Kåre Lunden

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. mar. 2017 kl. 12:44 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Kåre Lunden (fødd 8. april 1930 i Naustdal, død 18. juli 2013) var blant etterkrigstidas mest innflytelsesrike historikarar i Noreg. Han vart tidleg i karrieren kjend for sin vilje til å snu om på aksepterte teoriar, og til å stå på sitt i debatten som følgde. Ikkje minst vart han kjend for på fruktbart vis å integrere teori og tenkjemåtar frå andre samfunns- og kulturfag, særleg sosialantropologien, i studiane av det gamle samfunn.

Kåre Lunden hadde eit sterkt samfunnsengasjement. Både i historieforskinga og elles hadde han eit grunnsyn som kan seiast å vere nasjonalt, folkeleg og demokratisk.[1]

Bakgrunn

Lunden var son av småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden og Hilda Simonsdotter Indrekvam. Kåre var nest eldst av fem søsken. Yngste søstera Eldrid Lunden har markert seg som ein nyskapande lyrikar, medan broren Olav Lunden (1937-2011) var lektor. Kåre Lunden vart i 1959 gift med Reidun Tordis Renaas, som var apotekar.

Lunden vaks opp på småbruket Floten av Furehaugen i Naustdal i Sunnfjord. Han tok artium ved Firda landsgymnas i 1950. Så studerte han ved Norges Landbrukshøgskole, der han vart uteksaminert som sivilagronom i 1957. Etter nokre år som sekretær i Kyrkje- og undervisningsdepartementet byrja han i 1963 å skrive om Heggen og Frøland i mellomalderen. Det vart både hovudfagsoppgåva hans i historie, og vart utgjeve som eit band av bygdeboka for Heggen og Frøland i 1965, same året som han tok hovudfag i historie. Enno medan han las til hovudfag, vart han i 1964 tilsett ved Norsk lokalhistorisk institutt, og i 1966 byrja han å arbeide på Norges Lærerhøgskole i Trondheim. I 1971 byrja han ved Universitetet i Oslo, og der vart han verande til pensjonsalderen. Han var fyrst lektor, og vart i 1976 professor. Denne stillinga sat han i til 1997.

Lokalhistorikaren

I hans tidlege historikarkarriere står det lokale perspektivet sterkt. Bygdeboka frå Heggen og Frøland, doktoravhandlinga Kvantitative og teoretiske studier i eldre norsk bondesoge (1975) og Korn og kaup (1978) kan sjåast som ein vidareføring av tradisjonen frå Andreas Holmsen, med vektlegging av agrarhistoria og det lokale. Han gav gjennom sin karriere óg ut fleire verk som ikkje så direkte kan setjast inn i denne tradisjonen. Men med sitt siste store verk, Frå svartedauen til 17. mai. Norges landbrukshistorie 1350–1814 (2002), var han attende i Holmsen-tradisjonen – som han gjennom sitt arbeid hadde gjort til sin eigen.

Ein nytenkjande historikar

Han nytta óg kunnskapane frå agrarhistoria til å tenkje nytt om andre emne. I boka Norge under Sverre-ætten 1177–1319 (1976) berekna han den totale energiproduksjonen i landet, og gjorde overslag over overføringane frå produsentar til makthavarar. Såleis kunne han vise at utbytting fann stad, og at det var denne utbyttinga som sikra det kongelege og aristokratiske maktapparatet. Han har fremja liknande synspunkt i debatten om dei økonomiske tilhøva i dansketida. Han hevda at den økonomiske veksten i Noreg ikkje kunne skuldast heilstaten, men auka norsk eksport. Han hevda óg at skattetrykket var høgt, og at brorparten av staten sine inntekter hamna i Danmark. Lunden tok óg del i debatten om 1814, der han inspirert av Ernst Sars hevda at den nasjonale fridomen ikkje kom utanfrå, men bygde på ein indre framvekst av ein eigen norsk identitet. Her vart han ståande i opposisjon til Jens Arup Seip og andre som hevda at Noreg fikk fridomen utanfrå som gåve.

Totalt publiserte åre Lunden 432 bøker, artiklar, kåseri og andre bidrag.

Samfunnsengasjement

Mal:Thumb høyre I sitt politiske engasjement, som særleg kom til synes under EU-debatten i 1994, sette han opp den vestlandske bondefornuften som eit motstykke det den internasjonale urbanismen. Lunden hevda at nasjonalismen var noko positivt, så lenge den ikkje retta seg mot andre nasjonar. Debatteknikken hans var ofte krass, men alltid med eit sterkt fagleg standpunkt. Han var ein aktiv politisk skribent. I dei siste åra skreiv han særleg i Klassekampen.

Ved sida av arbeidet som historikar omsette Kåre Lunden Geoffrey Chaucers forteljinger og vers frå mellomalderengelsk til nynorsk. I 1995 fekk han Språkrådets språkpris. Han mottok óg Klassekampens kulturpris Neshornet i 2008. Lunden var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Etter å ha levd ei tid med Parkinsons sjukdom døydde Lunden 18. juli 2013. Han var inntil det siste aktivt med i planlegginga av 200-årsmarkinga for Grunnlova i 2014.

Kåre Lunden er gravlagt på Høybråten kirkegård i Oslo.

Referansar

  1. NBL: «Kåre Lunden»

Kjelder