Langeleik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fru Frydenberg spelar langeleik.
Foto: Jac Brun (1957).

Musikkinstrumentet langeleik er ein norsk sitertype. Det har ei lang og smal resonanskasse med ein melodistreng med faste tverrband under (kalla hørpønota), og fleire bordunstrengar. Instrumentet vert òg kalla langleik, langhørpu og langspill. Langeleiken vart truleg utforma tidleg på 1500-talet, inspirert av borduninstrument frå mellomalderen. Den eldste langeleiken ein kjenner er datert til 1524.

På eldre langeleiker kan tverrbanda markere andre tonerekkjer enn dei felleseuropeiske, diatoniske skalaane, og ha opp til sju bordunstrengar.

Ein speler grunnrytma med plekter i høgre hand, medan dei tre midtre fingrane på venstre hand avkortar melodistrengen og artikulerer meloditoner med slag og knips mot strengen. Ein kan òg slå an toner med plekter med einskilde bordunstrengar, noko som særleg er vanleg i klokkelåtar.

Tidlegare vart langeleiken særleg spela av kvinner, og var kjend over heile landet. Særleg i Valdres har tradisjonen overlevd, ein av tradisjonsberarane derifrå er Olav Snortheim (1911–1988) frå Midtre Snortei i Vestre Slidre. I 2014 fekk langeleikspelaren Ole Aastad Bråten kongepokalen på landskappleiken. I seinare år har vorte meir populær i både pop- og folkemusikken, med til dømes artistar som Little Steven og Valkyrien Allstars.

Litteratur

Eksterne lekkjer