L/L Vik Båtbyggeri: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(retta lenke)
Linje 19: Linje 19:
! 7. Eigar
! 7. Eigar
|-
|-
| [[Dolstind]] M-47-S
| [[L/L Vik Båtbyggeri#Dolstind|Dolstind]] M-47-S
| 1909, klinkerbygd Mk
| 1909, klinkerbygd Mk
| 36,4/12,7/ 7,6  
| 36,4/12,7/ 7,6  

Sideversjonen fra 1. mai 2010 kl. 17:24

L/L Vik Båtbyggeri vart etablert som lutlag (aksjeselskap) i Høydalen i Volda i 1946 av brørne Rasmus J. Høydalsvik (1910-2005) og Håkon J. Høydalsvik (f. 1922) og nokre mindre aksjonærar. Minst to generasjonar før desse to brørne frå Jakobgarden i Høydalsvikane dreiv med båtbygging i kombinasjon med gardsdrift og vinterfiske.

Utover 1900-talet dreiv dei med båtbygging både under stabburet og i kjellaren på våningshuset i Jakobgarden. Det var helst færingar dei produserte. Rasmus Høydalsvik arbeidde ved Brastads Skipsbyggeri i Brattvåg frå 1937 for å lære å bygge større båtar, og da kirgen kom flytta han attende til Høydalen og begynte å bygge båtar i naustet på garden.

Dette var utgangspunktet for stiftinga av lutlaget, som dreiv omfattande med 10-15 mann i arbeid først i 1950-åra under dei gode tidene for sildefisket. Dei dreiv både nybygg, reparasjonar og ombyggingar. Men da det fisket gjekk attende, vart òg verksemda redusert.

Først i 1970-åra gjekk så Vik Båtbyggeri i gang med å bygge båtar med laminerte spant, som det første på Sunnmøre. Men trebåtbygginga leid mot slutten, og sjølv om bedrifta prøvde seg med å bygge både i plast og aluminium, vart ho avvikla i 1995.

Om båtar og båtbygging

Prøve på oversikt båtar som er bygde eller reparerte ved Vik båtbyggeri. Opplysningar henta frå «Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster» vert sett i tabellen forkorta til F.reg og årstal, dersom plass. Båtar bygde før 1970, om ikkje anna er nemnt, er bygde på dublingspant og som kravelte kryssarar. Etter kvart vert det lagt inn opplysningar lenkja til namnet på båten. Difor treng ein opplysningar frå publikum, så ta kontakt.

1. Namn / nr[1] 2. År / type[2] 3. Mål [3] 4. Byggestad[4]) 5. Motor[5] 6. Andre opplysningar 7. Eigar
Dolstind M-47-S 1909, klinkerbygd Mk 36,4/12,7/ 7,6 Bjørkedalen Bolinder/?/25 F.reg 1922 Partr. Johan Våge
Sigfred N-20-BR 1948/Mkr 57,5/ 16,7/ 8,5 Vik Båtbyggeri, Høydalen Volda/ 1948/ 50 F.reg 1952 Arne Iversen, Toftsundet
Høydølen M-47-HØ 1950/ Mkr 46,0/ 15,0/ 7,5 Vik Båtbyggeri, Høydalen Volda/ 1950/ 50 Galgedekk og davitar på B.b. Olav Skorpen m/fl Flåver
Gjerdsvik M-15-S 1953/ Mkr 47,8/ 14,9/ 6,9 Vik Båtbyggeri, Høydalen BK/ 1958/ 120 Galgedekk og davitar på B.b. Øystein Gjerde m.fl. Gjerdsvik
Nybør M-24-S 1954/ Mkr 56,5/17,3/ 8,3 Vik Båtbyggeri, Høydalen Finnøy/ 1954/ 100 Galgedekk og davitar på B.b. Hjlamar Longva m.fl. Haugsbygda
Arne Longva M-25-S 1955 Mkr 59,8/ 17,3/ 8,9 Vik Båtbyggeri, Høydalen Volda/ 1955/ 100 Galgedekk og davitar på B.b. Leiv Longva, Gjerdsvika

Forklaringar til kolonnene i tabellen øvst på sida

Viss ein har rettingar / tillegg til informasjonen i tabellen, kan den òg gjevast under diskusjon øvst på side. Da vil ein av dei opphavlege skrivarane redigere den inn på rett stad i tabellen.

  1. Her skriv ein inn namnet og -kjennemerke på båten. Det gjeld både «offisielt» namn t.d. i fiskeriregisteret samt forskjellige «utnamn» båten er kjent under i lokalsamfunnet.
  2. Gjeld byggeår, år for reparasjon og båttype.
  3. Gjeld lengde, breidde og djupne.
  4. Verft / båtbyggeri
  5. Namn, byggeår, -stad og hk

Dolstind

Dolstind var bygd på Bjørkedalen i 1909 som heksbåt, kutter. Den var; lengde/ breidde/ djupte i fot; 36,4/ 12,7/ 7,6. Motor var Bolinder 25 hk og båten hadde 2 stk. fiske og fangstbåtar. Båten var den gong bygd for Partsreiarlaget Johan Våge m. fl. Sandshamn. Båten sokk i 1934, men vart oppatt bygd ved Ulstein verft i 1935. for Ragnvald Våge m.fl. Sandshamn. På grunn av regelverket fekk dei ikkje bygge heilt nytt, difor måtte nokre spantendar frå den gamle båten vera med i det nye skroget. Det er nok regelverket som gjer at det er kalla reparasjon i diverse arkiv. Lengda på båten vart då ca 53 fot. iflg. Ulsteinverftet som gjorde arbeidet. Br. 14,4, dj. 7,2. Motoren er fortsatt Bolinder 25 hk. I 1948 vart båten forlengd for same eigarane, Ragnvald Våge m.fl. Det vart utført ved Vik båtbyggeri, og lengda er 62 fot eller 18,85 m. Breidde og djupne som før. Lengda kan målast på fleire måtar, her kan det vera brukt frå forstamn til atterkant rekkelining, som er feil på kutter. Kutter skal målast frå forkant på forstamn til atterkant atterstamn. Det kan fort utgjera ca 2 fot. Motor er i fiskeriregisteret for 1952 Wichmann 1946 50hk. I fiskeriregisteret står at båten etter oppattbygging i 1935 var 44,5 fot lang. Etter forlenging i 1948 er alle opplysningar samanfallande, ca 62 fot. Forlenging frå 44,5 fot til 62 fot er nok ikkje truleg på ein så liten båt. Ulsteinverftet som bygde opp båten i 1935 har gjeve opp ei lengd på ca 53 fot. Dermed så vert forlenginga på ca 7 fot, og då ser det normalt ut. Ein gong på 1950 talet fekk båten nytt styrehus, kvar det var bygt er ikkje kjendt til denne tid. I 1972 kjøpte Rasmus Vorren, f.25.03.1932. d.12.01.2010, båten. Siste tida stod der ein Scania DS 11 motor om bord. Båten heitte frå fyrst av Dolstein, men ein gong mellom 1940 og 1952 vart namnet endra til Dolstind. Det var fordi ein annan båt hadde same namn. John Åge Smenes frå Bergenskanten kjøpte båten i 2006. Båten vart restaurert, men i 2009 brann han opp.

Kjelder

  • Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster
  • Robert Vorren, son til siste eigar i Sande


Bilde

  • MB «Dølstind» bygd i Bjørkedalen 1909, ombygd i Ulstein i 1935, forlenga på Vik Båtbyggeri 1948


Litteratur