Jens Worms Lexicon over danske, norske og islandske lærde Mænd (København 1771–1784). I staden kom materialet til nytte i eit nytt litteraturhistorisk leksikon som kom ut i tidsrommet 1818–1820, Almindeligt Litteraturlexicon for Danmark, Norge og Island, ved Jens Kraft og Rasmus Nyerup.

Kraft byrja mange år seinare på eit tilsvarande oppslagsverk spesielt for Noreg for tida etter 1814. Det vart utgjeve etter at han døydde, ved Christian C.A. Lange, men med Kraft som hovudforfattar: Norsk Forfatter-Lexicon 1814–1856. Det inngjekk seinare i J.B.Halvorsens Norsk Forfatterlexicon 1814–1880.

Topografisk-statistisk forfattarskap

Faksimile frå oppslagsside Norges Beskrivelse (1842)

Si sterke interesse for Noregs geografi, næringsliv og generelle tilstand hadde Kraft dyrka allereie i København-åra sine. Som departementsmann fekk han høve til å halde fram med dette i organiserte former. Frå fyrste stund i Indredepartemenet (frå 1814) arbeidde han systematisk med det som skulle bli hovudverket hans, Norges Beskrivelse. Det kom ut i seks band 1820–1835, med ajourførte utgåver 1838–1842. Verket var utgjeve for hans private rekning og risiko, men i god samforstand med departementa han til kvar tid arbeidde i. I tidsrommet 1845–1848 publiserte han ei oppsummering av Norges-beskrivelsen i Historisk-topographisk Haandbog over Kongeriget Norge.

Som forfattar av Norges Beskrivelse, og ved sitt arbeid i Indre-, Finans- og Revisjonsdepartementa vart Kraft ein sentral person i oppbygginga av norsk offentleg statistikk. Truleg var han sterkt medverkande til at amtmennene i 1827 vart pålagde å rapportere om amtets økonomiske stilling kvart femte år. Frå 1839 vart desse beretningane sterkt utvida og standardiserte. Departementet overlet til Kraft å utarbeide Beretning om Kongeriget Norges oeconomiske Tilstand i Aarene 1836–1840. Han fekk tenestefri frå sorenskrivarembetet for å gjennomføre dette offiselle oppdraget.

I 1828 hadde Kraft gjeve ut eit hefte til ei planlagd landsomfattande handbok for prestar som søkte kall, Statistiske Efterretninger om Norske Præstekald, med utgreiingar om kalla og oversyn over dei økonomiske vilkåra for presteembeta der. Det vart med det eine heftet som dekte Akershus stift.

Til den topografisk-statistiske verksemda kan også reknast Krafts innsats i bladet Budstikken, der han i tidsrommet 1817–1826 dels var medutgjevar, dels redaksjonsmedlem. Den «2. rekke» av Budstikken innheldt mest nettopp stoff innan dette emneområdet.

Anna publiseringsverksemd

I 1819 utkom dagboka il den norske botanikaren og legen Christen Smith, som tre år tidlegare hadde omkome under ein britisk ekspedisjon oppover Kongo-elva. Boka var delvis ei omsetjing frå engelsk, der delar av dagboka tidlegare var innlemma i ei beretning om ekspedisjonen. Jens Kraft stod for omsetjinga og dessutan for redigering av ein del tidlegare utrykte oppteikningar.[4] Utgjevinga var kostnadsdekt av universitetet i Christiania.[5]

Fagleg ettermæle. Heider og ære

Frå 1821 var Kraft medlem av Det kgl. Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, og litt seinare av Societé statistique universelles i Paris. I ettertid har Krafts innsats særleg for det topografisk-statistisk og litterærbiografiske arbeidet vore høgt vurdert av kompetente personar.

Fyrst bygdebokskrivaren Ivar Kleiven, som på ringebumål gjev denne sobre vurderinga i 1928: «[Norges Beskrivelse er] eit stort og godt arbei’ som i lang ti’ va eit kjeldeskrift i den lei’a. Jens Kraft ha vore ein overmåteleg flittaug forfattar og ein gløgg, kunnskapsrik mainn som va si samti’ te my’y gagn.»

Historikaren Andreas Holmsen skriv i Norsk biografisk leksikon 1936: «[…] Norgesbeskrivelsen blir av den økonomisk orienterte historieforskning i dag brukt flittigere end nogensinne, som det uuttømmelige kildeskrift den er om landets næringsliv i tiden umiddelbart før det moderne industrielle og kommersielle gjennombrudd […] Som helhet er hans forfatterskap i virkeligheten et av de mest imponerende litterære uttrykk for 1814-generasjonens nasjonale innstilling og medborgerlige pliktfølelse.»

I den neste utgåva av Biografisk leksikon følgjer Halvor Kjellberg ved Kjeldeskriftinstituttet opp som følgjer: «Gjennom sine arbeider gav Jens Kraft både myndighetene og den lesende allmenhet et helhetsbilde, allsidigere og mer pålitelig enn noe de før hadde fått, av landet de levde i, men bare stykkevis kjente. Han deltok ikke i politikken eller den offentlige debatt, men hans livsverk gir ham en plass i forreste rekke mellom nasjonsbyggerne av slekten fra 1814.»

I omtalen av utviklinga av den statleg produsert statistikk i fyrste helvta av 1800-talet skriv historikarane Einar Lie og Hege Roll-Hansen følgjande: «I Norge er Jens Kraft den sentrale, sammenbindende skikkelsen [...] en viktig drivkraft i oppbyggingen og utviklingen av tabellproduksjonen i den nye norske sentraladministrasjonen i 1820- og 1830-årene.»

Jens Kraft vart riddar av Vasaordenen i 1838 og riddar av St. Olavs Orden i 1847.


Referansar

  1. Slektshistoriewiki, oppslag «Kraft (slekt)»
  2. Kleiven, I. 1928:262.
  3. Lindstøl, T. 1914. Oppslag «Kraft, Jonas» s. 506. Caspar Frederik Petersen var prest i Tveit frå 1751 til sin død i 1778. Sjå Dalan, S. 1947:72.Jf. kyrkjeboka for Ringebu 1752: Barnedåp for Jens Gulsruds barn Lisbeth. Der er Caspar Petersen fadder.]
  4. Professor Christen Smiths dagbok, Forerindring s XVII–XVIII.
  5. Portræter af udmærkede Nordmænd s. 18.

Kjelder og litteratur