L/L Vik Båtbyggeri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

L/L Vik Båtbyggeri vart etablert som lutlag (aksjeselskap) i Høydalen i Volda i 1946 av brørne Rasmus J. Høydalsvik (1910-2005) og Håkon J. Høydalsvik (f. 1922) og nokre mindre aksjonærar. Minst to generasjonar før desse to brørne frå Jakobgarden i Høydalsvikane dreiv med båtbygging i kombinasjon med gardsdrift og vinterfiske.

Utover 1900-talet dreiv dei med båtbygging både under stabburet og i kjellaren på våningshuset i Jakobgarden. Det var helst færingar dei produserte. Rasmus Høydalsvik arbeidde ved Brastads Skipsbyggeri i Brattvåg frå 1937 for å lære å bygge større båtar, og da kirgen kom flytta han attende til Høydalen og begynte å bygge båtar i naustet på garden.

Dette var utgangspunktet for stiftinga av lutlaget, som dreiv omfattande med 10-15 mann i arbeid først i 1950-åra under dei gode tidene for sildefisket. Dei dreiv både nybygg, reparasjonar og ombyggingar. Men da det fisket gjekk attende, vart òg verksemda redusert.

Først i 1970-åra gjekk så Vik Båtbyggeri i gang med å bygge båtar med laminerte spant, som det første på Sunnmøre. Men trebåtbygginga leid mot slutten, og sjølv om bedrifta prøvde seg med å bygge både i plast og aluminium, vart ho avvikla i 1995.

Om båtar og båtbygging

Prøve på oversikt båtar som er bygde eller reparerte ved Vik båtbyggeri. Opplysningar henta frå «Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster» vert sett i tabellen forkorta til F.reg og årstal, dersom plass. Båtar bygde før 1970, om ikkje anna er nemnt, er bygde på dublingspant og som kravelte kryssarar. Etter kvart vert det lagt inn opplysningar lenkja til namnet på båten. Difor treng ein opplysningar frå publikum, så ta kontakt.

1. Namn / nr[1] 2. År / type[2] 3. Mål [3] 4. Byggestad[4]) 5. Motor[5] 6. Andre opplysningar 7. Eigar
Dolstein M-47-S 1909, klinkerbygd Mk 36,4/12,7/ 7,6 Bjørkedalen Bolinder/?/25 F.reg 1922 Partr. Johan Våge
Dolstein M-47-S 1935 Mk, kravelb. 44,5/ 14,4/ 7,2 Ulstein v/ Martin Ulstein Bolinder/?/ 25 F.reg 1940. verftet oppgir ca 53 fot lengde. Ragnvald Våge m.fl. Sandshamn
Dolstind M-47-S 1935/ 1948 Mk, kravelb. 62,0/ 14,4/ 7,2 L/L Vik Wichmann/ 46/ 50 F.reg 1952.Forlengd. Galged. davitar b.b. Ragnvald Våge m.fl. Sandshamn
Sigfred N-20-BR 1948/Mkr 57,5/ 16,7/ 8,5 L/L Vik Volda/ 1948/ 50 F.reg 1952 Galgedekk og davitar på b.b. Arne Iversen, Toftsundet
Høydølen M-47-HØ 1950/ Mkr 46,0/ 15,0/ 7,5 L/L Vik Volda/ 1950/ 50 Galgedekk og davitar på b.b. Olav Skorpen m/fl Flåver
Gjerdsvik M-15-S 1953/ Mkr 47,8/ 14,9/ 6,9 L/L Vik BK/ 1958/ 120 Galgedekk og davitar på b.b. Øystein Gjerde m.fl. Gjerdsvik
Nybør M-24-S 1954/ Mkr 56,5/17,3/ 8,3 L/L Vik Finnøy/ 1954/ 100 F.reg 1962. Galgedekk og davitar på b.b. Hjlamar Longva m.fl. Haugsbygda
Arne Longva M-25-S 1955 Mkr 59,8/ 17,3/ 8,9 L/L Vik Volda/ 1955/ 100 Galgedekk og davitar på b.b. Leiv Longva, Gjerdsvika
Straumingen N-89-F som før m.18,32/ 5,7 L/L Vik Caterpilar/ 84/ 326 Tidlegre Arne Longva f.reg 1996 Straumingen P/R, v Torstein Hansen, Ramberg
Dyrhaug M-470-HØ 1957 Mkr 68,3/ 19,2/ 9,2 L/L Vik Wichmann/ 51/ 120 Kaising i full høgd, galgedekk på begge sider.Davitar på b.b. Rolf Dyrhaug Moltutranda
Speser ikkje f.reg 1928 Mkr ca. 90 fot etter ombygging Holms verft/ L/L Vik Volda/ ?/ 130 Ombygging 1960 Malvin Eriksen, Melbu
Hai M-94-HØ ca 1916 Mk F.reg. 1968 53,8/ 16,1/ 7,4 Romsdal/ L/L Vik Daf/ 1964/ 86 ca. 1961 nytt overbygg, lugar og kahytt m.m. Peder G. Leine m.fl.
Hendig M-47-HØ 1968 Mkr 36,8/ 11,4/ 4,9 L/L Vik DAF/ 1964/ 86 F.reg1976. Rorhus framme Olav A. Skorpen
Mot M-38-A 1972 Mkr 41,2/ 13,7/ 5,7 L/L Vik GM/ 1965/ 170 Laminerte spant, heilbakk. Osvald Karlsen, Langevåg
Nymo M-59-G 1973 Mkr m.13,5/ 4,1/ 1,7 L/L Vik Volvo/ 1973/ 195 F.reg 1978. Bygt på laminerte spant, halvbakk. Nils J. Valderhaug
Nilfisk M-4-G 1974 Mkr m. 16,8/ 5,0 L/L Vik Dautz/ 1967/ 212 F.reg 1978. Laminerte spant,dkkshus i aluminium Kjell E. Molnes m.fl. Vigra
Selnes M-342-H ca 1961 Mkr 43,2/ 13,4/ 5,2 ?/ L/L Vik Nogva/ 1961/ 25 F.reg 1976. forlengd Ole Nygård m.fl. Syvikgrend

Forklaringar til kolonnene i tabellen

Viss ein har rettingar / tillegg til informasjonen i tabellen, kan den òg gjevast under diskusjon øvst på sida. Da vil ein av dei opphavlege skrivarane redigere den inn på rett stad i tabellen.

  1. Her skriv ein inn namnet og -kjennemerke på båten. Det gjeld både «offisielt» namn t.d. i fiskeriregisteret samt forskjellige «utnamn» båten er kjent under i lokalsamfunnet.
  2. Gjeld byggeår, år for reparasjon og båttype: Mk - motorkutter, Mkr - motorkryssar, Må - open motorbåt(
  3. Gjeld lengde, breidde og djupne. Vanleg skrift norske fot, kursiv engelske fot, meter m før tal
  4. Verft / båtbyggeri
  5. Namn, byggeår, -stad og hk

Kjelder


Bilde

  • MB «Dolstind» bygd i Bjørkedalen 1909, ombygd i Ulstein i 1935, forlenga på Vik Båtbyggeri 1948

Litteratur