Johan Turi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Johan Turi.

Johan Turi (fødd 12. mars 1854 i Kautokeino, død 30. november 1936 i Jukkasjärvi i Kiruna kommune i Sverige) var ein samisk kunstnar og forfattar som blir rekna for å vere den første samiske forfattaren som gav ut verk på samisk.


Den første boka hans, Muitalus sámiid birra, er framleis trulig det mest kjente samiske verket; ho er omsett til over ti ulike språk, blant anna til svensk, dansk, engelsk, tysk og japansk.

Ei viktig inspirasjonskjelde for Turi var den danske antropologen Emilie Demant Hatt, som sette han på idéen om å skrive ei bok om samane, og som omsette boka til dansk òg.

Dei siste åra har interessa for Johan Turi auka. Blant anna hadde universitetet i Umeå symposiumet Indigenous author - indigenous authority med Turi som tema i april 2004, og ein film om han hadde premiere i Kiruna den 3. november 2005.

«Helg i Kyrkbyn, Jukkasjärvi».

Bibliografi

Litteratur

  • Kuutma, Kristin: «Collaborative ethnography before its time : Johan Turi and Emilie Demant Hatt», i Scandinavian Studies, June, 2003

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Johan Turi» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.