Luster kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 13:54 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Luster kommune
1426 Luster komm.png
Basisdata
Historisk(e) navn Lyster
Kommunenummer 1426
Fylke Sogn og Fjordane
Kommunesenter Gaupne
Areal 98.11  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 98.11  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Sammenslåing(er) 1963: Jostedal kommune
1963: Hafslo kommune
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførarar

Luster kommune er ein kommune som ligg langs Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden, i Sogn og Fjordane. Kommunesenteret er Gaupne. Kommunen grensar til Skjåk, Lom og Vang i Oppland, og til Årdal, Sogndal, Jølster og Stryn i Sogn og Fjordane.

Kommunen er den største i fylket og femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen.

Kommunen fekk utbreiinga han har i dag i 1963, då kommunane Hafslo, Jostedal og Luster vart slegne saman.

Luster var fram til 2004 òg namn på eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde sokna Nes, Dale og Fortun. Fram til 1967 høyrde òg Gaupne sokn til prestegjeldet, det vart då overførd til Jostedal prestegjeld. Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Frå 2004 har den lokale prestetenesta vorte organisert av prosten i Indre Sogn prosti.

Mellomalderkyrkjene Urnes stavkyrkje og steinkyrkja Dale kyrkje ligg i Luster kommune.

I 1901 ble Gerhardine Helene Fredrikke Paasche valgt inn på upolitisk liste som første kvinnelige kommunestyrerepresentant i Luster.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!