Kjeldearkiv:Strånota

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strånota
Knut01.jpg
Knut brukar garn og får fisk
Foto: Kjell Oddvar Høydalsvik
Kjeldeinformasjon
Navn: Knut Høydalsvik
Født: 29. september 1918
Død: 20. desember 2009
Sted: Høydalen (Volda)
Tidsrom: 1920- og 1950-åra
Nedtegnet: 1990-2009
Metode for nedtegning: Eigenforfatta
Beskrivelse: Kjøp av not, fiske etter makrell og sild. Avskrift av handskrive manus ved sonen Stein Høydalsvik.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Då eg var liten, stod det eit lite naust i fjøra eit stykke ut for Hansnaustet. I det naustet stod det ein liten notbåt, og der hong ei seidenot. Den var av grov tråd, og stort band. Den var ikkje brukt lenger då. Men før den tid var den vistnok brukt når seien gjorde landgang, men det skjedde ikkje so ofte lenger.

Dei som eigde nota var Vikekarane og Midgarden. Um Bakkane var med er eg ikkje sikker på. Her inne i Vikane gjekk dei og såg på kor makrelen for og rende kring land, men nøtene ein hadde var for små til å kunne ta han. Hans- og Jakobgarden og Midgaren hadde ei not i lag. Me kalla dei trekløveren. Deira not var større enn vår, men det var sjeldan at dei greidde å ta makrell, for ho også var for lita, og vår var berre til å ta botnfisk med.

Etter overeinskomst med dei andre Vikekarane, baud han Ola på not og båt og naust, og han fekk tilslaget. Kva prisen var veit eg ikkje sikkert, men eg trur at det var 100 kr. Dette var i den verste tida, då det nesten ikkje fanst penger mellom folk, i tida mellom 1925 - 1930.

Då det gjekk upp for han i Midtgaren at me alle i Vikane var med, kalla han Ola for stråmann, og nota for strånota. Det namnet hadde ho so lenge ho eksisterte. Me flytta naustet dit som Olanaustet nr. 2 er no. Me kjøpte brukt sildesnurpenot av lin, og sette inn i midten av nota, og brukte noko av det gamle i endene av nota. Jau me tok ein heil del makrell, den makrelen som var her då, var såkalla sildegarnmakrell. Den var mellom 20-25 cm lang. Me leverte til Fiskehandlar i Volda, men prisen var låg, kanskje 15-20 kr for kassa. Han Migard likte ikkje dette. Ofte når det var makrell som viste seg, å me låg å passa på, so kom han roande, la seg til å pilke, og skræmde makrelen. Men han kunde ikkje passe på altid, so det var no ikkje noko stort problem.

Me såg snart at me måtte lage nota større, men då måtte me ha større båt. Me bygde då ein ny båt og kjøpte ein brukt bensinmotor. Den verka stort sett bra. Me skifta ut alt av den gamle nota og forlengde nota. Det hende at me tok sild også, og det lønte seg betre enn makrelen. Det vart då murring frå dei andre i notlaget (Høydal notlag), og det er no forståeleg. Det enda med at laget vart delt.

I mellomtida hadde Høydal notlag kjøpt ein gamel notbåt med ein forhistorisk motor. Den gjekk sjeldan når det gjalt som mest, og skaut som ei kanon. Den fekk namnet Trollet. Dei andre i laget overtok Trollet og nota. Me kjøpte eit nedlagt landnotbruk på Sunde, med to notbåtar. So då hadde me og not, men diverre minka det no på silda. Den eine notbåten selgde me til Arne Johannes. Dei andre bygde seg notnaust ute i Stranda. Men det vart ikkje nokon stor suksess for nokon av partane, og båe laga vart avvikla.

Me selgde båten til Arne Johannes, og det andre laget selgde Trollet til nokre karer burt i Ørsta. Dei kom seg ut til Bjerkneset, men der sokk han rett ned, og det var vel kanskje det beste. Folk fekk no anna å gjere enn å passe på um det var noko som viste seg på sjøen. No var det full drift både på båtbyggeriet og på fabrikken, og ei tidsepoke var over.