Kreken (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Kreken
Alt. namn: Kjeppe, Kriken
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 199

Kreken (Luster, gnr. 199) (tidl. Kjeppe) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Kjervik og i nord mot Espe.

Kreken var fram til 1968 òg namnet på ein skulekrins i Jostedalen, og garden har gjeve namnet til i Krekagrendi (Krekane) som femner om gardane på austsida av Jostedøla frå Bjørk til Espe.

Frå Kjeppe til Kreken

Garden er nemnd i den eldste skattelista etter øydetida (1596) med namnet Kieppe, som var det vanlege namnet på garden til fyrst på 1700-talet. «Kreken» (Kregen) vart til andre halvdel av 1600-talet nytta som namn på Kjervik. Men etter at Kjervik-namnet kom i bruk på den garden, tok Kreken gjennom 1700-talet over som namn på Kjeppe.

Bruk

Kreken var delt i to bruk ca 1722-30 og ca 1740-48, men var deretter drive som eitt bruk. Bruka har seinare vore:

  • Bnr. 1 Kreken - det opphavlege bruket
  • Bnr. 2 Kreken - fråskild ved delingsforretning 15.10.1852 då bnr. 1 vart delt i to jamstore delar
  • Bnr. 3 Kveane - husmannsplass fråskild bnr. 2 ved delingsforretning 22.4.1887
  • Bnr. 4 Bøen - fråskild bnr. 1 ved delingsforretning 10.5.1894

Husmannsplassar

Det har vore fire husmannsplassar under Kreken:

  • Kårstova - stovehuset i hovudtunet som stod att etter det nedlagde bruket etter samanslåinga kring 1748. Dette var fyrst heim for ein kårmann frå Bjørk før det vart nytta som stovehus for ymse plassfolk fram til kring 1823 då plassen vart nedlagd.
  • Kveane - rydda kring 1834, plass under bnr. 2 (til 1852 under bnr. 1), fråskild som bnr. 3 Kveane i 1887.
  • Sauebakken (Hansabakken) - rydda kring 1842, plass under bnr. 1, nedlagd seinast 1903.
  • Holet (Russedal) - rydda kring 1874, plass under bnr. 1, nedlagd kring 1900.

Personar frå Kreken

Kjelder og litteratur