Jostedal samfunnshus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Jostedal samfunnshus med Jostedal barnehage i høgre del av bygningen
Jostedal samfunnshus med skulen til høgre og Lioksli (snøkledd) bak

Jostedal samfunnshus i Jostedalen i Luster kommune er eit kommunalt samfunnshus, bygt 1986. Samfunnshuset er sentrum for det aller meste av den organiserte fysiske aktiviteten i Jostedalen og mykje av den kulturelle aktiviteten.

Initiativ i 1970-åra

Dei eksisterande forsamlingshusa bygde i 1920-åra var ungdomshusa Dølaheimen, Framheim og Bergheim (nedlagd). Spørsmålet om eit større samfunnshus kom opp i 1970-åra, og Luster kommune sette 30. mars 1979 ned ei byggjenemnd med Jan Kåre Norberg som leiar. Byggjenemnda fekk utarbeidd teikningar og plan for bygget, men prosjektet vart deretter liggjande hjå kommunen

Bygginga 1985-86

Kraftutbygginga frå 1984 var med på å få prosjektet på gli att, og i april 1985 tok byggjearbeidet til. Bygget vart lagt til området ved Jostedal skule på garden Bjørk og hadde ei kostnadsramme på 9,2 mill kr. Sommaren 1986 var bygget ferdig, og den offisielle opninga var 6. september 1986. I samfunnshuset vart det bygt storsal/gymnastikksal, matsal, kjøken og symjebasseng (12,5 m) med garderobeanlegg. I 1990 vart Jostedal barnehage bygd på i nordenden.

Bruk og seinare utbetringar

Salen i samfunnshuset vert brukt som gymsal av Jostedal skule, og skulen har symjeundervisning kvar veke i symjebassenget. Kjøkenet vert nytta dagleg av Jostedal barnehage, og skulefritidsordninga held til i storsalen og matsalen.

På ettermiddagane og kveldane er det stort sett faste trim- og idrettsaktivitetar i samfunnshuset 18-21 alle kveldar måndag til torsdag, dei fleste i regi av Idrettslaget Bjørn. Bassenget er ope om kveldane tysdag og onsdag. Desse dagane har òg Jostedal bygdelag drive ein vaffelkafe på dugnad sidan hausten 2001 (mellom haustferie og påske). Om vinteren er det òg skikarusell for ungar kvar tysdag i lysløypa. Aktivitetane kan samle mange titals born og vaksne, og dette gjer samfunnshuset til den fremste sosiale møteplassen i bygda.

Mange av dei større dugnadsbaserte arrangementa i Jostedalen skjer òg i samfunnshuset. Før jol gjeld det nissefesten i barnehagen og joletrefesten til skulen. Jostedal skule- og ungdomskorps har alle basarar, musikkafear og øvingshelger i samfunnshuset, og andre lag og organisasjonar har jamleg arrangement her. Av dei største tilstellingane er 17. mai der alt av aktivitetar og kulturprogram er lagd til samfunnshuset, Marknadshelgi til Jostedal ungdomslag i midten av juli og ungdomslaget sin store påskeaftafest med revy.

Samfunnshuset vert òg nytta fleire gonger årleg som ordinær konsertarena.

Ein ny klatrevegg (buldrevegg) på scena i salen vart opna 16. desember 2010, og i mars 2011 var kjøkenet totalrenovert. Til saman er dette dei største endringane i bygget sidan opninga.

Samfunnshuset med symjebassenget har sidan opninga vore drive av Luster kommune.

Uteanlegg

Utanfor samfunnshuset ligg fotballbana som hausten 2009 fekk kunstgras. Same året vart det òg bygt ballbinge utanfor samfunnshuset. Her ligg òg to sandvolleyballbanar.

Ei lysløype i området kring skulen og samfunnshuset vart bygt alt i 1978. Løypa er seinare noko utvida til knapt 2 km, og i 2010 vart det gjort eit større arbeid med planering og utskifting av alle lysarmatur.

Kjelder