Kinsarvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv fra Kinsarvik fergekai, med en av de 100 vedtatt bevarte telefonkioskene i forgrunnen.
Foto: Knut Kjørkleiv (2018)

Kinsarvik er ein tettstad og administrasjonssenter i Ullensvang herad i Hordaland, om lag fire mil nord for Odda. Staden var tidlegare kommunesenter for Kinsarvik kommune Det er drygt 550 innbyggjarar i tettstaden (2016).

Namnet kjem av at elva Kinso renn ut i ei vik i Hardangerfjorden i Kinsarvik. Elvenamnet kjem frå 'kinn', som tyder 'bratt fjellside'.

Staden har ei naturleg hamn der Hardangerfjorden og fjordarnemn Sørfjorden møtast. Det har òg i lange tider gått veg frå Kinsarvik over Hardangervidda. Dette førte til at staden vart eit handelssenter, og det heiter seg at det var ein kaupang i Kinsarvik, som vart øydelagd av brann. Under arkeologiske utgravingar har ein funne ein rekke gjenstandar frå mellomalderen.

Av viktige arbeidsstader i Kinsarvik kan nemnast Hardanger Bestikk og ei avdeling av Statens Kartverk, og sjølvsagt Ullensvang rådhus og fleire kommunale tenester.

Riksveg 13 går gjennom Kinsarvik, og det er ferjesamband til Utne og Kvanndal og snøggbåt til Norheimsund, Lofthus, Eidfjord, Ulvik og Utne. Ferjesambandet Kinsarvik–Utne–Kvanndal var tidlegare den viktigste ferdselsåra over Hardangerfjorden for trafikk til og frå riksveg 7 over Hardangervidda. I dag går det meste av denne trafikken gjennom Vallaviktunnelen og over ferjesambandet Bruravik–Brimnes.

Litteratur og kjelder