Kyrkjelii 8 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. mar. 2017 kl. 23:12 av Siri J (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjelii 8
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 32
Type: Bustadeigedom
Adresse: Kyrkjelii 8

Kyrkjelii 8 er ein bustadeigedom i Bykle. Bykle kommune sette opp huset her, etter at tomta var utskild frå gnr 13, bnr 30 i 1985. Dei fyrste som budde her var Arne Tronsen og Gunnveig Kaarvann, som var her i åra 1985-93. Desse er nøyare omrødde i bolken om Suistuggu, gnr 15, bnr 57.

Kven som var her i dei nestfylgjande åra, har me ikkje funne ut, men i 1997 kaupte tannlækjaren Finn Qvale og kona hans huset hjå Bykle kommune, og flutte hit.

  • Finn Qvale, f 1949
g 1991 m Irene Solberg, f 1964. Born:
  • Anny, f 1996
  • Sofie, f 1998

Finn Qvale er frå Oslo, og son åt Walter og Anne Sofie Qvale. Han var ferdig cand. odont. i 1975, og arbeidde fyrst i Nord-Noreg i mange år, inntil han kom til Bykle i 1989. Dei fyrste par åra budde han i eit hus i Bjårlii, men etter at han gifte seg i 1991, flutte han og kona inn i eit hus i Nedre Sarv, Bjørkmyr, gnr 15, bnr 79, og budde der inntil dei flutte hit. I 2001 selde dei bustaden, og flutte til Farsund.

Irene Solberg Qvale er frå Vanse, og dotter åt Anny og Einar Solberg. Ho er utdanna som aktivitør, og arbeidde på Bykle bygdeheim.

Dei som kaupte huset av Qvale/Solberg var Åsmund og Klara Tveiten.

  • Åsmund Gunnarsson Tveiten, f 1966
g 1994 m Klara Mjåland, f 1971. Born:
  • Eirik, f 1995
  • Ingrid, f 1998

Klara er frå Byremo. Foreldra hennes heiter Arvid og Ragnhild Mjåland. Ho arbeider på Carbide Tools A/S.

Åsmund er frå Fådapen, gnr 14, bnr 20, og son åt Gunnar Tarjeisson Tveiten og kona, Astrid Åvoldsdotter, fødd Byklum. Han har også dottera Veronica, f 1989. Mor hennes heiter Janita Saltnes, og bur i Risør, medan Veronica bur hjå Åsmund og Klara. Åsmund arbeider som ambulansesjåfør (2006).


0941 Bykle komm.png Kyrkjelii 8 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kyrkjelii 6 • Neste bolk: Kyrkjelii 4