Jostedal skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 10:26 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Jostedal skule

Koordinater: 61°36′14″ N 007°17′34″ Ø


Jostedal skule ligg på garden Bjørk i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Det er ein grunnskule med årsstega 1-7 i Luster kommune. Skulekrinsen femner om området som høyrde til den nedlagde Jostedal kommune. Frå 1. august 2012 har skulen og Jostedal barnehage gått saman i Jostedal oppvekstsenter.

Skulekrinsen vart skipa ved ei samanslåing av dei fem tidlegare skulekrinsane i Jostedalen: Myklemyr, Sperle, Kreken, Krundalen og Mjølverdalen. Aldrande skulebygg og minkande elevtal gjorde at spørsmålet om ei samanslåing kom opp i andre halvdel av 1950-åra. Skulehuset i Kreken krins på Bjørk var i 1957 så dårleg at helserådsordføraren greip inn og stengde det. Jostedal heradsstyre vedtok samanslåing til ein skulekrins i oktober 1960, men lokaliseringa valda problem. På det aller siste heradsstyremøtet i soga til Jostedal kommune, 27. desember 1962, vart det så vedteke at den nye sentralskulen skulle plasserast på Bjørk. Den nye skulebygningen stod ferdig hausten 1968 og er framleis i bruk. I skuletunet er det seinare bygt både samfunnshus med symjehall, lysløype, fotballbane (kunstgras) ballbinge, og Jostedal barnehage. Tett attmed ligg det gamle ungdomshuset Dølaheimen (1924).

I 1970 stod den nye Luster ungdomsskule i Gaupne ferdig, og det vart eit spørsmål om kvar elevane i 7. klasse (fyrste ungdomsskulesteg) skulle gå. Luster kommunestyre vedtok at 7. klassen skulle vere ved Jostedal skule frå hausten 1976, og denne ordninga stod ved lag til 1989. Eit lokalt initiativ i 1980-åra om å få full ungdomsskule i Jostedalen førte ikkje fram.

Skuleåret 2010-2011 er Jostedal skule tredelt med 26 elevar.

Skulen tok i 1977 til å gje ut Jostedal skuleavis, som seinare vart Jostedal skule- og bygdeavis.

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.

Eksterne ressursar


Koordinater: 61.603384° N 7.292674° Ø {{#coordinates:}}: kan ikke har mer enn én primærtagg per side